Religion

Kyrkjerådet ber om fortgang i endring av gravferdsliturgien

DEN NORSKE KYRKJA: Eit samla Kyrkjeråd ynskjer å revidere gravferdsliturgien, og det så raskt som råd.

– Er verkeleg Kyrkjemøtet om tre år det raskaste me greier å få det til? Eg synest det er lenge å vente på ei sak me er såpass einige om at er viktig.

Det sa Karin-Elin Berg, nestleiar i Kyrkjerådet under kyrkjerådsmøtet fredag.

Tidlegare denne veka skreiv Vårt Land om at fleire ynskjer seg ei endring av dagens gravferdsliturgi i Den norske kyrkja (DNK), og at Kyrkjerådet skulle ta stilling til om dei ynskjer ein gjennomgang av liturgien.

I dag blei dette vedtatt.

– Me ser at tala på dei som vel gravferd i Den norske kyrkja går ned. Så er spørsmåla, kva skuldast det, kva kan kyrkja gjera med det, og kva er det heilt avgjerande at kyrkja har med i ei gravferd, har Jan Christian Kielland, avdelingsdirektør i Kyrkjerådet, tidlegare sagt til Vårt Land.

Må få ja frå biskopane

Men vegen vidare er korkje rett fram eller kort. I framlegget til vedtak stod det at ein ville vedta ny liturgi på Kyrkjemøtet våren 2027.

Dette var alle i Kyrkjerådet samde om at var for treigt, og la heller inn at ein ynskjer å vedta ein revidert liturgi «så raskt som mogleg».

Men det er ikkje utan grunn at det er foreslått ein lang tidshorisont på saka. Som ein av hovudliturgiane i Den norske kyrkja må gravferdsliturgien gjennom den mest omfattande sakshandsaminga kyrkja har i liturgisakar.

Innan den blir vedtatt tid må saka nemleg på bordet til Kyrkjerådet fleire gonger. I tillegg skal den ut på høyring, og det er Nemnd for gudstenesteliv som skal utarbeide eit forslag til liturgi.

Dette er fagnemnda til Kyrkjerådet i saker som handlar om liturgi. Medlemmane blir valt av Kyrkjerådet, i tillegg til at éin biskop og ein representant oppnemnt av Samisk kyrkjeråd sit i nemnda.

Men aller fyrst må Bispemøtet, eit organ der alle biskopane i DNK sit, gå god for at også dei ynskjer seg ei revidering av liturgien. Saka skal opp på Bispemøtet sitt møte i februar.

Vedtek dei å gå inn for ein gjennomgang av liturgien får også biskopane saka på bordet sitt i fleire omgangar.

Kommersielle aktørar

Litt av bakteppet for ynskje om ei endring er at det er gjennom forsking, spørjeundersøking og tilbakemeldingar til tilsette har komme fram at mange ynskjer seg meir fleksible og persontilpassa gravferdsseremoniar enn det det er rom for i Den norske kyrkja i dag.

Det kan mellom anna handle om musikkval og større plass til fokus på personen som har døydd.

Det er også ein tendens at pårørande ynskjer ein «mindre kristen» eller «ikkje så religiøs seremoni».

Øystein Magelssen, prost i Drammen og Lier, har i eit innlegg i Vårt Land tatt til orde for å endre dagens gravferdspraksis:

– Saman med oppslutninga om dåp og konfirmasjon vil bruken av kyrkjeleg gravferd avgjera kyrkjas vera eller ikkje vera som Noregs folkekyrkje. Derfor må me nøye sikre eit innhald og ei form på gravferdene som kommuniserer med dagens menneske og svarar til deira behov.

På den måten meiner han at ein kan unngå at gravferder blir overlatne til kommersielle aktørar, samstundes som ein tek vare på den teologiske substansen.

– Unikt høve til å forkynne

På Kyrkjerådsmøtet gav fleire uttrykk for at dagens liturgi er god, men at ein likevel ynskjer å sjå på ting som kan endrast. Eller som preses Olav Fykse Tveit sa det: «det handlar om korleis me kan ta vare på gullet vårt endå betre».

Fleire påpeika at ein ikkje ynskjer ein «mindre kristen» gravferdspraksis.

– I gravferder har me eit unikt høve til å forkynne evangeliet og håpet, sa Martha Kristine Ims.


Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion