Religion

Kan få ny gravferdsliturgi: Fleire ynskjer «mindre kristen» seremoni

DEN NORSKE KYRKJA: Denne veka vedtek truleg Kyrkjerådet ei revidering av gravferdsliturgien. Prest og gravferdskonsulent håpar på større fleksibilitet.

– Litt sett på spissen: ut med organisten, meir tillit til presten.

Slik oppsummerer og spissformulerer Arvid Stenum sine tankar om kva Den norske kyrkja (DNK) bør gjera med tanke på gravferder.

Stenum har drive gravferdsfirmaet Alpha Begravelse i Rogaland i over tjue år, og reknar det for kallet sitt å jobbe med gravferder.

Han har sjølv god erfaring med å tilby meir persontilpassa gravferdsseremoniar, men som likevel har kristent innhald. Men per i dag kan ikkje dette skje innanfor DNK sine rammer. Det skulle han gjerne sett at endra seg.

Og kanskje får han viljen sin. Denne veka vedtek truleg Kyrkjerådet at ein skal revidere gravferdsliturgien i DNK. Det er over tjue år sidan sist.

Litt sett på spissen: ut med organisten, tillit til presten.

—  Arvid Stenum, prest og gravferdskonsulent

Ynskjer «mindre kristen» seremoni

– Me ser at tala på dei som vel gravferd i Den norske kyrkja går ned. Så er spørsmåla, kva skuldast det, kva kan kyrkja gjera med det, og kva er det heilt avgjerande at kyrkja har med i ei gravferd, seier Jan Christian Kielland, avdelingsdirektør i Kyrkjerådet.

Jan Christian Kielland i Kyrkjerådet.

Han fortel at bakgrunnen for at ein no foreslår ei revidering av gravferdsliturgien mellom anna er resultat frå forsking, spørjeundersøking og tilbakemeldingar tilsette i kyrkja har fått.

Samla sett viser dette at mange spør etter meir fleksible og persontilpassa gravferdsseremoniar. Det kan mellom anna handle om musikkval og større plass til fokus på personen som har døydd.

Det er også ein tendens at pårørande ynskjer ein «mindre kristen» eller «ikkje så religiøs seremoni».

Men ifylgje den same forskingsrapporten skal ikkje desse to ynska nødvendigvis henge saman: «Heller kan det dreie seg om ei oppleving av at summen av salmar, tekstlesing, bøner og andre liturgiske element blir i meste laget, eller at språk og sjargong opplevast fjernt og irrelevant».

Nærmare fotfolket

Det samsvarar med erfaringane til gravferdskonsulent Stenum.

– Kyrkja har komme ganske langt i å framandgjera folk, meiner han.

Stenum nemner klede, språk og musikk, som døme.

– Me skal ikkje slutte å bruke orgelet, men kanskje me kan bruke det ni prosent av tida, i staden for nitti prosent, foreslår han.

– Me må koma nærare fotfolket, og vera kyrkje på ein slik måte at dei kjenner seg heime der, meiner Stenum.

I tillegg til å vera gravferdskonsulent er han ordinert prest i DNK, og har jobba frivillig som prest mellom anna i IMI-kyrkja, men han har aldri vore tilsett som prest i den norske kyrkja.

– Gje presten tillit

Gjennom firmaet tilbyr Stenum gravferdsseremoniar som ikkje høyrer til i eit spesifikt trus- eller livssynssamfunn. Han seier om lag to tredjedelar av desse likevel er kristne seremoniar.

23.06.22 Oslo. Alfaset krematorium til sak om gravferd.

– Me har enormt mange fleire kristne seremoniar no enn før.

Han seier mange startar med å seie at dei vil ha ein seremoni gjennom Human-Etisk Forbund, men når dei finn ut at ein kan ha ein kristen seremoni, men utan alle rammene og krava som DNK set, vel dei gjerne å ha andakt og kristne rammer rundt seremonien.

– Lat presten få litt meir spelerom. Lat han få den autoriteten, seier Stenum om ei potensiell endring av gravferdsliturgien i DNK.

– Eg trur alle prestar ynskjer at folk skal sjå Jesus. Kvifor skal me ikkje ha tillit til at dei gjer det på ein god måte, og tilpassar det menneska og lokalsamfunnet dei tener?

Tek fleire år

Ifylgje sakspapira Kyrkjerådet denne veka går ikkje gravferdsbyrå heilt frie for skuld for at DNK sine gravferdsseremoniar ikkje blir valgt.

Der står det at det ofte er byråa som fyrst får formidle til dei pårørande kva ei kyrkjeleg gravferd er: «I fleire tilfeller fører det til eit inntrykk hjå dei pårørande av at kyrkjeleg gravferd er eit rigid sett med regler, til forskjell frå andre moglege gravferdsrituale».

Kielland i sekretariatet i Kyrkjerådet fortel at det i utgangspunktet berre er kyrkja si lære som set grenser for korleis den nye gravferdsliturgien kan bli sjåande ut.

– Landar ein på at det er avgjerande at me har med mange av dei elementa som er med i dag kan ein ende opp med berre språklege justeringar. Eller ein kan tenkje meir radikalt, til dømes ved å gjera ting enklare eller meir fleksibelt, forklarar han.

Men det er uansett ein lang ved dit. Går alt etter planen skal Kyrkjemøtet i 2027 vedta ny gravferdsliturgi. Før den tid skal Nemnd for gudstenesteliv, Kyrkjerådet og Bispemøtet jobbe med saka i fleire omgangar.

Ein skal også ha ein høyringsrunde, der fleire skal få seie kva dei tenkjer.

Dilemma

– Risikerer ein å skulle tilpasse seg eit sekulært samfunn så mykje at ein mistar truverd og eigenart som kyrkje?

– Ja, det blir det sentrale dilemmaet i arbeidet framover. Me treng ei større samtale om det. Kva er avgjerande for ei gravferd i kyrkja, og kva kan me vera fleksible på, seier Kielland.

Han påpeikar at dette er store tema og at ein også kjem innpå spørsmålet om kva det er å vera folkekyrkje.

– Gravferd er der me møter den største breidda av folket. Me opplever at det er stort engasjement rundt saka, og det engasjementet blir viktig for å lande dette på ein god stad, meiner Kielland.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion