Religion

Nektar fritidstilbod for barn å bruke kommunalt bygg. Grunnen? Kyrkja bidreg med pølser og frivillige

TVEDESTRAND: Det populære Etter skoletid-tilbodet fekk blankt nei til å bruke det kommunale bygget disponert av «Innbyggernes hus». Styret ynskjer at huset skal vera «eit politisk og religiøst friområde», skriv Tvedestrandsposten.

Det heile starta som ein suksesshistorie for fritidstilbodet Etter skoletid, som blei dratt i gang av Tvedestrand folkebibliotek ved skulestart i august.

Prosjektet skal arbeide med utanforskap, og sørgje for ein stad å vera for barn i femte, sjette og sjuande klasse etter skuletid kvar tysdag. Der kan dei lesa bøker, få i seg ein matbit og ha trygge vaksenpersonar i nærleiken.

Tvedestrandsposten skreiv om saka fyrst.

Tiltaket er støtta av Nasjonalbiblioteket og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, skriv Dagen. I tillegg blei Den norske kyrkja i byen med, og stilte mellom anna med ungdomsprest og barnediakoniarbeidar som er til stades.

Kyrkja skal ifylgje avisa også ha sponsa pølser og stilt med frivillige til fritidstilbodet.

Etter skoletid viste seg å bli populært, og sytti barn kjem til biblioteket kvar tysdag, fortel biblioteksjef Peter Svalheim til Dagen. Etter kvart vaks dei ut av lokala på kommunehuset og leita etter ein ny stad å vera.

Raudt-politikar: – Uakseptabelt

Svalheim tok kontakt med det nyetablerte Innbyggernes hus. Dei disponerer eit hus kommunen eig i Tvedestrand sentrum.

Men biblioteksjefen og Etter skoletid fekk avslag. Årsaka var at styret i Innbyggernes hus har vedtatt at huset skal vera «politisk og religiøst nøytralt».

– Me seier nei til kyrkja. Ikkje til biblioteket, seier talsmannen for styret, Anders Oppegaard, til Tvedestrandsposten.

Dette har vekt reaksjonar.

Raudt-politikar i Tvedestrand, Yngve Monrad, meiner det er uakseptabelt av Innbyggernes hus å nekte ha Etter skoletid i sine lokale.

– Styret har fått låne huset frå kommunen utan kostnad og til og med fått dekt utgiftene. Så om dette ikkje er ei misforståing må då ordføraren enten instruere styret i å endre vedtaket, eller så må styret levere nykelen tilbake. Det vil vere heilt uakseptabelt å nekte å ha Etter skoletid der, seier Monrad til Tvedestrandposten.

Ordføraren: – Har ingen ting med forkynning å gjera

I etterkant har saka vore oppe i kommunestyret.

Også her var fleire overraska, og gav uttrykk for at kommunen burde seie opp leigeavtala med Innbyggernes hus om dei ikkje snur i saka, ifylgje Tvedestrandsposten.

Det kjem også fram at ordføraren og kommunedirektøren har avtala eit møte med styret, med mål om å finne ei løysing på situasjonen.

Ordførar Marianne Landaas har tidlegare sagt til avisa at avslaget er vanskeleg å skjøne:

– Det at folk frå kyrkja stiller opp har ingen ting med forkynning å gjera.

Også biblioteksjef Svalheim er i eit intervju med Dagen tydeleg på at det ikkje er snakk om eit religiøst tilbod. Han synest grunngjevinga om at Innbyggernes hus skal vera ein nøytral møtestad er vanskeleg å godta.

Det at folk frå kyrkja stiller opp har ingen ting med forkynning å gjera

—  Marianne Landaas, ordfører

– Ordet «nøytralt» er krevjande. Eg veit ikkje kva det er, å vere nøytral. Det er jo ingen som er det. Same kva og korleis ein oppfører seg, så har ein si lading av verdiar, seier Svalheim til avisa.

Det kjem fram i Tvedestrandsposten at også Kirkens Bymisjon har fått nei til å bruke Innbyggernes hus.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion