Religion

Dette er Normisjon sin nye informasjonstopp

NY MEDARBEIDAR: Kjetil Bergerud Larssen er tilsett som ny kommunikasjons- og markedsleiar i Normisjon.

Kjetil Bergerud Larssen tek over stillinga etter Victoria Bø, som slutta i september i år. Han vert dermed ein del av Normisjon si leiargruppe.

Larssen kjem frå ei tilsvarande stilling i Pinserørsla i Norge, der han har jobba sidan april 2022. Han tek til i den nye stillinga 1. februar neste år.

Larssen har tidlegare mellom anna arbeidd som DJ og vore involvert i ulike samanhengar i Pinserørsla. Han har vore leiar for og var medgründer av mediekonferansen MELT som vart arrangert fyrste gongen hausten 2017, arrangert av TV Inter, Filadelfiakirken Oslo og Tro & Medier. Han har òg vore kommunikasjonsleiar i Filadelfiakirken i Oslo.

Har luthersk bakgrunn, trass pinse-karriere

Sidan i fjor vår har han hatt ansvar for kommunikasjon internt og eksternt i Pinserørsla, for LED-konferansen og andre arrangement. I tillegg har han vore presserådgjevar for leiaren i rørsla, Øystein Gjerme.

Trass fleire år i pinsesamanheng har Larssen luthersk bakgrunn. Ifølgje ei felles pressemelding frå Pinserørsla og Normisjon gler han seg til å jobbe i Normisjon:

– Då sjansen hjå Normisjon presenterte seg i haust, vart eg nyfiken. Eg har vakse opp i Normisjon i Askim og vore aktiv i både i søndagsskulen og i leir- og ungdomsarbeid der i oppveksten, og kjenner gjennom dette godt til indremisjonsrørsla. For meg er derfor ikkje den konfesjonelle overgangen så stor, siterast han på i pressemeldinga.

Han legg òg til at det har vore eit vanskeleg val å byte beite:

– Eg trivst veldig godt i Pinserørsla og har fantastiske kollegaer, men sjansen og utfordringa i Normisjon vart vanskeleg å takke nei til, seier han.

Nye utfordringar

Larssen får «et breiare strategisk mandat og personalansvar», ifølgje pressemeldinga. Han skal òg ha merksemda retta mot Normisjon sitt innsamlingsarbeid, noko han ikkje har mykje røynsle med frå før. Dessutan skal han stelle med såkalla «konseptutvikling».

– Eg trur vi får ein erfaren og engasjert person som brenn for verdiane våre og vårt misjonsoppdrag, seier generalsekretær i Normisjon, Kjetil Vestel Haga, til Kristelig Pressekontor (KPK).

Han syner mellom anna til Larssen sin arrangements- og organisasjonskompetanse og at han har godt med røynsle frå sosiale medium og moderne kommunikasjonsplattformer.

– Det er noko vi treng i Normisjon, seier Haga.

Les mer om mer disse temaene:

Kristelig Pressekontor

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion