Religion

Frivillighet Norge ber frivillighetsmesse snu om religionsnekt

FRIVILLIG: Fleire reagerer på Hamar kommune si ekskludering av aktørar med ein religiøs bodskap. – Det er farleg å byrje å segregere, meiner Erhard Hermansen i Norges Kristne Råd.

– Kva i all verda er dette? Kan det stemme?

Erhard Hermansen, generalsekretær i Norges Kristne Råd, fortel om reaksjonen då han fyrst høyrte om saka Vårt Land skreiv om på måndag, om at Hamar kommune ikkje ville ynskje alle velkomen då dei inviterer til Frivillighethelga. «Arrangementet er ikkje ope for organisasjonar med politisk, religiøst og/eller diskriminerande bodskap», presiserte dei nemleg i invitasjonen til å melde seg på.

Dette gjorde mellom anna sokneprest i Hamar kyrkje, Per Erik Stave Engdal, usikker på om barnekoret fekk lov til å delta.

Det får dei, sa kontaktpersonen i Hamar kommune for Frivillighethelga, Marian Skutlaberg, til Vårt Land måndag. Likevel presiserte ho at forbodet i utgangspunktet gjeld alle religiøse organisasjonar.

– Me skal ha en gjennomgang av våre påmeldte i morgen. Nokre er i gråsona. Du har slike som barnekor og speidarane til KFUK-KFUM. Det skal vi ta en intern vurdering av, uttalte Skutlaberg.

Saka har fått fleire til å reagere.

– Det er veldig urovekkjande at ein i eit samfunn so skal vera livsynsope og inkluderande vel å markere seg med eit forbod for religiøse organisasjonar. Det er farleg å byrje å segregere kven som skal få vera med og ikkje, meiner Hermansen.

Åpning av Kirkemøtet 2022.

I ein epost tysdag føremiddag skriv Marian Skutlaberg i Hamar kommune at «me ynskjer å presisere at me ynskjer alle aktivitetsbaserte organisasjonar velkomen til arrangementet».

Denne inndelinga synest Hermansen ikkje er naturleg.

– Kva trussamfunn eller kyrkjelyd er ikkje aktivitetsbasert? Det er ein veldig rar måte å uttrykje seg på, og eg hadde unnt Hamar kommune og deira innbyggjarar å sjå det mangfaldet og rikdomen som finnst i breidda av det religiøse arbeidet på Hamar, seier Hermansen som håpar Hamar kommune vil leggje til rette for at alle frivillige aktørar som vil kan delta på Frivillighethelga.

– Eit kunstig skilje

Stian Slotterøy Johnsen er generalsekretær i Frivillighet Norge, som har 350 medlemsorganisasjonar. Fleire titals av desse er innan kategorien tru- og livssynsorganisasjonar.

Johnsen oppmodar Hamar kommune om å revurdere avgjersla si om å ikkje ynskje aktørar med ein religiøs bodskap velkomen på arrangementet sitt.

Han meiner også at skiljet Hamar kommune lagar mellom «meiningsberande» og «aktivitetsbasert» ikkje er god.

– Det er eit kunstig skilje. Det er vanskeleg å avgjera kva som er kva, og i mange tilfelle vil ein aktivitet i seg sjølv vera meiningsberande.

Stian Slotterøy Johnsen, generalsekretær i Frivillighet Norge

Johnsen påpeikar at det er mange frivillige organisasjonar som er meiningsberande, og ikkje berre dei religiøse.

– Ta ein friluftsorganisasjon som Den Norske Turistforening. Dei vil ha meiningar om korleis ein skal ta vare på naturen og korleis leggje til rette for at folk skal ha naturopplevingar.

– Det er synd at dei har ei slik formulering i invitasjonen sin, og eg håpar at det berre er snakk om ei klønete formulering, seier Johnsen.

Human-Etisk Forbund kritiske

– Kommunen bommar i det kravet. Kva dei legg i diskriminerande innhald er litt diffust, men dei bommar i alle fall når det gjeld trus- og livssynssamfunn, meiner leiar i Human-Etisk Forbund, Christian Lomsdalen, om setninga i invitasjonen om kven som er velkomne og ikkje.

BROSJYRE: Skjermdump fra påmeldingsinvitasjon til Hamar kommunes frivillighetsarrangement, viser at ikke alle er velkomne.

Han har forståing for at Hamar kommune ikkje ynskjer at arrangementet deira skal vera ein rekrutteringsarena for å overtale nye Ap-veljarar, humanistar eller kristne.

Arendalsuka 2023

– Men dette blir feil. Med denne formuleringa sender ein ein heilt annan bodskap enn at ein vil fremje aktivitetar og ikkje bodskapen.

Lomsdalen meiner så godt som alle trus- og livssynssamfunn har fokus på å skape aktivitetar både for medlemmar og andre.

Skutlaberg fortalde til Vårt Land at også Human-Etisk Forbund har meldt frå om at dei ynskjer å delta på Frivillighethelga.

– Så lenge dei tilbyr ein fast aktivitet innbyggjarane i Hamar kan melde seg på, delta på, eller ha glede av, så er de velkomne, sa Skutlaberg.

Lomsdalen seier han ikkje veit kva lokallaget av forbundet hadde planar om å fremje på Frivillighethelga, men fortel at Human-Etisk Forbund rundt om i landet arrangerer eit breidt spekter av aktivitetar som mellom anna filosofikafé, konfirmasjonsopplegg, debattmøte, babysong og bridgeklubb. Det varierer frå lokallag til lokallag.

– Det er viktig å sjå på trus- og livssynssamfunn som aktørar i sivilsamfunnet på lik linje med andre, meiner Lomsdalen.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion