Kyrkja heldt på å gå under, så kom surfebølja

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Stad hotell ligg heilt i sjøkanten. Inne i «Vestkappsalen» er det rigga til med benkerader framme og eit barnebord bak fylt med puslespelbrikker i skummateriale.

Gjennom dei store vindauga ser ein delar av bygda Leikanger. Tregrensa strekk seg ikkje mange høgdemetrane over havet, og fjella bak det vesle bygdesentrumet ligg nakne mot himmelen.

Om lag femti menneske har tatt turen til sundagsgudstenesta. Nokon har alt tatt sommarferie, så benkeradene er hakket glisnare enn til vanleg, får me beskjed om. Men nesten halvparten av dei frammøtte er barn, og det yrer av liv.

Dei to siste åra har pinsekyrkja halde til på hotellet, etter at dei vaks ut av dei førre lokala sine.

Når det stormar

Temaet for preika i dag er mellom anna Pride, slik Filadelfia Stadt har for vane éin sundag i juni. Men i år vekkjer det endå tydlegare kjensle av konflikt enn før. Ein av medlemmane i kyrkja har nemleg tatt til motmæle når idrettslaget ville flagge med regnbogeflagget. Det fall ikkje i god jord hjå alle dei andre foreldra.

– Gud er med når det stormar, forsikrar pastoren frå plattforma.

Eitt ikkje heilt irrelevant bilete for tilhøyrarane på Stadt. Det er eit stadnamn som for mange er mest kjent som eit omgrep på vêrmeldinga.

Halvøya Stad, eller Stadt som den også kallast, er eit fjellplatå som er gjennomskore av ei rekkje viker. Nokon skildrar det som ein underarm, der vikene er som dumpene mellom knokane. Fleire stadar stupar fjellplatået rett ned i havet, og det er ingen skjergard utanfor til å ta av for vind og bølgjer.

Stadlandet, kart, datawrapper, Ervik, Leikanger, Stadt, Stad.

Farvatnet utanfor Stadt er rekna for å vera eit av dei farlegaste og mest vêrharde langs norskekysten.

Men det er dei same eigenskapane som også gjer fleire av vikene til ettertrakta surfeplassar for eit veksande, norsk surfemiljø.

Tredobbel orkan

Me sit rundt kjøkkenbordet på familiegarden på Ferstad, litt lengre inn i dalføret enn bygda Ervik. Vidar og Jørgine Dalsbø har invitert på kveldsmat med heimebaka rundstykke.

Taket over oss er av armert betong og skal ifylgje Vidar tole «at ei gravemaskin køyrer over». Han er klok av skade etter fleire heftige uver som har ført til store skader på garden.

– Nei, altså orkanar er jau ikkje noko særleg, men når det er dobbel og nærmast trippel orkan, då er det alvor, fortel Vidar.

Han og kona var pastorparet i Filadelfia Stadt fram til for berre eit par månadar sidan. No har neste generasjon overtatt, bokstavleg talt. Sonen Daniel har no ei førti prosent stilling som pastor. Saman med kona Naomi har han også overtatt gardsbruket frå foreldra.

Det unge ekteparet og dottera deira bur vegg i vegg med Vidar og Jørgine, i den eldste delen av våningshuset.

Reportasje - Filadelfia Stadt, surfing.

Amazing distriktspolitikk

Vidar kan fortelje at medlemstalet i kyrkja har auka med om lag seksti prosent dei siste ti åra.

Det tidlegare pastorparet tek til å ramse opp namna på alle som har flytta til området dei siste åra. Dei delar inn i kategoriar etter kven som har lokal tilknyting og kven som kjem heilt utanifrå. Dei endar opp med ei liste på nærmare tretti namn, eit ikkje ubetydeleg tal for ei lita bygd.

At ungdommar kjem tilbake etter å ha vore vekke for å ta utdanning er ikkje sjølvsagt.

– Det som er litt spesielt er at mange har hatt miljøet i Filadelfia som ein stor grunn til å flytta heim att, meier Jørgine.

– Det viktigaste viss du vil at folk skal koma ein stad, er å byggje noko som er attraktivt, sunt og ekte, både på eit bibelsk og menneskeleg plan. Det er akkurat som ein magnet det, meiner Vidar.

Filadelfia Stadt. Pinsekyrkje, tilflytjing og surfing.

For han er det oppmuntrande å sjå at eit kristent miljø og arbeid kan vekse, også i distriktet.

– Guds distriktspolitikk er amazing. Jesus blei ikkje født i Jerusalem eller Roma. Ikkje ein gong i Betlehem, men utanfor. Han blei ikkje ein gong født på eit herberg, men utanfor. På det lågaste, slik at folk nesten ikkje kunne tru det, seier den tidlegare pastoren med stort engasjement.

Ekteparet trekkjer særleg fram to venninner som kom tilflyttande, som dei kallar pionerar.

– Hadde ikkje Møyfrid og Camilla kome, er det ikkje sikkert at nokon hadde kome.

– Veldig mørkt miljø

I 2009 budde Møyfrid Barkved og Camilla Monsen i Volda. I helgene reiste dei ofte til Hoddevik på Stadt for å surfe. Dei kom i kontakt med mange andre surfarar, og fleire av samtalene handla om tru. Men det var eit miljø dei synest det var vanskeleg å vera i.

Det var mykje rus, sjekking, røff språkbruk og generelt verdiar som ikkje stemt overeins med dei to unge, kristne jentene sine.

– Me følte oss små i eit veldig mørkt miljø, fortel Møyfrid Barkved.

Ho og ektemannen Svein Barkved har ynskt oss velkomen inn i huset sitt, som stod ferdig i 2019.

Også her står kveldsmaten klar, med heimebaka bollar og rabarbrasyltetøy.

Filadelfia Stadt. Pinsekyrkje, tilflytjing og surfing.

Eit møte endra livskursen

Møyfrid tek oss tilbake i tid, til ein av helgeturane til Stadt. Ho fortel at ho og Camilla er tidleg i 20-åra og at dei kjenner at dei treng eit fellesskap og støtte frå nokon «vaksne».

Dei tek seg ein køyretur den laurdagen, og køyrer forbi Filadelfia. Kanskje det kan vera nokon trygge, kristne der dei kan snakke med?

Dei stikk innom og blir ynskt velkomen tilbake til møte på kvelden. Pinsekyrkja ventar nemleg besøk frå ein forkynnar frå Sør-Afrika.

– Ho hadde sterke, profetiske gåver, og ho byrja å gje profetiar til enkeltpersonar, seier Møyfrid.

På eit tidspunkt kalla ho fram Møyfrid og Camilla.

– Ho sa at ho såg at me var på ei misjonsreise. Og ho sa fleire ting som gjekk rett inn i livet vårt, og som oppmuntra oss. Men me blei litt sett ut. Ho kjente oss ikkje i det heile, likevel visste ho så mykje om oss?

Reportasje - Filadelfia Stadt, surfing.

Venninnene kjente at forkynnaren hadde sett ord på noko begge hadde kjent på. At turane ut til Stadt ikkje lenger berre handla om surfing, men om noko større. Gud hadde ein plan for dei.

Dette blei det fyrste møtet med Filadelfia Stadt. Det skulle endre kursen for livet til dei begge.

– Surfing og bølgjene var ein stor del av kvifor me kom. Men det er så mykje meir som er grunnen til at me blei, seier Møyfrid i dag.

Filadelfia Stadt. Pinsekyrkje, tilflytjing og surfing.

Langt heimanfrå

Det kjennest som ein ekspedisjon å ta den 12-14 timars lange bilturen til heimplassane til Møyfrid og Svein saman med barna, fortel dei.

– Det er så klart for langt til besteforeldre. Me har ikkje klart å overtale dei om å flytta hit endå, seier Svein med glimt i auget.

Likevel hevdar begge at foreldra deira har hatt forståing for kvifor dei har slått seg ned her.

Møyfrid fortel om at dei som nytilflytta har fått ein enorm tillit, og om at det rår ei sterk tru i kyrkjelyden på at Gud ynskjer å gjera noko i bygda.

Om folk framleis ikkje forstår, skal det som regel ikkje meir til enn eit besøk til den naturskjønne staden.

– Viss dei kjem om sommaren vel å merke, legg Svein til.

Ute ligg det berykta Stadhavet heilt i ro, og sjølv om klokka nærmar seg elleve på kvelden har sola endå ikkje takka for seg.

Reportasje - Filadelfia Stadt, surfing.

Ei ny misjonsmark

Etter møtet med den sørafrikanske evangelisten blei dei to jentene tatt varmt imot av kyrkjelyden. Alle ville gjerne snakke med dei to nye. Dei fekk vita at dei i Filadelfia over lang tid hadde bedd for surfemiljøet som hadde vakse fram.

– Dei såg at det var ei ny misjonsmark, men dei hadde ikkje noko link inn i miljøet. Det trefte meg og Camilla. Tenk om me var den linken dei hadde bedt om, spør Møyfrid seg.

Profetiar, altså eit bilete av noko som skal skje fram i tid, og som ein tenkjer at kjem frå Gud, via menneske, har ei stor og naturleg rolle i miljøet i Filadelfia.

I starten tenkte folk at surfemiljøet berre førte med seg kjipe ting. Men no ser ein at det også bringar med seg mange bra folk.

—  Møyfrid Barkved

Fleire fortel om ulike profetiar som har kome oppgjennom for staden. Ein av dei som går att, er at det skulle koma unge folk til Stadt, på ein måte ein ikkje hadde sett for seg.

– Korleis skil ein mellom kva som er eigne tankar og kva som er profetiar?

– Det er ikkje alltid så enkelt, men skal det vera hald i ein profeti må den bli bekrefta av fleire, og dei skal alltid bli prøva. Og til sjuande og sist så må det skje for at profetien skal stemme, seier Møyfrid.

Reportasje - Filadelfia Stadt, surfing.

– Kvifor skal unge koma til ei framand bygd?

Den gongen dei to unge surfarane «snubla innom» Filadelfia for fyrste gong var det stort sett menneske på 50+ år der, fortel ho.

– No utgjer unge omtrent halve kyrkjelyden, tippar sørlendingen.

– Så det har skjedd ei vanvittig forandring. I starten tenkte folk at surfemiljøet berre førte med seg kjipe ting. Men no ser ein at det også bringar med seg mange bra folk.

Møyfrid meiner ho har mange med seg i å sjå på utviklinga dei siste åra som ei oppfylling av profetien om dei unge menneska som på uventa vis skulle koma til området.

– For kvifor skal unge koma til ei framand bygd heilt uti havgapet? Det verkar utruleg for mange.

Reportasje - Filadelfia Stadt, surfing.

– Og ting skjer framleis. Dessutan kjem det ikkje berre surfarar, men også andre på grunn av det kristne miljøet, seier ho, og nemner mellom anna Ankra, bibeskulekurset Filadelfia held kvar januar.

Stusslege juletrefestar utan barn

Kvar tysdag klokka åtte samlar det seg ein liten kjerne frå Filadelfia for å be i det gamle lokalet til kyrkjelyden. Dei sit i ring og delar bønneemne før dei ber, både i tunger og i ord som alle kan forstå.

Laila Myren (70) er ein av dei som ofte tek turen. Ho har lang fartstid frå kyrkja. Foreldra hennar var med å starte Filadelfia då dei flytte til Stadt på 60-talet.

Reportasje - Filadelfia Stadt, surfing.

Ho fortel om stoda i kyrkja for 10–15 år sidan:

– På eit tidspunkt var det éin unge i kyrkja. Eg sat med sorg i hjartet og bad: «Kjære Gud, du må gjera slik at det kjem fleire».

Ho fortel om julefestar som verka så stusslege og rare utan barneflokkar springande rundt, og om gudstenesteoppmøte på kanskje tjue stykke i gjennomsnitt med stort og smått.

Sjølv har Myren vore aktiv i barnearbeidet i mangfaldige år. No har ho overlate stafettpinnen til andre.

Ho har ein inderleg klang i stemma når ho snakkar om alle ungane som no pregar kyrkja:

– Eg lener meg tilbake og berre nyyyt det.

Reportasje - Filadelfia Stadt, surfing.

På eit tidspunkt var det éin unge i kyrkja. Eg sat med sorg i hjartet

—  Laila Myren

Vil byggje ny kyrkje

Vårt Land sine utsende har no lært at eit kvart intervju på Stadt inneber eit måltid og kjem svoltne til klokka 08.00-avtala med Naomi og Daniel Dalsbø. Me har berre rørt oss få meter frå kveldsmaten dagen før, inn på kjøkenet til den yngre generasjonen Dalsbø.

Naomi håndbryggjar kaffi på den om lag eitt tonn tunge benkeplata i betong inne på kjøkenet.

Garden har vore i drift sidan 1500-talet, kan Daniel fortelje. Men jorda her er langt frå nok til å fø dei om lag 350 vinterfôra sauene på garden. Difor driv han jorda på 14 gardar til saman.

Reportasje - Filadelfia Stadt, surfing.

Og i tillegg til å ha ansvar for dei 750 sauene med stort og smått som no er til fjells for sommaren, er Daniel også hyrde for alle medlemmane i Filadelfia Stadt. Bonden og pastoren har ikkje berre ambisjon om å auke talet på vinterfôra sauer, men vil også leggje til rette for vidare vekst i kyrkjelyden.

I fem år har arkitektteikningane av den nye kyrkja lege klare. Like lenge har avtala om å kjøpe tomt av naboen til dagens bygg vore i orden. Banken sa også ja. Men ein ny reguleringsplan ser ut til å stikke kjeppar i hjula for planane. Den skal opp til politisk handsaming, men signala tydar på at dei får eit nei, fortel Daniel.

Så etter kvart kan dei måtta leite etter nye måtar å huse den veksande forsamlinga.

Ikkje ein klassisk misjonær

For då kona Naomi (27) kom heim frå surfeleir både i Portugal og på Stadt sommaren etter fyrsteklasse på vidaregåande, var det to ting som stod klart for ho: Surfing var det ho skulle halde på med, og Gud var einig.

Reportasje - Filadelfia Stadt, surfing.

Den naturlege slutninga var å hoppe av skulegangen og flytta til Stadt, meinte ungjenta, men mora fekk overtalt ho til å vente eitt år. Året etter meldte ho seg opp til privatisteksamen, pakka sekken og flytta til Ervik.

Frå barndomen hadde ho ein draum om å reise som misjonær til det store utlandet. Men etter ein tur til Kenya fann ho ut at det norske klimaet passa ho betre.

– Eg innsåg etter kvart at det å vera til stades som kristen i surfemiljøet og å kunne dela trua på at det er noko meir enn det livet her, det er å vera ein misjonær. Det berre ser litt annleis ut enn den klassiske Afrika-misjonæren, reflekterer Naomi.

– Ja, det er mange som er søkjande hjå surfarane, legg mannen til.

No, ni år etter Naomi kom tilflyttande, surrar ei syngjande, ljoslugga dotter rundt dei i stova, og Naomi surfar framleis så ofte sjansen og bølgjene byr seg. Gjerne to gonger om dagen om vinden er god.

Filadelfia Stadt. Pinsekyrkje, tilflytjing og surfing.

Barnepassarar vegg i vegg, og kvardagen som sjølvstendig næringsdrivande og bonde gjev ein viss fleksibilitet. Naomi jobbar mellom anna som fotograf.

Og i fjor kom ho på andreplass i NM i surfing i longboardklassa.

Sandslott, sjekketriks og surfing

– Du då, Daniel, surfar du?

– Eg surfa fram til me gifta oss …

– Eit sjekketriks, med andre ord?

Han ler litt.

– Ja. For min del kostar det meir enn det smakar med alt styret. Men det er kjekt altså.

Filadelfia Stadt. Pinsekyrkje, tilflytjing og surfing.

Bonden byrjar å bli utolmodig etter å koma seg ut. Jorda til ein gard i Honningsvåg ventar på han.

Det er ein nydeleg dag med strålande sol og eit så blankt hav som det kan bli ytst i havgapet. Seinare skal Naomi og dottera Tabita ned på stranda, men denne gongen blir det med utstyr for å byggje sandslott, ikkje for å surfe.

Eg innsåg etter kvart at det å vera til stades som kristen i surfemiljøet og å kunne dela trua på at det er noko meir enn det livet her, det er å vera ein misjonær

—  Naomi Dalsbø

Fann Gud på Stadt

Ein av dei som har fått kjenne effekten av «surfemisjonærane» på kroppen er Lars Monsen. Han kjem oss i forkjøpet:

– Ja, eg heiter Lars Monsen og har polarhund. Så der har du den, seier han blidt.

Rundt beina på oss tuslar Alva, som er ei blanding av Malamut og Samojed.

Me sit på terrassen utanfor det flotte huset som ligg nesten vegg-i-vegg med familien Barkved sitt. Dei delar både gardsrom, utsikt og husteikningar. Dei to grå husa med dei store vindaugsflatene fylgjer det bølgjande, grøne terrenget.

Filadelfia Stadt. Pinsekyrkje, tilflytjing og surfing.

Lars Monsen den yngre er gift med Camillia Monsen, ho som kom til Stadt saman med Møyfrid og ville spreie Guds ord i surfarmiljøet.

Og Lars var ein surfar som veldig gjerne ville unngå alt som handla om Jesus. Han hadde nemleg vakse opp på bedehuset heime på Austlandet, men hadde tatt avstand frå barnetrua i ungdommen.

Me surfarar blei tatt imot som om me kom heim. Det at nokon opnar heimen sin og spør om ein vil dela eit måltid med dei, det bryt ned så mange barrierar

—  Lars Monsen

Men alt på den aller fyrste surfeturen til Stadt skjedde det noko som gjorde han litt mindre skråsikker på at Gud ikkje fanst. I alle fall i ein liten augneblink.

– Det var steikjande sol og varme. Og eg kom til Hoddeviksfjellet og såg nedover det fantastiske landskapet. Eg såg samspelet i skaparverket. Fjellet som møter hav. Havet som møter grassletter som møter bekkar og dyr. Og menneske. Og surf. Eg blei slått av ei veldig gudsoppleving.

Få straksar etterpå hentar han seg inn att og overtalar seg sjølv om at det ikkje stemmer.

Reportasje - Filadelfia Stadt, surfing.

– Blei tatt imot som me kom heim

Men berre få månadar seinare møtte han Camilla og andre frå Filadelfia. Det svekkja motstandskrafta hans ytterlegare.

På eit tidspunkt fekk han høve til å vera ein månad på Stadt for å surfe. Han leita etter husvære, men det viste seg å vera vanskeleg. Han ville nødig bu hjå kristne, men han gav etter kvart opp og sende ei melding til venninna Camilla.

– I løpet av fem minuttar sende ho meg ei melding. Du kan velje mellom desse tre alternativa. Du er hjarteleg velkomen alle stadane og du kan bu der i éin månad.

– Hæ? Er det mogleg?

Lars sperrar opp auga og etterapar sin eigen reaksjon frå fleire år sidan.

– Det seier litt om haldninga hjå menneska i kyrkja. Det er same haldninga som Møyfrid og Camilla også møtte, meiner han.

Filadelfia Stadt. Pinsekyrkje, tilflytjing og surfing.

Lars fortel om tallause måltidsinvitasjonar, om andre gonger han fekk bu heime hjå folk og fekk fri tilgang til kjøleskåpa deira.

– Me surfarar blei tatt imot som om me kom heim. Det at nokon opnar heimen sin og spør om ein vil dela eit måltid med dei, det bryt ned så mange barrierar.

– Pappa, pappa, pappa!

Vesle Maja på tre år kjem springande med ei Ritz-kjeks-pakke ho vil ha hjelp til å opne.

Etter å ha delt eit lurt blikk med faren spring ho nøgd vidare med den opne kjekspakka. Dei to syskena hennar surrar rundt på tunet saman med nabobarna.

I mangel på familie i nærleiken var det heilt bevisst at dei to innflyttar-familiane valde å byggje husa sine tett i tett.

Å vera eit bønnesvar

Etter lange tankeprosessar og det han kallar motvillige møte med kristne og kyrkja, hamna Lars til slutt på ein stad der han kjente at han måtte ta stilling til om han skulle kalle seg ein kristen eller ikkje. Samtaler med Vidar Dalsbø blei også viktige.

– Ein av dei store tinga som overtydde meg var å sjå at sjølv om eg gav avkall på Jesus i ungdommen, så elska han meg og han sende sine folk for å vera nær.

Reportasje - Filadelfia Stadt, surfing.

Lars har kjent seg att i mange aspekt ved bibelhistoria om den bortkomne sonen. Og han håpar at historia om trusreisa hans kan vera ei oppmuntring til alle kristne som byr på seg sjølv og er rause i møte med andre.

– Det er mange kristne menneske som har vore involverte i å vise at Gud elskar meg.

– Også opplever kanskje nokon av dei at du er eit bønnesvar, etter å ha bedt for surfemiljøet?

– Absolutt, og det er fint å få vera. Og så kan eg i forlenging vera ein Gud kan bruke for å nå sine folk. Dei han har kalla.

– Er det derfor de framleis bur her?

– Ja. Fram til han eventuelt seier noko anna.