Religion

Biskopane i Danmark er delte i synet på om koranbrenning bør bli forbode

KORANBRENNING: Debatten om å forby koranbrenning har blussa opp i Danmark og Sverige etter fleire hendingar denne sommaren.

Det har vore fleire episodar med koranbrenning i både Danmark og Sverige denne sommaren. Koranen har til dømes blitt sete fyr på utanfor ein moské i Stockholm, og utanfor Egypt og Tyrkia sin ambassade i København.

Med dette som bakgrunn har debatten om å forby koranbrenning blussa opp i dei to landa.

I starten av august uttalte Danmarks statsminister Mette Fredriksen seg for første gong i debatten.

– Det er ikkje ei ytring å brenne bøker, og derfor er det ikkje ei innskrenking av ytringsfridomen dersom det blir forbod mot å brenne religiøse tekstar, sa Frederiksen i et intervju med den danske avisa Weekendavisen.

Dei danske biskopane tek alle avstand frå handlinga, men er delte i synet på om den burde gjerast ulovleg eller ikkje, skriv Kristeligt Dagblad.

Ein må forstå at lovgivinga også gir plass til fjols

—   Thomas Reinholdt Rasmussen
Deilig å være sosialdemokrat i Danmark

– Eg meiner vi klarer oss utan eit forbod

Biskopane Thomas Reinholdt Rasmussen, Elof Westergaard, Henrik Wigh-Poulsen og Marianne Christiansen meiner at lovgivinga er tilstrekkeleg som den er i dag.

– Ein må forstå at lovgivinga også gir plass til fjols, har Rasmussen sagt til Kristeligt Dagblad.

Han meiner at eit forbod kan føre til innskrenking av ytringsfridomen og dermed også ei innskrenking av retten til å fritt utøve religionskritikk.

– Eg meiner at vi klarer oss utan eit forbod. Religionar og deira innbygde systemfeil skal kunne bli utsett for subtil latterleggjering så vel som frodande kritikk. Men det rører ikkje ved at det kan gjere vondt for den enkelte truande når det skjer. Ikkje minst ved bokbrenningar som generelt sett er noko svineri. Eg håper at politikarane balanserer dei storpolitiske omsyna med omsynet til viktigheita av ytringsfridomen i ei pragmatisk løysing, seier Wigh-Poulsen til Kristeligt Dagblad.

To av biskopane, Marianne Gaarden og Mads Davidsen, gir inga offisiell støtte til eit forbod, men avviser det heller ikkje.

Inntil blasfemiparagraffen blei oppheva, aksepterte vi heller ikkje hån av religionar

—  Henrik Stubkjær

Støtter forbod

Biskopane Peter Birch og Henrik Stubkjær støtter eit eventuelt forbod mot koranbrenning.

Stubkjær meiner det enklaste vil vere å gjeninnføre blasfemiparagrafen på ein eller anna måte. Blasfemiparagrafen blei avskaffa i Danmark i 2017.

– Ytringsfridom er ein heilt avgjerande rettigheit, som vi skal gjere alt for å forsvare. Den er eit vern for dei svake og dei utstøytte og undertrykte – som sikrar at dei fritt kan ytre seg, seier Stubkjær til Kristeligt Dagblad.

Han trekk likevel fram at danskane som samfunn har sat forskjellige grenser for desse ytringane, der dei meiner ytringar blir brukt til hån..

– Som eksempel på dette kan det nemnast at vi som samfunn ikkje tolererer rasistisk diskriminering. Vi aksepterer heller ikkje at nasjonale flagg blir brent. Og inntil blasfemiparagrafen blei oppheva, aksepterte vi heller ikkje hån av religionar, fortset han.

Mehl

Debatten i Norge

I juni skreiv justisministeren her heime, Emilie Enger Mehl, at «Jeg tar, på samme måte som statsministeren, sterk avstand fra koranbrenning. Koranbrenning kan i noen tilfeller anses som hatkriminalitet – dette avhenger av konteksten».

Vidare skreiv ho mellom anna at «Religionskritikk som kommer til uttrykk ved symboltunge handlinger, slik som brenning av koranen, vil ikke være straffbart selv om virkemiddelbruken støter og opprører.»

Anine Kierulf, førsteamanuensis ved Juridisk Fakultet (UiO) og spesialrådgivar i Norsk Institutt for Menneskerettigheter, tok til orde for at Mehl burde klargjere kva ho meiner. Kierulf meiner koranbrenning berre kan bli sett på som hatkriminalitet i nokre særs spesielle tilfelle, der ho trekk fram nokre eksempel ho sjølv kallar for søkte.

– Den einaste måten koranbrenning kan vere hatkriminalitet på, er viss nokon brenn nokon andre sin koran, sa Kierulf til Vårt Land.

Ho meiner dette er eit skadeverk som får eit tillegg fordi det er retta mot muslimar, som er ei utsett gruppe.

– Eller at det er nedlagt forbod mot open eld på grunn av tørkesommar og du likevel brenn ein koran – da kan du antakelegvis bli dømt for brot på bålforbodet, og få ein straffeskjerping fordi det er retta mot muslimar. Men det blir ganske søkte eksempel, sa Kierulf.

Les mer om mer disse temaene:

Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion