Religion

Har vore tjue år på Kyrkjemøtet: Dette har endra seg

DEN NORSKE KYRKJA: Kopimaskiner som gjekk døgnet rundt og ringpermar sendt med posten. Mykje har forandra seg sidan Øyvind Meling var på sitt fyrste kyrkjemøte.

Øyvind Meling har jobba i administrasjonen i Kyrkjerådet sidan 2002 i ulike stillingar. Kort tid etter at han starta, var han på sitt fyrste Kyrkjemøte. I år var han på si 21., og truleg siste, storsamling med dei øvste tillitsvalde i Den norske kyrkja.

Berre eitt år har han vore vekke, og då var det grunna sjukdom. No går han snart av med pensjon, og vil ikkje lenger gå rundt i gangane medan delegatar diskuterer, kranglar, rosar og rasar seg gjennom eit breitt spekter av saker.

– Er det noko du kjem til å sakne?

– Ja, eg kjem til å sakne fellesskapet me har i sekretariatet. Det er veldig morosamt å jobbe saman på den måten, fortel Meling.

Éin pall kopipapir

Meling fortel at han har hatt ansvar for mange ulike ting på Kyrkjemøtet opp gjennom åra. Han har mellom anna fungert som sekretær og har hatt teknisk ansvar.

– Det tekniske har utvikla seg veldig. Før sende me ut svære ringpermar med sakspapir i forkant av møtet til alle som skulle delta. Og under Kyrkjemøtet måtte me kopiere opp alle saker som var skrive under møtet til alle medlemmar og tilhøyrarar.

Meling fortel at dei hadde to store kopimaskiner som gjekk praktisk talt døgnet rundt og at det gjekk om lag éin pall med kopipapir per Kyrkjemøte.

– No går det nokre pakker, ikkje esker ein gong, småhumrar han.

Harde debattar

Av andre ting som har endra seg trekkjer han fram at opprettinga av kyrkjepolitiske lister og grupperingar. Og at ein no kan sitje og diskutere med kvarandre digitalt medan forhandlingane held på.

– Er det sjanse for at du kjem tilbake til Kyrkjemøtet som delegat?

– Per i dag tenkjer eg ikkje det. Eg er nok litt for mykje byråkrat til det.

I staden har han meldt seg til å sitje i protokollkomiteen til Det Norske Misjonsselskap (NMS).

– Er det ting du ikkje kjem til å sakne med å vera på Kyrkjemøtet?

– Nei, ikkje for min del. Det har vore mange harde og vanskelege debattar, men det treng ikkje me involvere oss så mykje i. Me tenkjer mest på å gjera jobben vår.

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion