Religion

Tidlegare Hillsong medlem: – Vi skulle ikkje sjå høgståande pastorar i auga

DOKUMENTAR: Det kjem stadig nye dokumentarseriar med kritikk mot kyrkjesamfunnet Hillsong Church.

Over fleire år har stadig nye dokumentararserier om det pinsekarismatiske kyrkjesamfunnet Hillsong Church (sjå fakta) rulla over tv-skjermar i heile verda.

Med den norske tittelen Hillsong – Gud går viralt, fekk nordmenn eit innblikk i megakyrkja i januar 2021. Sidan har også fleire dokumentarseriar sett søkelyset på kyrkjesamfunnet.

I mai stilte den tidlegare kjendispastoren Carl Lentz for første gong til intervju i The secrets of Hillsong. Lentz blei sagt opp frå stillinga si som pastor i Hillsong New York på grunn sexskandalar og skuldingar om overgrep. I juni kom dokumentaren The kingdom ut på den australske tv-kanalen SBS, og i mars i fjor blei dokumentarserien Hillsong: a megachurch exposed lansert i tre episodar.

Rekka av rapportar og dokumentarseriar avdekkjer og adresserer fleire alvorlege lovbrot, maktmisbruk og skandalar hos toppleiinga i den verdsomspennande kyrkja. Utnytting av frivillig arbeid, misbruk av donerte middel, overgrep, diskriminering av kvinner og emosjonell manipulasjon gjennom lovsongar er mellom påstandane som kjem fram.

Spesielt har tidlegare pastor Carl Lentz og grunnleggjar Brian Houston vore under lupa. Sjåaren blir mellom anna kjent med at Houston står tiltalt for ikkje å ha fortalt politiet om faren, Frank Houston, sine seksuelle overgrep mot ein gut over fleire år på 70-talet. Han har også blitt skulda for å i pillerus ha tatt seg inn på hotellrommet til ei kvinne.

Nyleg blei den fjerde episoden av Hillsong: a megachurch exposed tilgjengeleg for nordmenn på strøymetenesta HBO. I episoden med namn Hillsong: The newest revelations kjem det fram fleire nye påstandar og synspunkt frå eksmedlemmar av Hillsong Church.

---

Hillsong Church

  • Kyrkje som blei starta i 1983 av Bobbie og Brian Houston i Sydney, Australia.
  • Har etablert forsamlingar i storbyar over heile verda, med over 150.000 medlem til saman.
  • Er ei pinsekarismatisk kyrkje med eit moderne uttrykk, og retter seg spesielt mot unge.
  • Hillsong Norway trakk seg ut av Hillsong Church i juni 2022. I dag er det sju kyrkjer med det nye namnet Puls.
  • Puls er tilslutta den norske pinsebevegelsen.

---

Meiner Hillsong er ei sekt

– Det andre året forstod eg at eg var med i ein kult, og eg bestemte meg for å slutte, seier Joyana Santini i dokumentaren.

Ho er tidlegare medlem i kyrkja, og meiner ho såg mange parallellar til sekta Children of God, som far hennar hadde vore del av som barn.

Santini seier at Children of God var mykje meir ekstrem, men trekk fram at ho såg fellestrekk i strukturen, isolasjon og at ho ikkje følte ho kunne dele om opplevingane sine fordi folk utanfor ikkje ville forstå det som skjedde der.

– Det faktum at pastorane blei sett på som ufeilbarlege. Måten dei framstilte det som om dette var senter av universet, og viss du skulle forlate det gjekk du glipp av kallet frå Gud, fortset ho.

I botn og grunn skulle vi ikkje eksistere, for anna enn å tene dei

—  Joyana Santini

Skulle ikkje få augekontakt med dei øvste pastorane

Dokumentaren omtalar også ein lekka rapport frå ei intern etterforsking av Hillsong New York, på oppdrag frå Hillsong Global. Store delar av rapporten hadde fokus på leiarstilen i kyrkja.

– Den teiknar igjen eit bilde av eit miljø prega av misbruk, ein giftig kultur der mange frivillige og tilsette rapporterte å få mentale samanbrot og måtte oppsøkje psykologar, seier redaksjonssjef i Religion News Service, Roxanne Stone.

Ifølgje rapporten oppmuntra den hierarkiske kulturen ofte tilsette og frivillige til å vere usynlege i nærvær av leiande pastorar.

– Det var strenge regler du måtte følgje når du hadde med pastorane høgt oppe å gjere, seier Bailey Krawzyk, som er tidlegare student på Hillsong College, i dokumentaren.

Krawzyk og Santini seier at ein ikkje skulle sjå på, få augekontakt med – eller innleie ei samtale med høgståande leiarar.

– I botn og grunn skulle vi ikkje eksistere, for anna enn å tene dei, meiner Santini.

Hillsong vil byggje ei sunnare kyrkje

Basert på rapporten, ber Hillsong Global noko av ansvaret for det som skjedde i Hillsong New York City, ifølgje journalist i Christian post, Leonardo Blair. Han seier at det var utilstrekkeleg med oversyn.

– Dei visste at det var problem, men dei gjorde ingenting, seier Blair i dokumentaren.

Produsentane bak dokumentaren skriv at Hillsong responderte på førespurnaden om kommentar gjennom ein av sine advokatar.

Dei seier at Hillsong under nytt leiarskap, skal fokusere på å byggje ei veldig annleis og sunn kyrkje.

Les mer om mer disse temaene:

Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion