Religion

Nye avsløringar i Hillsong-dokumentar

HILLSONG: I ein ny dokumentarserie snakkar for fyrste gong kjendispastor Carl Lentz ut i eit intervju. Han opnar opp om pillemisbruk og seier han blei misbruka seksuelt som barn.

Fredag 19. mai blei dei to fyrste episodane av dokumentarserien The Secrets of Hillsong sendt på den amerikanske tv-kanalen FX. Der skal det ifylgje media verda over koma fram ei rekkje nye detaljar om pinsekyrkja og dei som har vore leiarar i ho.

I serien gjev Carl Lentz, som lenge var ein av dei største pastorprofilane i megakyrkja Hillsong, sitt fyrste offentlege intervju etter at han blei sparka i november 2020.

Serien er foreløpig ikkje tilgjengeleg i Noreg.

Nye opplysningar kjem fram

Carl Lentz var med å etablere Hillsong i New York i 2010. Han enda si Hillsong-karriere med eit smell, då fleire sexskandalar og skuldingar om overgrep førte til at han mista pastorjobben hausten 2020.

Han er også skulda for overgrep av tidlegare medpastorar og han har innrømt å ha vore utru mot kona. I tillegg blei det i 2022 leke frå ei uavhengig gransking av kulturen i Hillsong NYC.

Rapporten teikna eit bilete av ei kyrkjeleiing som tok i bruk manipulasjon, krenkingar, seksuelle overtramp og hemmeleghald. Den juridiske talspersonen for Lentz og kona har sagt at delar av innhaldet i rapporten er usann.

Men alt dette er alt kjent. Ifylgje The Washington Post kjem det fram ei rekkje nye opplysningar i dei to fyrste episodane av den nye serien. Her er nokre av dei:

  • Lentz seier at han blei avhengig av reseptbelagt ADHD-medisin, som han misbruka, og hevdar at han blei seksuelt misbruka av ein venn av familien då han var barn. Desse tinga skal ha bidratt til mange av problema han hamna i, ifylgje han sjølv.
  • Den tidlegare pastoren seier at han i tillegg til den kjente utruskapen også hadde ei affære med Leona Kimes, barnepassaren til ekteparet Lentz. Kimes på si side skuldar Carl Lentz for seksuelt misbruk, noko han sjølv nektar for.
  • Etter at Lentz blei sparka, reiste han til Florida og byrja å jobbe i eit reklamebyrå.
  • Carl og Laura Lentz redda ekteskapet, sjølv om sistnemnde innrømmer å ha vore sinna på ektemannen. Ho fortel ifylgje The Washington Post mellom anna å ha ferska han i utruskap. Paret har tre barn.

Mykje makt og tillit

I eit radiointervju på den amerikanske kanalen National Public Radio fortel regissør av dokumentarserien, Stacey Lee, om kva som fekk ho til å ville jobbe med historia om Hillsong.

– Du høyrer på nytt og på nytt om trenden der ein glorifiserer desse folka og legg så mykje tillit og makt i hendene deira, seier ho.

Vidare fortel regissøren at ho gjerne ville utforske korleis og ikkje minst kvifor dette skjer.

---

Hillsong

  • Kyrkje som blei starta i 1983 av Bobbie og Brian Houston i Sydney, Australia.
  • Har i dag kyrkjer i 30 land over heile verda, og rundt 150.000 besøkjande i veka.
  • Er ei pinsekarismatisk kyrkje med eit moderne uttrykk, som rettar seg spesielt mot unge.
  • Er særleg kjent for produksjon av lovsongsmusikk gjennom gruppene Hillsong Worship, Hillsong United og Hillsong Young & Free.

Kjelde: Hillsong.com

---

Brian Houston trur mora visste om farens misbruk

Grunnleggjaren av Hillsong, Brian Houston, har også vore i hardt ver.

Brian HOUSTON. Hillsong

Han gjekk av i fjor vår etter at det globale styret i kyrkja han leia konkluderte med to tilfelle av upassande oppførsel og brot på etisk regelverk. Mellom anna skal han ha i pillerus ha tatt seg inn på et hotellrom til ei kvinne i 2019.

Omtrent ein månad etter at han måtte gå av som pastor, blei Houston stoppa av politi i USA. Tidlegare i vår blei han dømt for å køyre bil med over 0,8 promille alkohol i blodet.

Houston står også tiltalt for ikkje å ha fortalt politiet om faren, Frank Houston, sine seksuelle overgrep mot ein gut over fleire år på 70-talet.

Rettssaka fann stad i desember 2022, men den endelege dommen har endå ikkje komme.

Det er alt kjent at det i rettssaka kom fram at Houston skal ha blitt råda til å teie om farens overgrep av ein advokat, og at han fekk vita om overgrepa alt på 90-talet. Houston seier eitt av faren sine vaksne offer skal ha bede han om å ikkje melde saka til politiet.

Men ifylgje The Washington Post kjem det fram heilt nye opplysningar i The Secrets of Hillsong. Nemleg at Brian Houston under rettssaka sa at mora hans, Hazel Houston, var klar over ektemannen sitt misbruk av eitt av ofra.

Houston: – Sprø, ærekrenkjande dokumentarar

I ein video publisert på Brian Houston sin Instagram-konto, seier den tidlegare megakyrkjepastoren at han gjerne vil koma med nokre perspektiv på det som kjem fram i nye dokumentarar, og i økonomiske dokument som har leke.

– Det er interessante tider, med sprø, ærekrenkjande dokumentarar, seier han mellom anna i videoen.

Han snakkar mykje om at han meiner det er feil av noverande leiing i Hillsong å ta avstand frå kyrkja slik ho var før, under Houston si leiing.

– Hillsong som me kjente, var ei fantastisk kyrkje, meiner Houston.

Han snakkar ikkje direkte om dei nye opplysningane som kjem fram i The Secrets of Hillsong om Carl Lentz.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion