Religion

Mista mor i kreft – trur Gud er god likevel

Allereie dagen etter moras gravferd, trengte tenårige Rebekah Louise Pettersen (27) å føle «behaget i å slå tilbake» mot Gud. No lærer ho unge om korleis smerte kan vere ei velsigning.

Da Rebekah Louise Pettersen var fjorten år, døydde mora hennar. Med dette gjekk også gudsbiletet hennar sund. Ho hadde vore sikker på at mora skulle bli lækt frå kreftsjukdomen.

– Eg blei oppslukt av spørsmålet om Guds godheit. Det blei den store krisa, og det store spørsmålet for meg. For eg kunne ikkje forstå korleis han kunne la mamma døy, ho som var ein ihuga etterfølgjar av han, pappa si kone og mor til fire barn. Eg var sint og skuffa over korleis livet hadde blitt.

Tapet av mora sende Pettersen ned i ein mørk spiral av utagerande oppførsel, til stor bekymring for far hennar.

Pettersen jobbar i dag heiltid i den kristne organisasjonen Laget, og er ein erfaren talar. Torsdag sto ho for hovudseminaret på Ung landsmøte (UL), ein festival i regi av Misjonssambandet ung og IMF-ung. I seminaret som har tittelen «Kanskje Gud er god likevel?», ønskjer ho å svare på spørsmålet «korleis kan det som truger med å øydeleggje trua di, bli snudd til ein rikdom i trua i staden?».

Da Pettersen var fjorten år var ikkje svaret på dette opplagd.

Livskrisa blei til ei truskrise

Pettersen tenkjer i dag at ho hadde dei beste føresetnadene for å handtere livet, med foreldre som gav henne riktige verktøy for å gjere kloke val.

Rebekah Pettersen på UL.

– Eg vaks på mange måtar opp på første benk. Eg lærte meg preikene og trushistoria til pappa utanåt, og hadde gudsteneste for nabojentene på barnerommet.

Pettersen stopper opp og tenker.

– Men eg hadde dessverre også ei falsk førestilling om korleis Gud burde handle i livet mitt, seier ho, med henvisning til tapet av hennar mor.

Behaget i å slå tilbake

Pettersen hamna i opprør mot Gud. Jenta som tidlegare hadde folda henda og frimodig sitert ifrå Bibelen i RLE-timen, kom dagen etter mors gravferd med piercing i navlen og røyk i handa.

– Du kan jo berre sjå for deg den kollektive sjokkbølga som inntok skulegarden, seier ho.

Det neste halvanna året bytta ho ut gode vener med usunne relasjonar, og hamna i eit miljø som blei stadig meir destruktivt for både dei involverte og resten av heimbyen Mandal. Ho drakk, festa, og røykte hasj.

Rebekah Pettersen på UL.

– Det gav meg noko som eg følte at eg trengde i sinnet mitt mot Gud. Eg trur C.S. Lewis beskriv det – behaget i å slå tilbake, seier ho.

Det blei viktig for henne å halde sorga på avstand. Ho oppsøkte distraksjon for å unngå å kjenne på eigne kjensler, men blei likevel plaga med dårleg samvit, einsemd, usikkerheit og skam. Dette gjorde at ho også fekk diagnosen posttraumatisk stressyndrom og utvikla depresjon.

Ho fortel at ho etter kvart hadde vore ein del av, men også blitt utsett for, fleire hendingar som aldri burde ha skjedd.

Kompromiss med faren blei vendepunktet

Etter om lag halvanna år i det som begynte å ligne eit gjengmiljø, samla 200 ungdommar seg utanfor Mandalshallen i ein protestdemonstrasjon mot gjengen hennar. Etter dette fekk ho husarrest av faren, som for øvrig hadde følgt henne opp, og fleire gonger køyrd frå dei tre småsøsknene hennar på natta for å leite etter henne.

– Etter gråt og litt overtaling fekk eg lov til å bruke ein dag med vennane mine, viss eg sa ja til å vere med på gudsteneste same kvelden.

På gudstenesta kom vendepunktet. Ho fortel at ho hadde blitt herda og hard i miljøet ho hadde vore ein del av, også i måten ho valte å halde sorga på avstand og ikkje prosessere den.

– Plutseleg kjente eg at eg måtte gråte, og det var ukjent for meg, seier ho.

Pettersen opplevde at Gud snakka til henne, og fortalde at han sakna henne. I det augeblikket overgav ho seg til han.

– Medan eg var der fekk eg verkeleg kjenne og erfare at Gud er god, berre god.

Eg blei oppslukt i spørsmålet om Guds godheit. Det blei den store krisa, og det store spørsmålet for meg

—  Rebekah Louise Pettersen

Gud i smerta

UL skriv på nettsidene sine at Pettersen i seminaret «Kanskje Gud er god likevel?» mellom anna skal snakke om «kristendommens unike evne til å gjøre det vonde vakkert».

– Nokon vil kanskje oppleve det som provoserande å høyre at Gud kan gjere det vonde vakkert, og at alt tener til det gode for den som elskar Gud, dersom dei ikkje sjølv har erfart det i sitt eige liv. Kva tenkjer du om det?

Eg har lurt på om kanskje det vanskelegaste ikkje først og fremst er å tru at det vonde kan tene til noko godt, men heller det å elske og la seg bli elska av Gud midt i smerta, seier Pettersen.

Ho meiner det kan vere utfordrande å ønskje smerta velkommen, men at det gir ein moglegheit til å møte Gud og bli forvandla av han, og bli kjent med han på måtar ein ikkje elles ville gjort.

– Mange får aldri lækjedomen som dei ber om

– Ikkje alle vil oppleve at livet blir komfortabelt igjen, og mange får aldri lækjedomen som dei ber om. Da er himmelen håpet, og der, meir enn nokon gong, vil vi erfare at det vonde blir vakkert og det vil bli fullkomme, seier Pettersen.

Samstundes stiller ho spørsmål rundt kva «det gode» som Paulus snakkar om er, og meiner noko av svaret finst i at menneske som er i relasjon til Gud, blir forma til å likne han.

– Det finst veldig lite som er så effektivt som smerta, i måten den vekkjer oss og minner oss om vår skrøpelegheit og behov for ein frelsar. Og så er smerta i stand til å skape verdifulle kvalitetar i oss, som medkjensle og nærvær, som vi er heilt avhengige av i våre relasjonar med andre menneske. Det kan vi ikkje kjøpe eller lære oss, det må bli til gjennom erfaring. Og på den måten kan også våre historier bli til velsigning og oppmuntring for andre.

Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion