Religion

Ho kom i snakk med kjendis-psykolog på flyplassen. No skal dei snakke om Jesus for open scene

MØTE: Ateisten Peder Kjøs og kristne Linda Andernach Johannesen blei kjent gjennom spanande trussamtaler på ein tom flyplass. No vil dei la fleire lytte til samtala deira.

Kva er det med Jesus?

Det snakkar gjerne Peder Kjøs og Linda Andernach Johannesen om, og no inviterer dei folk til å lytte til samtala deira.

Kjøs er psykolog og er for mange kjent gjennom fjernsynsserien «Jeg mot meg» og fleire podkastar. Johannesen er tidlegare pastor, og no konsulent, i Misjonskirken Norge.

Og rollefordelinga mellom ateisten og kristen-konsulenten er klar:

– Peder trekkjer folk, eg trekkjer Gud, seier Johannesen med eit flir.

12. juni tek dei praten til kafeen Blackbird i Skien, og håpet er at også fleire arrangørar vil ha samtalekonseptet hjå seg.

Målet er å ha samtaler som er interessante uansett kva syn tilhøyrarane har på tru.

Kom i snakk om tru på tom flyplass

Det var ikkje gitt at Johannesen og Kjøs skulle bli kjent med kvarandre. Det heile starta ganske tilfeldig, med at dei begge hadde innlegg på ei tilsett-samling for Den norske kyrkja på Karmøy.

Dei blei køyrt til flyplassen i Haugesund av frivillige, og både på bilturen, og i dei fleire timane med ventetid på flyplassen grunna forseinkingar, gjekk praten om dei heilt store spørsmåla i livet.

– Eg trur eigentleg flyplassen var stengt? Det var i alle fall berre me der, fortel Johannesen.

Og samtala var så spanande, at dei har halde kontakten også etterpå.

Jesus er frelsaren din, også har du ikkje lest biografien om han, liksom?

—  Peder Kjøs

Kjøs har ikkje mange religiøse i omgangskrinsen, og for Johannesen er det omvendt, men begge sette pris på at den andre var nysgjerrig og god til å lytte.

– Er avstanden for stor eller standpunkta for stive blir det ikkje noko moro, meiner Kjøs.

– Nei, for då blir det fort slik at ein skal overtyde den andre eller forsvare seg, skyt Johannesen inn.

– Personleg tru er eit av dei siste tabua

Dei meiner ein fort hamnar i kvar sine bobler, og håpet er at samtala dei inviterer til skal vera med på å opne eit rom for å snakke om «dei store tinga», på tvers av ståstad og utgangspunkt.

– Eg tenkjer at å snakke om personleg tru er eit av dei siste tabua, seier Johannesen, og Kjøs seier seg einig.

– Det har blitt ein privatsak og noko som folk ikkje er så lystne på å bli utfordra på, seier psykologen.

Han meiner det gjeld mange både religiøse og ateistar.

Vitskapen, og deriblant psykologifaget til tider har tatt ein litt råflott posisjon, der ein stiller seg som dommar over alt.

—  Peder Kjøs

Kjøs er trygg i sin ateisme, men har heilt sidan han fekk eit nytestamente på ungdomsskulen lese i Bibelen.

– Det har alltid interessert meg, og eg hadde ein periode kanskje mellom 16- og 18-årsalderen der eg prøva å tru, men eg fekk det ikkje heilt til.

Kjøs trur han har lese meir i Bibelen enn mange kristne.

– Mange har veldig sterke oppfatningar om Jesus, også spør eg kva dei tenkjer om den og den bibelhistoria, men då er dei heilt blanke, fortel Kjøs, som fleire gonger har blitt overraska over kor lite mange kristne har lese i Bibelen.

– Jesus er frelsaren din, også har du ikkje lest biografien om han, liksom?

Daddy issues

Både Johannesen og Kjøs er interesserte i Jesus.

For sistnemnde er han interessant som ein idéhistorisk og religionshistorisk figur. Men kanskje aller mest spanande synest han det er å bli kjent med Johannesens Jesus: Han som er ordet som blei kropp, og som verkar i dag.

– Du er oppteken av den levande Jesus som er til stade. Det er morosamt og veldig lite tidsrett å halde på med i vår tid, og derfor er det interessant, seier Kjøs til Johannesen.

Linda Andernach Johannesen og Peder Kjøs og drar i gang et samtalekonsept med headingen: «Hva er det med Jesus?».

For den tidlegare pastoren er trua på Jesus fundert i både fornuft, kjensler og opplevingar.

– Det kan handle om at eg har kjent på ei leiing frå Gud, at han har hjelpt meg å ta val i livet, og så ser ein tilbake på det og ser ein raud tråd. Og det kan sikkert andre plukke i fillebitar, men for meg kan det styrke trua, fortel Johannesen.

– Ja, ein kan plukke det frå kvarandre, men eg tenkjer at det er interessant å la det vera det det er, og prøve å forstå det ut frå det, seier Kjøs, og held fram:

– Vitskapen, og deriblant psykologifaget til tider har tatt ein litt råflott posisjon, der ein stiller seg som dommar over alt.

Det synest han er urettferdig og gjer eit tankeeksperiment retta mot Johannesen.

– Skulle eg berre redusert hennar oppleving av å bli styrt av Gud til «daddy issues»?

Ein ferdig fasit for livet

Begge dei to meiner det er viktig for dei fleste å snakke om dei store spørsmåla i livet.

Linda Andernach Johannesen og Peder Kjøs og drar i gang et samtalekonsept med headingen: «Hva er det med Jesus?».

Det er også noko Kjøs har sett i terapirommet, men då gjerne med fokus på det eksistensielle. Håpet er at i samtale med Johannesen skal dei også røre ved det åndelege.

På spørsmål om kva misoppfatningar religiøse kan ha om ateistar trur Kjøs at nokon tenkjer at dei er litt overflatiske og ikkje har tenkt så mykje over dei store spørsmåla i livet.

– Men det finst det også kristne som ikkje har reflektert så mykje over dette. Nokon har gjort det enkelt for seg sjølv og kjøpt ein ferdig fasit for livet, meiner Kjøs.

For Johannesen er det viktig å stille spørsmål ved trua si, og ho opplever at det styrkar ho.

Saman håpar dei to no å kunne lokke fleire til å gjera slike refleksjonar og stille spørsmål, uavhengig av livssyn.



Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion