Religion

– Ingen av oss ynskjer ein uendeleg stillingskrig

FRIKYRKJA: Leiaren for utvalet som jobbar med samliv meiner det er heilt naudsynt for ei kyrkje å ha éi lære, men seier ein ikkje har meiningstvang.

– Før synodemøtet i fjor hadde me eit svært krevjande samtaleklima. Vedtaket gjorde at me fekk ro i organisasjonen. Det treng me, seier hovudpastor i Bergen frikirke, Tor Erling Fagermoen.

Vedtaket han siktar til er då Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja (Frikyrkja) på si «generalforsamling» i fjor sommar slo fast at «ekteskapet er Guds gode ordning for samlivet mellom éin mann og éi kvinne».

I vedtaket stod det også at eit nyoppretta dialogutval skulle jobbe fram ein «heilskapleg samlivsteologi» og eit dialogskrift der ein presenterte ulike syn.

Målet med sistnemnde var at det skulle vera til hjelp å ta ei vanskeleg samtale i kyrkjelydane rundt om i landet.

I tillegg skulle utvalet drøfte om samlivssyn er såkalla «vedkjenningsspørsmål» og «kyrkjesplittande». Med andre ord: om samliv er eit spørsmål ein kan godta at ein er ueinige om.

– Ikkje meiningstvang

Medan nokon har kritisert at ein innleiar ein dialogprosess med å slå fast at ekteskapssynet ikkje skal endrast, meiner pastor Fagermoen dette var eit godt grep.

Han er leiar for dialogutvalet som no jobbar på spreng med samlivsspørsmålet, fram til dei skal levere sine dokument og resultat til synodestyret i Frikyrkja innan 1. september. Synodestyret leiar kyrkjesamfunnet mellom kvart synodemøte.

– Er det ein verdi i å ha dialog når konklusjonen alt ligg fast?

– Det som skjer no er at me ikkje er på veg mot ei endra lære, men me snakkar om korleis me kan leve godt med ulike meiningar. I mitt hovud går det opp.

Me mista noko av den gode dynamikken då Maria gjekk.

—  Tor Erling Fagermoen om tidlegare utvalsmedlem Maria Bjørdal

Likevel har han forståing for at det ikkje følast tilstrekkeleg for dei som ynskjer seg eit anna ekteskapssyn.

– Det er heilt naudsynt for ei kyrkje å ha éi lære. Men me har ikkje meiningstvang. Me ynskjer den gode samtala velkommen.

Utvalsleiaren trekkjer parallellar til Den katolske kyrkja, der det finst katolikkar med mange ulike meiningar om samliv, men der kyrkja si lære står fast.

– Me må lære oss å leva med at me er ueinige, men det gjer folk utrygge viss ein er redd for at det fører ein på veg mot å endre lære.

Derfor meiner han vedtaket i fjor var godt.

---

Dette er saka

  • På synodemøtet til Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja i 2022 var det oppe ei sak der Oslo-kyrkjelyden Kraftverket foreslo at ein skulle ha ei teologisk utgreiing der ein såg på argument for og imot likekjønna samliv, men forslaget fall.
  • I staden vedtok ein at Frikyrkja står fast på at «ekteskapet er Guds gode ordning for samlivet mellom éin mann og éi kvinne».
  • Ein vedtok også å setje ned eit dialogutval som mellom anna skulle utarbeide ein «heilskapleg samlivsteologi», eit dialogskrift der ein skisserer ulike samlivssyn og ein skulle drøfte om samlivssyn er eit «vedkjenningsspørsmål» og «kyrkjesplittande».
  • Desse blei utnemnt til å sitje i dialogutvalet: Tor Erling Fagermoen, pastor i Bergen Frikirke, Geir Øystein Andersen, tilsynsmann i Østre presbyterium, Ingebrikt Kvam, pastor i Trondheim Frikirke, Ingunn Magnus, FriBU-tilsett og familiearbeidar i Hånes Frikirke, Leif Gunnar Sandvand, pensjonert pastor og Maria Bjørdal, pastor i Kraftverket kyrkjelyd.
  • Maria Bjørdal trakk seg denne veka frå utvalet. Ho opplevde ikkje at det blei «dialogisk meiningsbryting» i utvalet, og følte at det var nyttelaust å vera der som ein representant for mindretalet.
  • I etterkant av at Bjørdal trakk seg gjekk synodeleiar Jarle Skullerud ut og sa unnskyld for at utvalet hadde fått «ei umogleg oppgåve», og fortalde at synodestyret no skal ta på seg oppgåva med å laga eit dialoghefte.

---

– Det utarmar oss

– Nokon har tatt til orde for at det er på tide å koma seg vidare. Ein har alt konkludert med eit ekteskapssyn, vil ikkje denne prosessen krevje unødig energi?

– Det kan du seie. Men bølgjene gjekk høgt før førre synodemøte og nokon opplevde at det ikkje var rom for å seie meininga si lengre. Med vedtaket sa synoden at «her er det takhøgd for ulike meiningar».

– Men det er klart, ingen av oss ynskjer ein uendeleg stillingskrig, det utarmar oss. Eg trur heller ikkje nokon ynskjer at samliv skal vera ein hovudsak for kyrkja i dei neste ti åra framover, seier pastor Fagermoen.

Ei umogleg oppgåve?

Maria Bjørdal, pastor i Kraftverket frikirke. promoteringsbilde tatt i forbindelse med podkasten Kulturmisjonen.

På tysdag blei det klart at Maria Bjørdal, pastor i Oslo-kyrkjelyden Kraftverket, trekkjer seg frå utvalet Fagermoen leiar.

Ho skreiv i et innlegg på Veien at ho ikkje opplevde at det blei «dialogisk meiningsbryting» i utvalet, og at ho opplevde det som nyttelaust å vera der som ein representant for mindretalet.

Ho uttrykte også at mandatet til utvalet var for sprikjande og omfattande.

onsdag unnskylda synodeleiar Jarle Skullerud for å ha gjeve utvalet «ei umogleg» og «for sprikjande» oppgåve, og meldte at synodestyret vil ta over oppgåva med å laga eit samtalehefte.

– Gjorde oppdraget vanskeleg

Fagermoen seier han synest det er trist at Bjørdal trakk seg.

– Me mista noko av den gode dynamikken då Maria gjekk. Ho har frå fyrste stund vist integritet. Ho har vore open om at det har vore krevjande å vera mindretalet og ho har problematisert bestillinga me fekk som utval.

– Var det mandatet som var problemet eller kunne ein løyst ting annleis internt i utvalet?

– I etterpåklokskapens ljos ser eg at tidsramma gjorde oppdraget vanskeleg. Eg går ikkje inn i eit arbeid med ein tanke om at dette er umogleg, men det kan hende eg er litt tidsoptimist, eller naiv om du vil.


I bestillinga frå synodemøtet stod det at utvalet skulle bruke dialog som metode i arbeidet.

– Det må me erkjenne at me ikkje har gjort.

Det grunngjev Fagermoen med tidspresset.

– Viss me skulle greie å skrive to gode tekstar kunne me ikkje bruke all tid på å oppnå forståing for kvarandre sine syn i gruppa, seier pastoren.

No når arbeidsmengda er redusert ser han ljost på å fullføre arbeidet i utvalet innan fristen.

Handlar ikkje berre om homofili

– Synodemøtet sa at utvalet skulle ha minst éin person som representerte ein annan ståstad i samlivssaka enn majoriteten, og Bjørdal seier ho blei invitert inn i utvalet som ein slik representant. Betyr det at de no ikkje har nokon som representerer dette synet?

– Eg vil ikkje gå inn på kvar enkeltperson sitt standpunkt, men eg meiner me har ei tilstrekkeleg breidde slik utvalet er i dag, seier Fagermoen.

– De skal utarbeide «ein heilskapleg teologi». Kva legg du i det omgrepet?

– Slik eg tolkar synoden handlar det om at me skal drøfte likekjønna samliv i ljos av ein heilskap og at me ikkje ynskjer å isolere dette til berre å handle om homofili. Menneskeleg seksualitet er meir enn det.

---

Frikyrkja

  • Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja (Frikyrkja) blei stifta i 1877 då dei braut med Den norske kyrkja.
  • Frikyrkja har i 2023 om lag 21.500 medlemmar og 82 kyrkjelydar.
  • Kyrkjelydane er sjølvstendige, og styrast av valde eldsteråd. Dei er også medlemmar av Frikyrkja sentralt.
  • Synoden er kyrkjesamfunnets øvste organ. Den samlast til synodemøte kvart tredje år og har representantar frå alle kyrkjelydane.
  • Synoden har ansvar for fellesarbeidet og vedtek lovar og reglar for kyrkjesamfunnet.

Kjelde: Frikirken.no

---

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion