Religion

Kristenprofilane sine stalltips til ny biskop

DEN NORSKE KYRKJA: Om tre veker er fristen for å koma med forslag til ny biskop i Sør-Hålogaland. Her er stalltipsa frå ei rekkje personar med god kjennskap til kyrkjelandskapet i nord.

I februar kunngjorde Ann-Helen Fjeldstad Jusnes at ho går av som biskop i Sør-Hålogaland til sommaren. Dermed er den lange prosessen med å finne arvtakaren hennar i gang.

Tidlegare denne veka opna bispedømet for at kven som helst kan sende inn namn på aktuelle kandidatar. Fristen for å koma med forslag er 26. mars.

I dei to førre rundane for å finne nye biskopar i Den norske kyrkja, nemleg i Bjørgvin og Hamar, kom det båe gongene inn over nitti ulike namn.

Vårt Land har snakka med personar som har god kjennskap til Den norske kyrkja, og Nord-Noreg spesielt, for å høyre kven dei trur kan vera aktuelle kandidatar til å overta bispesetet. Ikkje alle er siterte i saka, men fleire har bidrege med sine tankar og vurderingar.

«Hellar mest mot å seie ja»

Det er ikkje sjølvsagt at ein hentar biskopen lokalt.

Faktisk har det aldri vore ein biskop i Sør-Hålogaland som er oppvaksen der, seier teologiprofessor Hallgeir Elstad.

Sidan bispedømet blei oppretta ved delinga av det tidlegare Hålogaland bispedøme i 1952, er det eit fåtal som i det heile har jobba i området over tid før dei blei biskop. Likevel blir det av mange rekna som ein styrke med lokal tilknyting.

Domprost i Tromsø, Stig Lægdene, prost i Lofoten, Kristine Sandmæl og prost i Nord-Helgeland, Olav-Rune Ertzeid er tre av personane som blir trukke fram som aktuelle kandidatar til stillinga som biskop i Sør-Hålogaland.

Det er ganske vanleg at biskopane blir henta frå prostestillingar.

Fleire nemner éin eller fleire av dei åtte prostane i bispedømet som aktuelle kandidatar.

Prost i Nord-Helgeland, Olav-Rune Ertzeid, og prost i Lofoten, Kristine Sandmæl, er namn som blir nemnt av fleire.

Ifylgje Helgelands Blad er Ertzeid alt foreslått av eit samrøystes sokneråd i Sandnessjøen.

I sitt forslag seier dei mellom anna at Ertzeid er godt lika og har «vist særlege evner til å sjå det store biletet i mange samanhengar.» Til avisa seier han at han «akkurat no hellar mest mot å seie ja», skulle han bli spurt om å bli med vidare i prosessen.

– Ei tydeleg stemme

– Sandmæl tenkjer eg må vera ein veldig aktuell kandidat, meiner Tor B. Jørgensen.

Han var biskop i Sør-Hålogaland i ni år før Jusnes tok over i 2016.

Jørgensen trekkjer fram at Lofoten-prosten er leiar for Mellomkyrkjeleg råd og kyrkja sitt LHBT-utval, og meiner det er positivt at ho har vist nasjonalt engasjement over tid.

– Ho har vore ei tydeleg stemme for likekjønna ekteskap, og det ville vore ei viktig markering å ha ein biskop i ein slik livssituasjon, seier Jørgensen, og siktar til at Sandmæl er gift med ei kvinne.

London 09.09.22 
Dronning Elizabeths død

Sandmæl var ein av dei fem siste kandidatane til bispestillinga i Sør-Hålogaland i 2015, då Jusnes trakk det lengste strået.

Det var fyrste gong ein opent lesbisk person blei nominert til biskop i Den norske kyrkja.

– Fin bispealder

Fleire påpeikar at Olav-Rune Ertzeid kan vera akkurat i grenseland med tanke på alder. Han er født i 1960.

Teolog og professor ved Nord universitet, Idar Kjølsvik, meiner ein ikkje kan bastant seie ei øvre aldersgrense for nye biskopar, men at midten av 50-åra er ein «veldig fin bispealder».

Kjølsvik trekkjer mellom anna fram Svein Valle, domprost i Bodø, som ein han meiner ville passa godt som biskop i Sør-Hålogaland.

– Han kjenner bispedømet godt og har ein samlande profil og relevant erfaring.

Kjølsvik trekkjer mellom anna fram jobben han har hatt som studentprest ved Nord universitet.

Også Odd Eidner, prostiprest i Bodø, nemner Valle som ein god kandidat til bispestillinga.

Håpar på biskop med kjennskap til det samiske

For Eidner er det viktig at dei får nokon som er frå landsdelen.

– Det er på høg tid. Det er så klart ikkje det einaste som betyr noko, men det er noko med å kjenne kulturen frå innsida heilt frå oppveksten av, meiner Eidner.

Han trekkjer fram biskopen i Nord-Hålogaland, Olav Øygard, som eit godt døme på ein biskop frå landsdelen som kjenner både den norske og samiske kulturen «på ein veldig god måte».

Leiar i Samisk kyrkjeråd, Sara Ellen Anne Eira, seier at det er viktig å få ein biskop som kjenner til det samiske i Sør-Hålogaland. Ho påpeikar at det er mange ulike samiske språk og kulturar i området.

– Eg håpar me får ein biskop som er like open og inkluderande som noverande biskop, slik at me kan vidareføre det gode samarbeidet, seier Eira.

Ho påpeikar at det finst fleire prostar med god kjennskap til det samiske og til urfolksarbeid, og trekkjer fram Kristine Sandmæl som døme.

Kan hente frå lenger nord

Fleire peikar også lenger nord for å finne kandidatar, nærmare bestemt til Tromsø domprosti, der Stig Lægdene har vore prost sidan 2017.

?

Han er for tida fungerande biskop i Nord-Hålogaland, medan Olav Øygard er ute i studiepermisjon.

Lægdene har mellom anna vore ei tydeleg stemme for at det ikkje skal vera lov for prestar i DNK å reservere seg mot å samarbeide med kvinnelege prestar.

Det skapte også merksemd då han heldt gudsteneste for demonstrantar som ville hindre deponering av gruveavfall i Repparfjord. Lægdene sa han også var villig til å lenke seg fast, skulle arbeidet med avfallsdumping gå i gang.

Også bodøværingen Siv Limstrand som no er sokneprest på Svalbard blir nemnt som ein aktuell lokal kandidat, både av Eidner og Kjølsvik.

– Ein veldig sterk kandidat

Men det er også aktuelle kandidatar som bur «sørpå». Professor på Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo, Hallgeir Elstad, blir nemnt.

– Han er ein spanande og allsidig kyrkjehistorikar og må vera ein veldig sterk kandidat etter mitt skjønn, meiner Jørgensen.

Hallgeir Elstad, TF, UiO

Elstad er født og oppvaksen i Vestvågøy i Lofoten, og har blitt foreslått ei rekkje gonger tidlegare i bispetilsetjingsprossesar. Mellom anna var han nominert som ein av seks kandidatar i 2015 då Jusnes blei biskop.

Elstad har sjølv nokon tankar om kva ein bør sjå etter i ein ny biskop i det nordnorske bispedømet.

Han meiner Sør-Hålogaland kanskje er det fremste folkekyrkje-bispedømet i landet, og seier at ein uvanleg høg del av dei som bur der er medlem av Den norske kyrkja og

markerar dei store dagane som dåp, konfirmasjon og gravferd i kyrkja.

Professoren meiner det blir viktig med nokon som vil fylgje opp og vidareutvikle dei folkekyrkjelege tradisjonane.

Vidare trekkjer han fram at det blir viktig å jobbe med rekruttering til kyrkjelege stillingar, at bispedømet «fortener ein biskop som kjenner kyrkjelivet i bispedømet», og til slutt:

– Eg har ein kjepphest eg vil ta ut av stallen også her: Ikkje alle biskopar treng å ha ein doktorgrad, men biskopar bør ha formell utdanning utover det ordinære profesjonsstudiet i teologi.

– Eg kjem i alle fall på ein person som tilfredsstiller krava dine om lokal tilknyting og doktorgrad?

– Hehe, kven kan det vera?

– Kva tenkjer du om at ditt namn er blitt nemnt?

– Viss eg skulle blitt foreslått ville eg seriøst vurdert det, svarar Elstad.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion