Religion

Fosen-aksjonen: Leiar for samisk kyrkjeråd melder seg ut av Arbeidarpartiet i protest

FOSEN: Leiar for samisk kyrkjeråd Sara Ellen Anne Eira melder seg ut av Arbeidarpartiet på grunn av regjeringas handsaming av Fosen-domen. Det same gjer kyrkjerådsmedlem og tidlegare Ap-ordførar Rolf Steffensen.

– Eg støttar aksjonistane fullt ut.

Det seier leiar for samisk kyrkjeråd i Den norske kyrkja (DNK), Sara Ellen Anne Eira.

Det handlar om demonstrantane som blokkerer inngangane til Olje- og energidepartementet i Oslo sentrum.

Aksjonistane reagerer på at vindturbinane på Fosen, som Høgsterett har sagt at er ulovlege, ikkje er rivne, halvtanna år etter domen fall.

For Eira er aksjonen tett på. Ho vurderte sjølv å ta turen til hovudstaden for å vise si støtte, men blei heime. Då ho vakna i dag blei ho sett ut av det som har skjedd natt til måndag.

Nevøen hennar, Jon Anta Eira Åhrén, var ein av 13 demonstrantar som blei fjerna med makt av politiet og køyrd til politihuset etter at dei nekta å fjerne seg frå innsida av departementet.

Jon Anta Eira Åhrén blir frakta vekk av politiet.

– Det vil eg ikkje assosierast med

Vårt Land avbryt Eira midt i skrivinga av ein viktig e-post: Ho melder seg ut av Arbeidarpartiet.

– Eg kan ikkje lenger vera medlem av eit parti med ein slik politikk. Det vil eg ikkje assosierast med.

Ho har sterke kjensler knytt til Fosen-saka.

– Dette strir mot grunnleggjande menneskerettar. Vårt høgast dømande, rettslege organ har sagt at konsesjonen er ugyldig. Personleg synest eg det er veldig rart at det går så lang tid utan at ein gjer noko for å stoppe eit pågåande menneskerettsbrot.

Eira seier samisk kyrkjeråd også har vore opptekne av å vise at det ikkje er haldbart at det tek så lang tid utan at noko skjer.

Det er vår diakonale plikt å vera der når menneske treng oss.

—  Sara Ellen Anne Eira, leiar for samisk kyrkjeråd

I januar sende ho og sjefsbiskop i DNK, preses Olav Fykse Tveit, eit ope brev til olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) der dei angrip Støre-regjeringas handsaming av Fosen-domen.

Prest: – På tvers av verdiane Ap er tufta på

Kyrkjerådsmedlem, prest og tidlegare Ap-ordførar Rolf Steffensen har også i dag sendt ein e-post der han melder seg ut av Arbeidarpartiet.

Rolf Steffensen, Sør-Hålogaland

Han seier til Vårt Land at han har følgt Fosen-saka lenge, og at utmeldinga kjem som ein reaksjon på regjeringas handsaming av denne.

– Det heile har spissa seg i forbindelse med ungdommane sin aksjon. Posisjonane har blitt endå tydlegare enn før.

Då han vakna og såg bileta frå politiet sin aksjon i natt var det dropen som fekk begeret til å renne over.

– Eg opplever at regjeringa med Ap i spissen jobbar aktivt med å koma forbi høgsterettsdomen som slo fast at vindturbinane er oppførte på ulovleg grunnlag og at dei er i konflikt med urfolks menneskerettar.

Han kallar det utoleleg og uakseptabelt.

– Det går på tvers av mine verdiar og på tvers av dei verdiane Ap er tufta på, nemleg likeverd og menneskerettar.

– Ekko av Alta-aksjonen

Steffensen meiner Ap bør ha historia med Alta-aksjonen med seg.

– Eg høyrer eit ekko av Alta-saka. Den liknar veldig på det me ser no. Eg hadde tru og håp om at me hadde komme lenger, seier Steffensen.

Han har jobba som prest for lulesamisk område sidan 2018, og han har jobba med forsoningsarbeid i Sør-Hålogaland bispedøme i om lag tjue år.

– Reindrift og samiske verdiar står heilt sentralt i min kvardag som prest. Samepolitikk er noko me held på med kvar dag.

For Steffensen er det ei sorg knytt til å melde seg ut av Arbeidarpartiet. I tillegg til å ha vore aktiv politikar har han med seg Ap-identiteten heilt frå barnsbein av.

– Eg kjem frå ein familie der me har følt sterk tilknyting til partiet og verdiane. Det er mange lag i det å ta eit slikt oppgjer med partiet, men det er eit lite offer å bera. Det viktige her er det samiske livsgrunnlaget og naturen, seier Steffensen.

Steffensen var ordførar for Arbeidarpartiet i Hamarøy kommune frå 2007-2015. Han kallar seg sjølv eit passivt Ap-medlem dei siste åra.

Presten har tidlegare vore kandidat til bispe-stillinga i Sør-Hålogaland.

Leiar for mellomkyrkjeleg råd er no partilaus

På Facebook gjer også prost i Lofoten og leiar for mellomkyrkjeleg råd, Kristine Sandmæl det klart at ho no er partilaus.

– Eg er rysta over argumentasjonen i departementet i denne saka, og rysta over mangelen på evne til å innsjå at ein har gjort ein feil som ein bør rette opp. Eg er no partilaus. Utmeldinga blei sendt i går kveld, skreiv ho måndag ettermiddag på sin Facebook-profil.

Kristine Sandmæl - Mellomkirkelig råd

Ho oppgjev ikkje kva parti ho har meldt seg ut av.

– Vår diakonale plikt

Trefoldighetskirken i Oslo har opna dørene sine for aksjonistane, slik at dei kan bruke toaletta, varme seg og få mat. Det synest Sara Ellen Anne Eira er flott.

Oslo-kyrkja har rolle som freds- og forsoningskyrkje.

– Dette viser at dei faktisk utøver dette i praksis. Dei er rause og opne, det er eg er svært takksam for, seier Eira.

Ho dreg også fram korleis tilsette i kyrkja har levert mat til dei innestengde aksjonistane.

– Legg kyrkja med dette til rette for sivil ulydnad?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Ein viser i alle fall at ein støttar dei som ikkje godtek styresmaktene si handtering av saka.

Eira meiner det nokon gonger er heilt naudsynt å ty til sivil ulydnad og at det er viktig at kyrkja er raus.

– Det er vår diakonale plikt å vera der når menneske treng oss.


Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion