Religion

Påskeforkynninga må ta for seg antisemittisme, meiner teologiprofessor

PODKASTEN DOKKA: Kan kristendommen fri seg frå sin antijødiske teologi? spør Åste Dokka. – Me må seie noko om kor gale det kan gå når ein les bibelen, meiner teologiprofessor Gunnar Haaland.

I sitt fyrste brev til tessalonikarane skriv Paulus: «jødane, dei som drap Herren Jesus og profetane og forfølgde oss. Dei er ikkje til glede for Gud og står alle menneske imot.»

– Det kristne Europa har ei historie med århundrelang jødeforfylgingar og Holocaust. Mellom anna på grunn av bibelvers som dette. Kan kristendommen fri seg frå sin antijødiske teologi?

Slik startar Vårt Land-kommentator og teolog Åste Dokka denne vekas episode av podkasten Dokka.

Gunnar Håland og Åste Dokka.

Med seg har ho ein av dei i Noreg som har fordjupa seg mest i relasjonen mellom jødedom og kristendom: Gunnar Haaland. Han er professor i teologi, religion og filosofi ved NLA Høgskolen.

– Eg har i mange år vore oppteken av kyrkjas antijødiske arv og vedvarande hang til å formulere seg på bekostning av jødar og jødedom, fortel han i podkasten.

Han meiner det er fleire skriftstadar som kan nøre opp om dette. Haaland seier at det er «mykje godteri» for ein antisemitt i både den jødiske bibel og Det nye testamentet.

– Jødane ropa krossfest, krossfest

Ein skriftstad som ofte blir trekt fram er Johannes 19,6 der Jesus blir ført ut til folket av Pilatus, og dei ropar «Krossfest! Krossfest!».

Me kan ikkje berre reprodusere det språket me finn i Det nye testamente

—  Gunnar Haaland, professor i teologi, religion og filosofi ved NLA Høgskolen

Dokka påpeikar at nokon når dei preikar over denne teksta vil leggje vekta på at det er jødefolket som ropar «krossfest, krossfest». Andre fokuserer på at det er Det høge råd eller romarane som krossfestar Jesus.

– Johannesevangeliet tillèt å formulere seg på ein måte som me ikkje kan formulere oss. Der står det at jødane ropa krossfest, krossfest, seier Haaland.

– Kan gå gale når ein les i Bibelen

Han meiner at det er fleire påsketekstar som ein ikkje kan lesa utan å også ta for seg antisemittisme:

– Me må ta tak i det og seie noko om kor gale det kan gå når ein les Bibelen.

– Eller kor gale det har gått, repliserer Dokka.

---

Podkasten Dokka

  • Teolog og Vårt Land-kommentator Åste Dokka er programleiar, og inviterer ein gjest til å «snakke lett om tunge ting».
  • Ny episode annankvar måndag fram til sommaren.
  • Heile katalogen finst i dei fleste podkast-tenester, som Spotify, Apple, Google og Acast.

---

Professoren meiner den jødiske historia med liding i stor grad er driven fram av kristendommen.

– Me må seie noko. Me kan ikkje berre reprodusere det språket me finn i Det nye testamentet.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion