Religion

Islam Net-leiar kritiserte Shabana Rehman på Facebook etter at ho døydde, no seier han unnskyld

KRAFTIG SKYTS: – Ho heldt oppe Koranen med eit brennande stearinljos framom og oppmoda til fleire bokbål, skreiv Fahad Qureshi. No har han sletta posten.

– Ho strippa og viste fram sine bakre privatdelar for å bryte ned forventningar til at muslimske kvinner er anstendige.

Det skreiv leiaren av den muslimske rørsla Islam Net, Fahad Qureshi, om Shabana Rehman i ei lukka Facebook-gruppe med nesten 16.000 medlemmar. Dette var berre dagar etter at den kjente komikaren døydde av kreft.

– No er ho død og har reist frå denne verda. Ho bør vera ei påminning for oss som verkeleg set pris på rettleiinga frå Gud og ikkje ein som trassar han, held han fram i innlegget.

Han kritiserte også den kjente episoden då ho lyfta ein motvillig mulla Krekar på scenen under ein debatt. I innlegget får ho også skulda for at SIAN har brent Koranen:

– Ho heldt oppe Koranen med eit brennande stearinljos framom og oppmoda til fleire bokbål her i landet – som Lars Thorsen (SIAN-leder, red.anm.) så oppfylte, skreiv han.

Men no har han bede om orsaking, melder både Dagen og Nettavisen.

– I affekt

– Eg ber om unnskylding for min kritikk mot nyleg avdøde Shabana Rehman. Som truande muslim opplevde eg det som sårande og urettferdig at ein islamkritikar som oppmoda til å brenne Koranen og som latterleggjorde min Profet blei hylla som ein folkehelt, skriv Islam Net leiaren i ei melding som er sendt til Nettavisen og Dagen.

– I etterpåklokskapens ljos innser eg at det var feil tidspunkt å rette kritikk mot Rehman og hennar gjerningar, skriv Qureshi.

Han seier til avisa at det skjedde i affekt, og at han har sletta innlegget av respekt for Rehmans pårørande, og at han ber om orsaking for at dei kan ha blitt eksponerte for orda hans i ei vanskeleg tid.

Som truande muslim opplevde eg det som sårande og urettferdig at ein islamkritikar som oppmoda til å brenne Koranen og som latterleggjorde min Profet blei hylla som ein folkehelt.

—  Fahad Qureshi, leiar av Islam Net

---

Islam Net

  • Islam Net blei etablert i 2008 og er ei muslimsk ungdomsrørsle med ei salafistisk orientering. Omgrepet har Islam Net unngått å bruke om seg sjølv. I staden hevdar dei ganske enkelt å representere islam.
  • Salafisme er ei moderne puritansk og reformistisk tilnærming til islam som legg vekt på å vende tilbake til ei bokstaveleg tolking av de islamske grunnlagstekstane Koranen og hadith, og som ynskjer å «reinske» islamsk tru og praksis for det som blir sett på som «ikkje-islamske» element.

Kjelde: Store Norske Leksikon

---

Sterke reaksjonar

Ei av dei som reagerte sterkt på det opphavlege innlegget til Qureshi, var bystyrerepresentant i Oslo, Eivor Evenrud (Ap).

– Det siste året har dei jobba hardt for å verke nye og moderate, men alt er som før hjå den ekstreme gjengen i Islam Net, skreiv ho på Facebook.

– Påføring av skam, skyld og synd, verkemiddel som best kan skildrast som psykisk vald, over heile linja. Dette skildrar godt det krysspresset Shabana og andre minoritetskvinner blir verande i. Sjølv etter sin død skal ho altså bli tatt og vera «ei påminning». Nedrigare blir det ikkje, skriv politikaren.

Det siste året har de jobbet hardt for å fremstå nye og moderate, men alt er som før hos den ekstreme gjengen i Islam...

Posted by Eivor Evenrud on Monday, January 2, 2023

Også MDG-politikar Shoaib Sultan reagerte sterkt.

– Dette var nedrig og heilt unødvendig. Det vanlege er at ein ikkje hakkar på nokon som har døydd, men det overraskar dessverre ikkje, seier Sultan til avisa Dagen.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion