For ei dryg veke sidan trekte Statsforvaltaren i Oslo og Viken tilbake Jehovas vitners registrering som trussamfunn. Tap av denne registreringa fører både til at trussamfunnet mister retten på å kreva statstilskot og retten til å vigsla.
No melder Jehovas vitner via sine nettsider at Oslo tingrett har innvilga ei mellombels forføyning. Denne vart innvilga 30. desember 2022.
– Me er tilfreds
Vårt Land har ikkje sett dette dokumentet. Men Jehovas vitners advokat Anders Ryssdal skriv til Vårt Land at den mellombelse forføyninga betyr at Jehovas vitner framleis kan gjennomføre vigslar. Han skriv at dei vil ha denne retten fram til saka har vore oppe i Oslo tingrett.
– Me er tilfreds med at tingretten forstod Jehovas vitners akutte situasjon og tok vår oppmoding til følge. Rettssakene vil fortsetta, men medlemmane i Jehovas vitner kan inntil vidare halda fram sitt normale religiøse fellesskap og mellom anna gjennomføre vigslar på same måte som andre trussamfunn i Noreg, skriv Anders Ryssdal i ein SMS til Vårt Land.
Ryssdal representerer Jehovas vitner og jobbar for advokatselskapet Glittertind.
Ifølge domstol.no blir mellombels forføyning brukt i sivile saker. Avgjersla skal berre gjelda for ei viss tid, vanlegvis fram til ei rettssak er endeleg avgjort.
Jehovas vitner har saksøkt staten etter dei vart nekta statstilskot for 2021. Stemninga mot Barne- og familiedepartementet vart sendt til Oslo tingrett 21. desember. Dagen etter, 22. desember, kom meldinga om at Statsforvaltaren i Oslo og Viken trekker tilbake Jehovas vitners registrering som trussamfunn.
Eksklusjonspraksis avgjorde
Bakgrunnen for rettssaka er at departementet i haust held oppe vedtaket frå Statsforvalteren i Oslo og Viken om å nekte Jehovas vitner statstilskot for 2021 på grunn av trussamfunnets eksklusjonspraksis.
Tilskotet for Jehovas vitners 12.686 medlemmer i fjor utgjer om lag 16 millionar kroner.
Jehovas vitner: Par kan no gleda seg
Jørgen Pedersen i informasjonsavdelinga til Jehovas vitner skriv i ein e-post til Vårt Land at dei er glade for den nye avgjersla i Oslo tingrett.
– Det betyr at Jehovas vitner opprettheld sin status som registrert trussamfunn, ein status dei har hatt sidan ordninga vart innført i Noreg i 1985, fram til det er brakt nærare klarheit i om vedtaket frå Statsforvaltaren er ugyldig.
Pedersen i Jehovas vitner legg til:
– Takka vera dette vedtaket frå Oslo tingrett, vil dei para som hadde planlagt å bli via av ein vigselmann i sitt eige trussamfunn i januar og februar 2023, no kunne gleda seg over denne dagen saman med familie og venner.
Endringslogg laurdag 31. desember klokka 17.05
La inn nye sitat frå Jehovas vitner