Religion

Ekteparet skulle leie Frelsesarmeen i Levanger. Så måtte dei ut av landet

TRØNDELAG: Rhonda og Joel Harmon kom til Noreg i fjor for å leie kyrkjelyden til Frelsesarmeen i Levanger. Nesten eitt år seinare måtte dei reise heim att. Årsaken: Dei manglar mastergrad.

Joel og Rhonda Harmon kom til Noreg frå heimlandet USA i november i fjor. Ganske umiddelbart søkte dei om opphalds- og arbeidsløyve. Det fortel distriktsleiar for nordre divisjon i Frelsesarmeen, Berit Kristiansen.

Nesten eitt år etter kom svaret på søknaden. Ekteparet og barna måtte ut av landet innan 3. desember. Det melder avisa Innherred som fyrst skreiv om saka.

Grunngjevinga skal vera at personar som kjem for å jobbe som religiøse leiarar i Noreg må ha ein mastergrad. I tillegg tener dei 20.000 kroner for lite for å nå minstekravet på 449.000 kroner, melder Innherred.

Kristiansen seier til Vårt Land at familien Harmon alt har reist frå Noreg.

Vekkjer sterke reaksjonar

Lokalt har avslaget frå Utlendingsdirektoratet (UDI) vekt reaksjonar. Sokneprest i Levanger, Sabine Kjølsvik, og pastor i Levanger Vineyard og leiar for Levanger kristne Råd, Olav Heggvik, reagerer kraftig på at det amerikanske ekteparet må reise ut av landet.

– Slike historier viser eit umenneskleg andlet av staten. Eg må innrømme at eg skamma meg då eg fekk høyre om dette vedtaket, seier Heggvik til Innherred.

Dei to kristne leiarane har blitt godt kjent med ekteparet i løpet av året dei har budd i Levanger.

Planen var at Joel og Rhonda Harmon skulle leie det lokale Frelsesarmeenkorpset i Levanger. Korps er Frelsesarmeen sitt namn på kyrkjelydar, og slik sett ville ein kanskje andre stadar kalla jobbane ekteparet var tiltenkt for pastor og dagleg leiar for kyrkjelyden.

Kristiansen er ikkje einig i UDI i at ekteparet ikkje hadde nok utdanning til å utføre denne jobben.

– Dei er utdanna som offiserar og til den rolla dei skulle gjera. Dei har kompetanse nok. Dessutan har dei vore ein periode i Noreg før, seier Kristiansen.

– Leit

Ho fortel at Frelsesarmeen har oppmoda personar i organisasjonen som bur i andre land om å søkje på stillingar i Noreg, då ein ikkje har nok folk nasjonalt.

– Heile kyrkjelyden har vore på vent i eitt år no, i håp om at dei skulle få opphalds- og arbeidsløyve. Dette er leit for me hadde håpa dei kunne bli og me hadde trunge dei, seier Kristiansen.

Dei er utdanna som offiserar og til den rolla dei skulle gjera. Dei har kompetanse nok

—  Berit Kristiansen, distriktsleiar for nordre divisjon i Frelsesarmeen

Likevel meiner ho avslaget er udramatisk.

– UDI har ein regel om at ein treng ein mastergrad. Det blir feil å seie at dei er kasta ut, meiner distriktsleiaren.

– Men kunne ein ikkje sjekka opp i kva krav som blir stilt for arbeidsløyve før ein inviterte dei til Noreg?

– Jau. Det kunne ein.

Kristiansen seier ekteparet Harmon var meint å skulle gjera eit nybrotsarbeid i Levanger, der dei mellom anna skulle starte opp arbeid for barn og unge etter skuletid.

Distriktsleiaren seier arbeidet med matutdeling og arbeid for dei vanskelegast stilte i kommunen blir gjort av ein annan tilsett i Frelsesarmeen, og derfor ikkje blir råka av utreisa til ekteparet.

UDI kan ikkje kommentere saka, då Joel og Rhonda Harmon ikkje har løyst dei frå taushetsplikta.

– Uforståeleg

Generalsekretær Erhard Hermansen i Norges Kristne Råd reagerer på avslaget frå UDI.

– Det er komplett uforståeleg at UDI oppgir kompetansekravet som direkte årsak til avslaget, seier han.

Hermansen har vore i dialog med UDI om spørsmålet, og opplever retningslinjene som vage og uklare.

– Det er over all forstand at UDI skal definere kven som er best til å leie Frelsesarmeen, og ikkje minst at dei skal krevje høgare utdanneing når leiarane kjem frå eit anna land. Her må UDI gå rundar med regelverket dei har, skriv Hermansen i ein e-post.

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion