Religion

Biskop: – Ikkje naturleg at presten er seremonileiar for ei livssynsnøytral gravferd

DEN NORSKE KYRKJA: Kyrkjerådsleiaren vil opne for ikkje-religiøse gravferder i kyrkjer. – Kyrkjebygg må få vera kyrkjebygg, seier biskop Stein Reinertsen.

Førre veke tok ei fullsett Sagene kyrkje i Oslo farvel med Raudt-politikaren Reza Rezaee. Avskjeden skjedde gjennom ein såkalla «livssynsnøytral seremoni», skreiv Sagene Avis.

Det innebar ein seremoni utan kristen liturgi, leia av den lokale soknepresten, Knut Rygh, som hadde på seg mørk dress i staden for prestekjole og stola.

– Presten kjente den avdøde og var innstilt på å leie ein avskjed som ikkje var ei kristen gravferd. Derfor bar han heller ikkje presteklede, sa Marit Bunkholt, prost i Nordre Aker prosti i Oslo.

Ho er arbeidsgjevar for Rygh. Biskop i Oslo, Kari Veiteberg, har vore involvert i forkant av den aktuelle seremonien i Sagene kyrkje, og forsvarar den «ut frå eit pastoralt skjønn».

24.03.22 Østre Aker Kirke, Oslo, Norge. Kari Veiteberg og Marit Bunkholt på planlegging av det nye bygget i Hovinbyen

Biskop i Agder og Telemark, Stein Reinertsen, ynskjer ikkje å uttale seg om den spesifikke saka i Sagene:

– Eg kjenner ikkje til vurderingane som ligg bak, forklarar han, og tilføyer:

– Men vedtaket frå Bispemøtet i 2020 står så lenge det står.

– Presten er forplikta

I 2020 gjorde nemleg biskopane i Den norske kyrkja ei prinsipiell vurdering, og kom fram til at ikkje-religiøse gravferdsseremoniar i kyrkja ikkje er i tråd med kyrkjesamfunnet sine reglar for bruk av kyrkja.

Her står det at «kyrkjerommet kan ikkje brukast av ikkje-kristne trus- og livssynssamfunn til utøving av deira tru eller religion». Dessutan påpeika Bispemøtet den gong at dei meiner ikkje-religiøse seremoniar er i strid med føremålet til kyrkja om «å tene til Guds ære og kyrkjelydens oppbygging».

Presten er forplikta på kyrkjas liturgiar og ordningar. Det er derfor ikkje naturleg at presten er seremonileiar for ei livssynsnøytral gravferd

—  Stein Reinertsen

Likevel gjorde dei eit unntak under koronapandemien, og anbefala at ein kunne leige ut kyrkja til ikkje-religiøse gravferder der det ikkje fanst andre eigna lokale, eller ein hadde andre særskilde grunnar som tala for unntak.

Reinertsen får spørsmål om det kunne blitt arrangert ei livssynsnøytral gravferd der presten leia ein seremoni utan kristen liturgi i hans bispedøme.

– Eg synest vedtaket frå 2020 er eit godt vedtak. Presten er forplikta på kyrkjas liturgiar og ordningar. Det er derfor ikkje naturleg at presten er seremonileiar for ei livssynsnøytral gravferd.

– Kyrkjebygg er ikkje nøytrale

For om lag eitt år sidan tok kyrkjerådsleiar Kristin Gunnleiksrud Raaum til orde for å tillate ikkje-kristne å bruke kyrkjerommet til gravferder på permanent basis. Dette kom i kjølvatnet av ein lengre debatt der forfattar Agnes Ravatn gjekk ut med ein kommentar i Aftenposten med tittelen «gravlegg meg, men ikkje i gymsalen.»

Kristin Gunleiksrud Raaum.

– Det har gjort inntrykk på meg når nokon seier at dei vil bruke eit rom som er like fint som kyrkja til gravferder, sa Raaum til Vårt Land den gong.

Saka ho tok opp skal greias ut av administrasjonen i Kyrkjerådet, og dei skal leggje fram eit forslag for Kyrkjerådet, som så skal avgjera om saka skal på høyring. Deretter tek Kyrkjerådet stilling til forslaget med eventuelle endringar etter høyringa. Så skal Bispemøtet gje ei læremessig utsegn før saka kjem opp på Kyrkjemøtet.

– Er det på tide å ta ein ny diskusjon kring dette, sidan det stadig dukkar opp førespurnadar som utfordrarar vedtaket, Reinertsen?

– Me hadde ein brei diskusjon sist gong, men me må så klart sjå om det har komme opp nye ting sidan sist. Men kyrkjebygg må få vera kyrkjebygg, meiner biskopen.

– Kva legg du i det?

– Kyrkjer er vigsla til eit spesielt formål. Det er kyrkjas sentrale bygg. Andre religionar har sine sentrale bygg.

Han har forståing for at andre ynskjer å bruke kyrkjer og tenkjer at samfunnet har eit ansvar for å sørgje for at det er gode alternativ.

– Kyrkjebygg er ikkje nøytrale. Dei forkynner med arkitekturen og utsmykkinga si. Ingen skal tvingast inn i ei kyrkje, så det må lagast gode alternativ, seier biskopen.

Ikkje styrt av Bispemøtet

Torbjørn Backer Hjorthaug er direktør for juridisk avdeling i Kyrkjerådet. Han seier han ikkje vil gå inn i den konkrete saka frå Sagene kyrkje. Han ynskjer å uttale seg på generelt grunnlag.

Direktøren seier kyrkjer er vigsla til bruk for gudstenester og kyrkjelege handlingar. Dette betyr ikkje at andre arrangement ikkje er lov, men alt som skjer i kyrkjerommet må falle inn under regelen om at bruken skal «tene til Guds ære og kyrkjelydens oppbygging».

Kyrkjebygg er ikkje nøytrale. Dei forkynner med arkitekturen og utsmykkinga si.

—  Stein Reinertsen

Han forklarar at bruk av kyrkjerommet er underlagt tilsynet til biskopen.

– Men i 2020 sa Bispemøtet at det ikkje-religiøse seremoniar i kyrkjerommet er i strid med nettopp denne formuleringa. Kan det få konsekvensar at ein av biskopane går mot dette?

– Biskopen har sjølvstendig tilsynsmyndigheit. Den er ikkje styrt av Bispemøtet, seier Hjorthaug.

Vil diskutere andre religionar

Prost Bunkholt peika på regelen om at kyrkjerommet skal tene til Guds ære og oppbygging av kyrkjelyden, og seier at det ei opning for at prestar kan ta i bruk kyrkja til «andre arrangement som fremmer oppbygging», noko ho meiner presten i dette tilfellet gjorde.

– Kva tenkjer du om denne regeltolkinga, Raaum?

– Eg har ikkje nokon kommentar til enkeltsaker. Men det er opp til kyrkja lokalt å tolke kva denne regelen om bruk av kyrkjerommet betyr.

Sagene kirke, Oslo. Den norske kirke.

Raaum held fast på at ho ynskjer at Kyrkjemøtet skal sjå på reglane knytt til ikkje-religiøse gravferdsseremoniar i kyrkja.

– Biskopane har sagt at det ikkje er opning i reglane for å halde ikkje-religiøse gravferder utanom under unntakstilstand. Vil ikkje seremoniar som den i Sagene skape forvirring kring reglane?

– Nei. Me har dei reglane me har. Eg har gjeve signal om at me må sjå på desse, men me må også sjå dette i ein større samanheng. Mange har ytra ynskje om å bruke kyrkjene, då dei ofte er dei største og finaste lokala i eit lokalsamfunn.

Å vera gjestfri

– Korona-unntaket gjaldt for ikkje-religiøse gravferder. Vil du også diskutere om ein kan opne for seremoniar for andre religionar i kyrkja?

– Det er ein diskusjon me må ta når me går inn i dette prinsipielt. Kven skal dette gjelde for? svarar Raaum.

Ho presiserer at det ikkje er snakk om å avvigsle kyrkjer. Og når det gjeld om prestar skal bruke arbeidstid på å leie livssynsnøytrale seremoniar seier ho fylgjande:

– Det er ikkje slik at i den augneblinken presten ikkje har på prestekjole så sluttar kyrkjerommet å vera kyrkje. Det er eit viktig prinsipp. Kyrkja skal vera ei kyrkje, men det er naturleg å snakke om å vera gjestfri.




Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion