Religion

Kona til Rosemarie Köhn under gravferda: – Ikkje ein dans på roser

HAMAR DOMKYRKJE: Torsdag blei tidlegare biskop Rosemarie Köhn gravlagt. Kona Susanne Sønderbo delte opent om motgang, kjærleik og sjukdom under seremonien i Hamar domkirke.

– Rose har vore ein «fighter» for rettferd, likeverd og retten til å vera menneske.

Det sa Susanne Sønderbo under gravferda for ektefellen hennar, biskop emerita Rosemarie Köhn, torsdag 3. november.

At dei to var gift var ikkje offentleg kjent før i pressemeldinga frå Den norske kyrkja (DNK) om at Köhn hadde gått vekk.

Sjå gravferda her:

Rosemarie Köhn, også kjent som Rose, sovna stille inn natt til sundag 30. oktober.

Ho blei 83 år gammal.

– Ei heilt spesiell gåve

Inne i murkyrkja frå 1800-talet er det ljost og fullt av folk. Utanfor fyller faretrugande grå skyer himmelen.

Hamar domkirke går for å vera Nordens minste domkyrkje, med berre 380 sitjeplassar. Utanfor har ein sett opp ein storskjerm slik at fleire kan ta del i avskjeden.

I tillegg sender NRK gravferda direkte både på fjernsyn, radio og nett.

Det er ein viktig person i historia til Den norske kyrkja som har gått vekk.

Biskop Rosemarie Köhn begraves fra Hamar domkirke

Ikkje berre var Rosemarie Köhn ein av dei fyrste kvinnene til å bli ordinert til prest i DNK, ho blei også den fyrste kvinnelege biskopen i Noreg, og med det den tredje kvinnelege lutherske biskopen i verda.

Köhn var biskop i Hamar bispedøme frå 1993 til 2006.

– Ho var ei heilt spesiell gåve i rett tid til Den norske kyrkja og til alle hennar medlemmer, men også til heile det norske samfunnet. Vi ser overveldande teikn på dette i dag, og vi høyrer og les det som blir sagt om kor mykje ho fekk bety for så mange.

Slik innleier preses i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit minnetala si.

Fremst i Hamar domkirke er eit måleri av Jesus med hendene over hovudet, og med ein lenkestubb i kvar hand.

Solveig Fiske fortel at Köhn hadde eit sterkt forhold til altarbiletet «med Kristus som bryt lenkene til fridom, framtid og håp».

Dronninga tok avskjed

Köhns viktige posisjon og rolle vises att i kven som har tatt plass i kyrkjebenkane. Her sit både noverande og tidlegare biskopar og ei rekkje andre sentrale personar i Kyrkje-Noreg.

Blant representantane frå det offisielle Noreg som har møtt opp for å ta avskjed er dronning Sonja, kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen, barne- og familieminister Kjersti Toppe og finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Sistnemnde kom med ei helsing frå regjeringa.

– Ein mild og modig biskop. Ei usedvanleg og banebrytande leiar. Eit stort og varmt menneske, skildrar han.

Biskop Rosemarie Köhn begraves fra Hamar domkirke

Vårt Land snakkar med Fykse Tveit før gravferda og spør kva det betyr at så mange profilerte representantar frå det offentlege Noreg kjem til seremonien.

– Gravferda er også på statens rekning, det er eit sterkt signal om den heilt spesielle rolla til Rosemarie, at ho var viktig, men også at kyrkja og det kyrkja formidlar er viktig, seier preses.

Prega av sjukdom

Sønderbo er open i si personlege tale under gravferda. Ho fortel også om at all motstanden kona møtte, og at ho ikkje var like tykkhuda som det kunne verke frå utsida.

– Rose har eigentleg levd under stress mykje av livet sitt.

– Ei medisinsk undersøking frå 2013 handlar om stress og demens: kvinner som i årevis har vore utsett for stress og belastningar, kan utvikle ein vaskulær demens. Det blei prisen for Roses engasjement. Rose blei sjuk i 2005, seier Sønderbo.

Biskop Rosemarie Köhn begraves fra Hamar domkirke

Trass i mange tøffe tak fortel kona at dei hadde eit godt liv «på vår måte». Men ting blei verre og sjukdomen utvikla seg. Den store kunnskapen til Köhn forsvann, stykke for stykke.

– Men verdien av et menneske ligg ikkje i kunnskap, men i kjærleiken til andre. Og den hadde Rose mykje av.

– Livet er ikkje ein dans på roser, men å danse med Rose har vore livet for meg, avslutta ho.

– Opna kyrkja for homofile og lesbiske

Sjølv om ekteskapet til Sønderbo ikkje har vore offentleg kjent har Köhn utmerka seg i LHBT-spørsmål.

I 1999 vekte det merksemd då Köhn sette inn att prest Siri Sunde, etter tidlegare å ha tatt ho ut av stillinga då ho inngjekk partnarskap med kjærasten Eleanor Brenna.

Siri Sunde er ein av dei seks personane som ber kista til Köhn ut av Hamar domkirke denne dagen.

Det er Solveig Fiske, som fram til heilt nyleg var biskop i Hamar som leiar gudstenesta. I si tale tek ho mellom anna for seg korleis den spesielle oppveksten til Rosemarie Köhn prega prestegjerninga hennar.

Prega av krigen

Köhn hadde tysk far og norsk mor. Ho blei født i 1939 i Tyskland, og budde her gjennom krigen før ho kom som flyktning til Noreg saman med mora Eva i 1945.

Biskop Rosemarie Köhn begraves fra Hamar domkirke

Fiske fortel frå boka til Köhn, Håpstreet, om det forfattaren kallar «sanningas augeblink»:

– Ho vaknar av ein kraftig smell. Bilete som fell ned frå veggane. Ho spring til vindauget. Ute på gardsplassen sat ei lita jente med dokka si. Det var luftangrep. «Frykta greip tak i meg», gjenfortel Fiske.

Det heile var ein draum, og ho vakna heime i senga si i Gjerdrum. Men Köhn hadde kjent att jenta på gardsplassen med dokka. Det var ho sjølv og dokka som hadde følgt ho i krigsåra og med til Noreg. Ho var utan fysisk skade etter krigen, men bar med seg ein sorg over ein tapt barndomsheim og ein far som aldri blei ein del av barndommen, fortel Fiske.

Ho seier at dokka i dag står i Hamar bispegard.

– Det er eit sterkt symbol på mogleikane som ligg i kvart barn. Ho, flyktningbarnet, blei Nordens fyrste kvinne som biskop, seier Fiske.

Eit stort paradoks

Også biskop Fykse Tveit trekkjer fram barneåra til Köhn med krig og flukt.

– Det er eit stort paradoks i hennar liv og virke. Ho fekk sjølv kjenne på korleis livet kan vere utrygt.

Dronning Sonja hilser på biskop Solveig Fiske  og preses Olav Fykse  i forbindelse med at Biskop Rosemarie Köhn begraves fra Hamar domkirke.  Statsforvalter Knut Storberget t.v.

– Attpåtil valde ho som ungdom ei usikker framtid som teolog, i ei tid då kvinnelege teologar enno ikkje kunne verte prestar i kyrkja vår. Likevel, eller kanskje også difor, vart nettopp Rosemarie Köhn den biskopen i landet vårt som makta å gi tryggleik til mange menneske i kyrkja og samfunnet som tidlegare har vore utrygge på sitt verd og si verdigheit.

Solveig Fiske avsluttar tala si med eit omskrive sitat av Köhn sjølv, om korleis ho såg på døden:

– No er ho overgjeven i Guds gode hender, til den kjærleiken som er sterkare enn døden.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion