Religion

Bispekandidat er styreleiar i Menneskeverd

ABORT: Hege Elisabeth Fagermoen er éin av tre kandidatar til å bli ny biskop i Hamar. I april blei ho styreleiar for livsvernsorganisasjonen Menneskeverd, som jobbar for å stramme inn abortlova.

Hege Elisabeth Fagermoen er éin av tre kandidatar til å bli ny biskop i Hamar. På kyrkjerådsmøtet 10.–11. november skal den nye biskopen bli tilsett.

28. april i år blei Fagermoen valt til ny styreleiar i livsvernsorganisasjonen Menneskeverd for perioden 2022-2024 på årsmøtet deira.

Organisasjonen skriv på si nettside at dei arbeider aktivt for å styrke vernet om menneskelivet frå befrukting til naturleg død, og for spesielt sårbare grupper. Dei jobbar mellom anna for å fremje alternativ til abort.

Abortlova har vore eit brennbart politisk tema i seinare år, og tidlegare i haust skapte det bølgjer då det blei klart at KrFU gjekk inn for å frede dagens grense for sjølvbestemt abort ved veke 12.

Dette gjekk generalsekretæren i Menneskeverd, Morten Dahle Stærk, ut mot. I eit innlegg i Vårt Land skreiv organisasjonen at dei som vil ta verdien til alle menneske på alvor, bør arbeide for ei lågare abortgrense enn den som er i dag.

Har ikkje tatt stilling

Fagermoen seier til Vårt Land at ho ikkje har tatt stilling til om ho vil halde fram som styreleiar i Menneskeverd skulle ho bli biskop.

Ho opplyser om at ho også sit i redaksjonen i Luthersk Kirketidende, eit fagblad som MF vitenskapelig høyskole gjev ut.

– Eg må sjå kva eg har kapasitet til og kva verv og engasjement det er naturleg å fortsetje med viss eg blir biskop. Det vil eg i tilfelle ta ei heilt open samtale med preses om. Det vil vera naturleg å diskutere dette med min overordna, seier Fagermoen.

Ho siktar til Olav Fykse Tveit som er leiar for Bispemøtet i Den norske kyrkja.

Kan ikkje drive næringsverksemd

I arbeidsavtalene til alle som er tilsette i rettssubjektet Den norske kyrkja er det ei formulering om at «Arbeidstaker må ikke ta eller inneha bistilling eller bierverv eller drive privat næringsvirksomhet som kan hemme eller sinke det ordinære arbeid med mindre det foreligger særskilt pålegg eller tillatelse».

Ut over dette er det ikkje nærmare regulert om biskopane kan ha styreverv eller liknande roller ved sidan av stillinga si.

Dette gjeld også biskopane sine arbeidsavtaler. Det opplyser juridisk avdeling i Kyrkjerådet om.

– Biskopar bør vera litt tilbakehaldne

Trond Bakkevig har tidlegare jobba som prest og prost i Den norske kyrkja, og har også vore aktiv i politikken for Arbeidarpartiet (Ap).

Mellom anna har han vore rådgjevar for Thorvald Stoltenberg i Utanriksdepartementet.

– Men eg har aldri vore politisk aktiv medan eg har vore prest, seier Bakkevig.

Han seier han berre har vore medlem av Ap medan han har jobba i DNK, og at alle andre verv og roller i partiet har vore i periodar der han har jobba andre stadar.

Men han har hatt ei rekkje styreverv, mellom anna i Flyktningehjelpen, Kirkens Nødhjelp, Norsk senter for menneskerettigheter og i Fondet for dansk-norsk samarbeid.

Trond Bakkevig

I 2005 var Bakkevig ein av dei siste kandidatane i prosessen for å bli biskop i Oslo. Hadde han nådd heilt fram ville han tenkt annleis om verva, utanom Fondet for dansk-norsk samarbeid. Dette fordi det er ein lang tradisjon for at biskopar og prostar sit i styret, då det står i vedtektene deira at det skal sitje ein representant frå Den norske kyrkja i styret, kan Bakkevig fortelje. Ikkje ulikt vedtektene i Bibelselskapet.

– Kvifor ville du revurdert verva?

– Det handlar litt om kapasitet. Kva bør ein biskop bruke tida si på? Men eg tenkjer også at biskopar generelt sett bør vera litt meir tilbakehaldne, seier Bakkevig.

Menneskeverd ut mot Bispemøtet

I 2019 kom Bispemøtet med ei fråsegn der dei mellom anna erkjente at kyrkja i liten grad hadde «tatt innover seg situasjonen som mange gravide kvinner har stått i».

Meir merksemd skapte det kanskje at dei også skreiv at «eit samfunn med legal tilgang til abort er eit betre samfunn enn eit samfunn utan slik tilgang. Det forhindrar illegale abortar og fremjar helse, sikkerheit og tryggleik for kvinner».

Menneskeverd gjekk ut og kritiserte utsegna, og skreiv mellom anna at «me veit ikkje korleis ei strammare abortlovgjeving ville slått ut i våre nordiske land. Med alle dei sosiale støtteordningane me har til rådigheit, så burde det vera mogleg å stramme inn lovverket og samstundes vareta både kvinna og fosteret».

Driv ikkje med lobbyverksemd

Fagermoen seier ho ikkje tek del i lobbyverksemd eller utadretta arbeid som styreleiar i Menneskeverd:

– Det er generalsekretæren, staben og engasjerte frivillige si oppgåve.

– Kva verv burde ein ta på seg og ikkje som biskop?

Generelt er oppgåva til biskopen å ha ei samlande rolle, så eg tenkjer at det ein har av verv bør kunne harmonisere med den rolla ein skal vareta. Det er både ei intern og ei utadretta rolla. Så verva ein står i må prøvast opp mot det.

– Hamar bispedøme er kjent for å vera liberalt og famne breitt i folket. Trur du vervet i Menneskeverd kan svekkje tilliten folk har til deg?

– Eg har stilt meg til disposisjon for å bli biskop i Hamar fordi eg ynskjer å gå inn i den tradisjonen Hamar bispedøme ber med seg, og eg vil forvalte den vidare. Så eg tenkjer eg at den vurderinga må eg ta saman med andre vurderingar viss eg blir biskop. For det er eg ikkje.

Einaste med verv i interesseorganisasjon

I fylgje Brønnøysundregistera er Fagermoen den einaste av dei tre kandidatane til bispestillinga i Hamar som har verv i ein interesseorganisasjon som fremjar ein bestemt politisk ståstad – vern av liv frå unnfanginga. I tillegg er ho styremedlem for eit legat og eit seterpensjonat.

Kandidat Tor Even Fougner har berre verv knytt til bustadsameige og hytte, medan Ole Kristian Bonden har fleire verv som styremedlem i ulike kyrkjelege råd og stiftingar, i tillegg til i eit legat.

Avtroppande Hamar-biskop Solveig Fiske har berre eitt verv: som styremedlem i et bustadsameige.

---

Verva til Hamar-kandidatane


Hege Elisabeth Fagermoen
  • Menneskeverd, styreleiar (vald i 2022)
  • Pastor Peter Anker Stabel og Hustru Barbara Borchgrevinks Legat, styremedlem
  • Billingen Seterpensjonat AS, styremedlem


Tor Even Fougner
  • Sameiet [adresse], styreleiar
  • [Hytteområde] Vann- og Avløpsforening, styreleiar


Ole Kristian Bonden
  • Stor-Elvdal Kirkelige Fellesråd, styremedlem
  • Gaarderlegatet, styremedlem
  • Åmot Kirkelige Fellesråd, styremedlem
  • Marthe og Oluf Krabbes Legat, styremedlem
  • Stiftelsen Heradsbygd Kirke, varamedlem


Kjelde: Brønnøysundregistra

---

Sitjande biskopar: Kirkemusikk, bistand og legat

Dei fleste av dei sitjande biskopane har fleire verv knytt til kyrkja, som dialogsenter og ulike kyrkjelege legat, stiftingar og fond.

Biskoper i Den norske kirke. 

Olav Fykse Tveit, preses, Nidaros domprosti

Fungerende biskop Kari Mangrud Alvsvåg, Borg bispedømme

Kari Veiteberg, Oslo bispedømme

Solveig Fiske, Hamar bispedømme

Jan Otto Myrseth, Tunsberg bispedømme

Stein Reinertsen, Agder og Telemark bispedømme

Anne Lise Ådnøy, Stavanger bispedømme

Halvor Nordhaug, Bjørgvin bispedømme

Ingeborg Midttømme, Møre bispedømme

Herborg Oline Finnset, Nidaros bispedømme

Ann-Helen Fjeldstad Jusnes, Sør-Hålogaland bispedømme

Olav Øygard, Nord-Hålogaland bispedømme

Fleire har også verv i private organisasjonar eller verksemder, mange knytt til Kyrkje-Noreg.

  • Oslo-biskop Kari Veiteberg er styremedlem i Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival.
  • Tunsberg-biskop Jan Otto Myrseth er styremedlem i Vid Vitenskapelige Høgskole.
  • Stavanger-biskop Anne Lise Ådnøy er styremedlem i Skrifthuset, eit selskap som sel trykksaker og materiell til kyrkjelege handlingar.
  • Biskop i Nord-Hålogaland, Olav Øygard, er styremedlem i stiftinga Det Norske Bibelselskap, som gjev ut Bibelen på norsk.

Nokre få har verv i organisasjonar som i større grad jobbar politisk:

  • Møre-biskop Ingeborg Midttømme er styremedlem i Stefanusalliansen, ein misjons- og menneskerettsorganisasjon som jobbar for å støtte forfylgde kristne rundt om i verda.
  • Nidaros-biskop Herborg Oline Finnset er styremedlem i Kirkens Nødhjelp.

---

Verva til biskopane


Preses Olav Fykse Tveit, Nidaros domprosti
  • Norges Kristne Råd, styremedlem
  • Den Norske Kirke, styremedlem
  • Tilleggsgavefondet, styremedlem


Ingeborg Midttømme, Møre bispedømme
  • Stefanusalliansen, styremedlem
  • Det Norske Diakonhjem, styremedlem


Kari Mangrud Alvsvåg, Borg bispedømme
  • Utdanningslegatet For Prestefamilier og Prester Fra Vestre Borgesyssel Prosti Sarpsborg Prosti og Domprostiet I Borg Bispedømme, styreleiar


Kari Veiteberg, Oslo bispedømme
  • Akershus Stifts Geistlige Enkekasse, styreleiar
  • Kirkelig Dialogsenter Oslo, styreleiar
  • Stiftelsen Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival, styremedlem (tidlegare styreleiar)


Solveig Fiske, Hamar bispedømme
  • Sameie [adresse], styremedlem


Jan Otto Myrseth, Tunsberg bispedømme
  • Vid Vitenskapelige Høgskole AS, styremedlem
  • Kirkelig Dialogsenter Drammen, styreleiar
  • Stiftelsen Merinnsats i Tunsberg Bispedømme, styremedlem


Stein Reinertsen, Agder og Telemark bispedømme
  • Stiftelsen Ungdommens Undervisning og Alderdommens Hvile, styreleiar
  • Agder Bispedømmes Geistelige Understøttelseskasse (A), styreleiar
  • Henrik Von Zernikow-Loss Legat, nestleiar


Anne Lise Ådnøy, Stavanger bispedømme
  • Skrifthuset AS, styremedlem
  • Stiftelsen Stavanger Bispedømme, styremedlem
  • Kirkelig Dialogsenter Stavanger, styremedlem


Halvor Nordhaug, Bjørgvin bispedømme
  • Kronprinsesse Märthas Kirke i Stockholm, styreleiar
  • Stiftelsen Bjørgvin Kirkelige Fond, styremedlem


Herborg Oline Finnset, Nidaros bispedømme
  • Kirkens Nødhjelp, styremedlem
  • Sogneprest Reidar Hornemann og Hustrus Legat, styreleiar
  • Kirkelig Dialogsenter Trondheim, styremedlem
  • Nicoline Kriegsmanns Stiftelse, styreleiar


Ann-Helen Fjeldstad Jusnes, Sør-Hålogaland bispedømme
  • U. L. Lysbøen, styremedlem
  • Stiftelsen Friisgården, styremedlem


Olav Øygard, Nord-Hålogaland bispedømme
  • Erik Grimsgaard Nord-Norge Legat, styreleiar
  • Det Norske Bibelselskap, styremedlem

Kjelde: Brønnøysundregistra

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Tori Aarseth

Tori Aarseth

Tori Aarseth er tilknyttet Vårt Lands nyhetsavdeling som journalist.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion