Religion

Reiste heim før Kyrkjemøtet var slutt. Slik ville ho stemt

DEN NORSKE KYRKJA: Hege Bjerkestrand Midthun var ein av elleve personar med stemmerett som ikkje var til stades under saka om kyrkjeleg organisering. – Må finne ei arbeidsform som sikrar demokratiet, seier kyrkjerådsdirektøren.

Hege Bjerkestrand Midthun var ein av kyrkjemøtemedlemmane som reiste heim før ein fatta vedtak i saka om kyrkjeleg organisering. Her blei den såkalla «kompromissmodellen», modell 3, vedtatt med knappast mogeleg fleirtal, 53 mot 52 stemmer.

– Eg reiste heim på grunn av jobb, men det var mitt eige val. Eg prioriterte det slik denne gongen, seier Midthun, som er lærar for ei fyrsteklasse.

Det at ho er andre vara, og derfor blei innkalla ganske seint gjorde det vanskelegare å vera vekke frå jobb så lenge, fortel Midthun. At det var den siste dagen ho droppa, då saka om kyrkjeleg organisering blei stemt over, seier ho er litt tilfeldig.

Og hadde Midthun blitt i Trondheim til siste slutt hadde modell 2, der alle i Den norske kyrkja (DNK) er tilsette nasjonalt, fått éi ekstra stemme.

– Eg opplever at det er mykje frustrasjon og uklarheit ute i dei lokale stabane knytt til å ha to arbeidsgjevarlinjer. Min klare tanke er at éin felles arbeidsgjevar med klarare rammer ville vore godt for DNK.

Midthun har tidlegare jobba med trusopplæring i tolv år som fellesrådstilsett. Ho har også vore trusopplæringsrådgjevar på bispedømekontoret på Hamar.

Å skulle avgjera ei sak kor Kyrkjemøtet er delt på midten, det er aldri ein god situasjon å vera i.

—  Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum

Dobbel stemme

– Kva tenkjer du no om at du reiste heim før saka om kyrkjeleg organisering, når avstemminga blei så jamn?

– Det er litt spesielt å tenkje på. Når eg kom til Kyrkjemøtet trudde mange av oss at det var stort fleirtal for modell 3. Eg tenkte ikkje at det var mogleg med fleirtal for modell 2 før litt uti Kyrkjemøtet. Men mi stemme hadde ikkje forandra utfallet, seier Midthun.

Kyrkjemøtets forretningsorden slår fast at stemma til Kyrkjerådsleiaren veg dobbelt i dei tilfella det er akkurat like mange stemmer for og imot eit vedtak. Dette gjeld i alle saker på Kyrkjemøtet, utanom ved val.

Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum stemte på «kompromissmodellen», modell 3.

Kirkemøtet 2022. Den norske kirke. Trondheim.

Hadde avstemminga vist 53-53, ville Raaum si stemme automatisk blitt vekta dobbelt.

På pressekonferansen rett etter vedtaket på Kyrkjemøtet sa Raaum at ho var veldig glad for å sleppe å bruke dobbeltstemma si:

– Å skulle avgjera ei sak kor Kyrkjemøtet er delt på midten, det er aldri ein god situasjon å vera i.

Covid-utbrot på Kyrkjemøtet

Kyrkjemøtet har 116 medlemmar med stemmerett. I tillegg kjem ei rekkje representantar frå mellom anna ulike kyrkjelege organ og utdanningsstadar som utdannar prestar. Desse har tale- og forslagsrett.

I år møtte 110 medlemmar opp til starten av Kyrkjemøtet. Det betyr at ein ikkje greidde å stille med vara til seks plassar.

Kirkemøtet 2022.

Saka om kyrkjeleg organisering var den nest siste saka på årets kyrkjemøte. Her stemte 105 medlemmar. Alle medlemmar har stemmeplikt. Det betyr at fem personar har «falle frå» i løpet av Kyrkjemøtet. Endå verre var det med den siste saka, der ein vedtok ei utsegn om situasjonen i Ukraina. Her avla 94 medlemmar stemmer.

Direktør i Kyrkjerådet, Ingrid Vad Nilsen, fortel at dei fleste av dei som ikkje stemte enten hadde fått innvilga permisjon eller var sjuke.

– Me hadde ein del tilfelle av covid på slutten.

I tillegg trur ho nokon av dei elleve som «datt av» mellom dei siste to sakene på Kyrkjemøtet måtte reise tidleg for å rekke tog, fly eller anna.

---

Dei ulike modellane for arbeidsgjevaransvar Kyrkjemøtet hadde på bordet:

  • Modell 1: Soknet (ved kyrkjeleg fellesråd) er arbeidsgjevar for alle som jobbar lokalt i kyrkja (måndag morgon på Kyrkjemøtet blei det klart at denne modellen var forkasta).
  • Modell 2: Kyrkja nasjonalt er arbeidsgjevar for alle.
  • Modell 3: Både sokna og kyrkja nasjonalt er arbeidsgjevarar (denne modellen blei vedteken).


I alle tre modellane var det tatt utgangspunkt i at utøvinga av arbeidsgjevarfunksjonar i hovudsak låg i fellesråda. Det vil seie at ein i modell 2 og 3 skulle delegere dette ansvaret frå rettssubjektet Den norske kyrkja til fellesråda.

Kilde: Den norske kyrkja

---

Har ingen tvangstiltak

Reglane for Kyrkjemøtet slår fast at ein har både møteplikt og stemmeplikt. Vad Nilsen seier dette betyr at ein er plikta til å møte dersom ein ikkje har eit gyldig fråvær.

– Me forventar at ein er lojal til vervet ein har tatt på seg, men me har ingen tvangstiltak.

Før hadde kyrkjemøtemedlemmane rett til fri frå jobb for å delta på Kyrkjemøtet, men dette endra seg då trussamfunnslova kom i januar 2021.

Åpning av Kirkemøtet 2022.

Kyrkjerådsdirektøren ser at fleire enn før ikkje får til å koma på grunn av jobb, og at dette også gjer at ikkje alle får til å delta på heile Kyrkjemøtet.

– Ein kan ikkje kalle inn varaar til delar av Kyrkjemøtet. Er det ein svakheit?

Reglementet er slik fordi Kyrkjemøtet er ein prosess. Det er vanskeleg å hoppe inn midt i.

Vurderar kortare eller sjeldnare Kyrkjemøte

Sakene blir som regel handsama av ein komité, før den blir diskutert i plenum av heile Kyrkjemøtet. Sakene kan gå fram og tilbake fleire gonger før ein fattar vedtak.

Vad Nilsen meiner det er problematisk viss ikkje mange nok kyrkjemøtemedlemmar møter opp, men ho har samstundes forståing for at ikkje alle får fri frå jobb. Kyrkjemøtet skjer éin gong i året og varer i seks dagar.

No skal Kyrkjerådet sjå om Kyrkjemøtet kan skje på ein måte som krev at medlemmane ikkje er like mykje vekke heimanfrå.

– Det kan vera at møta skal vera kortare eller skje sjeldnare. Me må finne ei arbeidsform som sikrar demokratiet, seier Vad Nilsen, som meiner saka om kyrkjeleg organisering viser kor viktig kvar stemme i Kyrkjemøtet er.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion