Religion

Sjå video: Her går skilelinjene i organiseringsdebatten under Kyrkjemøtet

ORGANISERING: Den store saka på årets Kyrkjemøte handlar om kyrkjeleg organisering. Vårt Land har møtt representantar for tre ulike syn.

– Kyrkja er soknet. Det kyrkjelege arbeidet foregår i soknet, og då er det er naturleg at soknet får kalle sine tilsette og bestemme kva dei skal halde på med. Også er det her kort veg til den som har arbeidsgjevaransvar for den tilsette.

Det seier Svein Inge Thorstvedt, leiar for nettverk for fellesrådsleiarar om kvifor han ynskjer seg den såkalla modell 1 for organisering av arbeidsgjevaransvaret i Den norske kyrkja (DNK).

Martin Enstad, leiar i Presteforeningen er både einig og ueinig. Han ynskjer seg modell 2.

– Eg er einig i at det viktigaste arbeidet i kyrkja det skjer lokalt, men prestane har i alle år vore tilsett nasjonalt og jobba lokalt, så det er ikkje ei motsetning.Han meiner ei ordning der alle er tilsette nasjonalt i DNK vil gjera det enklare å sikre like arbeidsvilkår i heile landet og å jobbe med likestilling og anti-diskrimineringsarbeid.

Under kyrkjemøtet i Trondheim har Vårt Land møtt Thorstvedt og Enstad, i tillegg til leiar for Kyrkjerådet, Kristin Gunnleiksrud Raaum, for å snakke om fordelar og ulemper med dei ulike modellane for arbeidsgjevaransvar i Den norske kyrkja.

---

Modellane Kyrkjemøtet har fått på bordet:

  • Modell 1: Soknet er arbeidsgjevar for alle som jobbar lokalt.
  • Modell 2: Rettssubjektet Den norske kyrkja er arbeidsgjevar for alle.
  • Modell 3: Både rettssubjektet Den norske kyrkja og sokna er arbeidsgjevarar.

I alle tre modellane tek ein utgangspunkt i at utøvinga av arbeidsgjevarfunksjonar i hovudsak ligg i Fellesråd. Det vil seie at ein i modell 2 og 3 delegerer dette ansvaret frå rettssubjektet Den norske kyrkja.

Kyrkjerådet har bedt Kyrkjemøtet om å gå for modell 3. Det same gjer også komiteen som jobbar med saka under Kyrkjemøtet i si fyrste innstilling.

Kjelde: Den norske kyrkja og Vårt Land Arkiv

---

Kronglete organisering

Det er lita tvil kva sak som tek mest plass på årets Kyrkjemøte. Kyrkjeleg organisering ser til tider ut til å vera eit gjenferd Den norske Kyrkja aldri blir kvitt.

I tjue år har ein prøva å få på plass ei ny kyrkjeordning. I 2005 vedtok ein Kyrkjemøtet at ein ynskte éi arbeidsgjevarlinje. Fleire forsøk har feila. Og fleire har sagt at ein no snart må bli ferdige med saka, og fokusere på andre ting.

Men kva er eigentleg problemet med dagens ordning?

Ein har to såkalla arbeidsgjevarlinjer i Den norske kyrkja. Dette er ei slags etterleving frå tidlegare tider der staten tilsette og sende prestane, og kommunen skaffa dei andre tilsette som organist, diakon og kyrkjetenar.

I dag meiner mange at denne inndelinga ikkje lenger gjev meining.

Sama arbeidsstad, ulik arbeidsgjevar

Fleire trekkjer fram at det er unaturleg at ein liten stab som jobbar lokalt har ulike sjefar, arbeidsgjevarar, reglar og system. Dessutan kan det gjera konflikthandtering på arbeidsplassen vanskeleg.

Ei kyrkje som heng betre i hop, har kyrkjerådsleiar Kristin Gunnleiksrud Raaum sagt at ho ynskjer seg. Fleire meiner det også går an å få «meir kyrkje for pengane» om ein samordnar seg betre om mellom anna digitale løysingar og administrative funksjonar.

Men som sagt, dette er ikkje ei ny problemstilling.

På Kyrkjemøtet i 2016 hadde dei oppe éin modell kor arbeidsgjevaransvaret for alle som arbeider lokalt skal liggje i fellesrådet, og éin modell der arbeidsgjevaransvaret skal liggje i bispedømerådet. Ingen av dei fekk fleirtal.

Heller ikkje denne gongen har Kyrkjerådet eller komiteen som jobbar med saka under Kyrkjemøtet fått fleirtal for éin av desse modellane.

Tvert imot har dei gått inn for modell 3, som har blitt omtalt som ein kompromiss-modell, andre omtalar den som ei midlertidig løysing.

Kirkemøtet 2022. Denne uken diskuterer Kirkemøtet hvem som skal sitte med arbeidsgiveransvaret i Den norske kirke.

Svein Inge Thorstvedt er ein av desse. Han er tydeleg på at han ynskjer seg modell 1, men han likevel vil bidra til å få ei «best mogleg» modell 3, dersom Kyrkjemøtet landar på denne.

– Me håpar at modell 3 er eit skritt på vegen mot ei endeleg løysing der alle er tilsett i same arbeidsgjevarlinje, seier Thorstvedt.

Enstad meiner hans favorittmodell vil kunne styrke arbeidet lokalt i kyrkjelydane.

– Eg trur mange innvalgte i sokneråda blir overraska over alt det administrative ansvaret dei blir sitjande med. Dette kan frigjera dei lokale folkevalde frå ein del tunge ansvarsoppgåver, og faktisk frigjera tid til å drive aktivt kyrkjelydsarbeid i staden, seier han.

Kirkemøtet 2022. Denne uken diskuterer Kirkemøtet hvem som skal sitte med arbeidsgiveransvaret i Den norske kirke.

– Splittande

Raaum leier Kyrkjerådet der fleirtalet ynskte seg modell 3. Ho seier grunnen til det er at ein har lytta til innvendingane som har komme til dei to andre modellane.

Åpning av Kirkemøtet 2022.

– Det er mange gode argument for modell 1 og 2, men me ser også at debatten er polariserande, har fungert splittande og har me har registrert ein energilekkasje i denne debatten over fleire år. My ynskjer å koma vidare med ei løysing som fleirtalet i Kyrkjerådet meiner kan vera samlande og som varetek viktige sider ved både modell 1 og 2, men som ikkje har dei same risikomomenta.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Sondre Bjørdal

Sondre Bjørdal | TRONDHEIM

Sondre Bjørdal jobber i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion