Religion

Sokneprest om nye medlemmar i Den norske kyrkje: – Det er ei ny og brei interesse for religion og den kristne arva

NYE MEDLEMMER: Sokneprest Roger Jensen trur vegen til Den norske kyrkja (DNK) er annleis no enn då kristendommen regjerte kulturen. No må kyrkja tenke annleis om korleis dei ønsker velkommen, meiner han.

115.147 personar har aktivt meldt seg ut av Den norske kyrkja (DNK) dei siste fem åra. Over same periode var det 15.347 personar over 18 år som meldte seg inn eller døypte seg i DNK. Dei er personar døypte i andre kyrkjesamfunn, eller som barn, eller folk som har funne vegen på eiga hand.

I Vårt Land kunne du lese om Inger Klevstrand og Knut Johannes Erstad, som begge fann vegen til DNK i vaksen alder.

Medlemsfallet er langt høgare enn auken – men dei som er nysgjerrige eller nyinnmelde treng å bli møtt på nye måtar av kyrkja i dag, trur sokneprest i St. Hanshaugen i Oslo, Roger Jensen.

Sekularisering – med nysgjerrigheit

Den norske kyrkja har mista hegemoni. Ho er ikkje lenger statskyrkje, ikkje ein like stor del av skuleverket og heller ikkje ein sjølvsagt del av felleskulturen, slik som for berre nokre generasjonar sidan.

– Menneske er nok meir framandgjorde for den kristenreligiøse arva vår, og har mista eigarskapet til mykje av det som før prega kulturen. Det er vel det vi med våre ord kallar sekularisering, seier Jensen.

Det er ikkje sjølvsagt å kjenne salmar, kyrkjekunst eller ha opplevd sakrament. Sekulariseringa aukar, ser Roger Jensen, men bildet er ikkje eintydig:

– Samtidig opplever eg at det i dag er ei ny og brei interesse på religionsområdet, også for den kristne arva. Den menneskelege openheita for religiøse spørsmål og erfaringar er der framleis, seier han.

Jesus kan tyde liv

Der kor ein for nokre tiår sidan hadde eit sterkare «innanfor» og «utanfor», kristen og ateist, er spiritualitet i dag meir flytande. Religionens rolle har ikkje forsvunne, meiner Jensen, men ser han finne nye former.

– Menneske i dag lever sine liv, har sine opplevingar og gjer sine erfaringar – og kjenner at snusfornuften ikkje strekk til. Livets store spørsmål, om kvifor i er her, og om det heile har noko meining, finst framleis, men utan den same kristenkulturelle ramma.

Roger Jensen, Sokneprest dr. theol.

– Korleis må då kyrkjer ønske folk velkommen?

– Vi må la menneska komme på eigne premiss, som dei er, men samtidig la dei forstå at vi har tru på arva vi står i.

– Forteljinga om Jesus har tydingskraft. Historiene har evner til å tyde menneskes liv, og gi meining til dei, seier Jensen.

Språk som rommar livet

Utan den kulturelle ballasten, må kyrkja kanskje tenke annleis, trur soknepresten i St. Hanshaugen.

– Ikkje det at gudsteneste klokka 11 ikkje er ein viktig tradisjon. Men vegen til å tilhøyre den tradisjonen er heilt annleis no. Vi må ta på alvor at det ikkje nødvendigvis gir meining når vi snakkar om Gud og Jesus.

– Men vi må våge å knytte våre referansar til desse spørsmåla opp til menneske sine levde liv, og erfaringane dei har. Vår oppgåve er å finne uttrykk som kan romme menneske sine opplevingar av livet, seier Jensen.

Fleire norske kyrkjer har satsa på «open kyrkje» dei siste åra. Då står kyrkjerommet til disposisjon for dei som vil gå inn og vere stille, tenne lys eller berre vere. I Gamle Aker kirke, som ligg i soknet til Jensen, er det opent nokre timar kvar torsdag.

– Det er eitt av dei viktigaste grepa vi har. Nettopp der menneske ferdast, bør vi som kyrkje ha ei satsing på å opne opp. Viss døra står open når nokon steller ei grav, eller går forbi, kan dei gå inn, tenke ein tanke, klage si naud, be ei bønn. Det er ein måte å møte folk på premissane deira. Der er vi berre delvis flinke, seier Jensen.

Høyr Vårt Lands podkast «Åpenbart»:

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion