Den norske kirke

Inger og Knut Johannes avviste kristendommen. Så fann dei «kjærleiksbodskapen» i nabolaget

TRUSFELLESSKAP: I fjor melde 14.927 personar seg ut av Den norske kyrkja (DNK) – men 2241 vaksne melde seg også inn. Møt to av dei som fann kyrkja i vaksen alder, rett rundt hjørnet.

– Den største forandringa i mitt indre er at eg får vere så takksam. Eg har nokon å takke! Det har forandra livet mitt, seier Inger Klevstrand, som meldte seg inn i Den norske kyrkja (DNK) igjen i 2019. Ho meldte seg ut mange år tidlegare.

Det var bodskapen om kjærleik som drog henne tilbake – noko ho kanskje har til felles med nokre av dei mellom 2.000 og 3.000 som melder seg inn i kyrkjesamfunnet kvart år. Ofte er det dei fallande medlemstala som stel overskriftene. I fjor melde 14.927 personar seg ut.

– Enkelte tar aktivt kontakt for å grunngi kvifor dei melder seg inn. Då fortel dei gjerne at ei konkret utvikling i kyrkja gjer at dei no ønsker medlemskap, fortel fungerande kyrkjerådsdirektør Jan Rune Fagermoen.

Eit frø blir sådd

Denne mai-torsdagen er ein slik vårdag kor sola ikkje lenger er juksevarm, kor bjørkeløvet raslar så vidt og heile byen pustar inn den same lettheita frå lufta.

Framfor Oslos eldste bygning, steinkyrkja Gamle Aker kirke, sit kyrkjevertane Knut Johannes Erstad og Inger Klevstrand på ein grønmalt benk. Med ujamne mellomrom trer folk over terskelen til den opne kyrkja.

Det var nesten slik Knut Johannes Erstad sjølv kom til tru, og Den norske kyrkja – mannen som vaks opp i ein ateistisk heim. Men i 2013 rørte det seg noko i den vaksne vestlendingen.

– Eg var i ei fase i livet kor eg hadde det heilt «okei». Samtidig opplevde eg at noko mangla, fortel Erstad.

Han byrja å gå på konsertar i Gamle Aker kirke, som ligg like ved der han bur. Etter kvart freista det flotte kyrkjerommet til å ta del i ein slags «kulturkristendom». Erstad såg føre seg å kunne sitte på bakarste benk av og til, og høyre litt til i den lokale kyrkja.

– På same tid opna ei venninne seg om trua si. Ho var ikkje misjonerande, men det var noko i formidlinga hennar som sette noko i gang i meg. Det blei sådd eit frø, seier Erstad.

05.05.22 Gamle Aker kirke. Inger Klevstrand og Knut Johannes Erstad meldte seg inn i den norske kirke i voksen alder

Etter å ha funne ein bibel på loppemarknad, fleire samtalar med venninna og turar innom kyrkja, såg han Abrahams barn på Det Norske Teatret ein kveld. Til sengs tok han med seg livets store spørsmål: «Trur eg?».

– Morgonen etter vakna eg og visste at «eg trur». Eg hadde ei lett, svevande kjensle, ein eufori, eit frimod, i eit halvt år etterpå, fortel han.

– Den vil eg òg ha!

Heimen Inger Klevstrand vaks opp i, var derimot sterkt kristen. «Men eg hadde ingen glede av det», fortel ho lattermildt. Kristendommen Klevstrand lærte om, var dømmande og streng. Allereie på sundagsskulen klarte ho ikkje forstå korleis verda kunne vere så vond viss Gud var allmektig.

I konfirmanttida bestemte ho seg for å lese alle evangelia. Der stod mykje klokt, syntest ho, men kristendommen som religion hadde ho lite til overs for, og meldte seg inn i Human-Etisk Forbund.

– Så fekk eg alvorleg kreft, og såg døden i auga som 53-åring. Det påverka psyken min på mange måtar.

Mange små puslespelbrikker høyrer til denne heilskapen som til slutt blir ei uttalt kristentru. Ei vesentleg av dei er ein køyretur kor ho skulle frakte nokre asylsøkjarar til ei katolsk messe. Ho sittande i kyrkjebenken, for ho skulle stå for returen òg.

– Etter kvart gjekk éin og éin i kyrkjelyden fram til presten, som la handa på hovudet deira og velsigna dei.

– Det vil eg òg ha, tenkte eg. Eg trudde ikkje på Gud, men den handlinga ville eg ta del i, seier ho.

– Trua høyrer ikkje til fornufta

Etter kvart oppdaga eg også at velsigninga blir sendt på radio fire dagar i veka! bryt Klevstrand ut, entusiastisk.

Oftare og oftare skrudde ho på NRK P1 då klokka slo 08:20. Ho kjente pulsen senke seg, og at orda påverka henne.

– Kor tid forstod du at du trudde?

– Då det plutseleg gav meining for meg at trua ikkje høyrer til fornufta sitt område, seier kvinna som har studert fysikk og matematikk.

05.05.22 Gamle Aker kirke. Inger Klevstrand og Knut Johannes Erstad meldte seg inn i den norske kirke i voksen alder

– Eg må ikkje tru på alle orda. Eg må ikkje tru bokstaveleg at Jesus fekk fem brød to fiskar til å mette 5000. Dette er noko heilt anna.

Då Klevstrand sende innmeldinga til Den norske kyrkja, hadde ho framleis nokre atterhald. Bibelen er ei bok med «mykje rart», som ho seier, men i Gamle Aker fekk ho komme som ho var, med alle sine spørsmål. I samtalane med presten fekk ho heller fokusere på det ho oppfattar som det vesentlege, «kjærleiksbodskapen».

– Aldri sett meg tilbake

I 2022 er dei begge ofte å sjå på kyrkjelydens «Forum for tro og tanke», på kveldsmesser, i døra som frivillige kyrkjevertar eller salmesyngande i benken på sundagar.

– Det blir berre betre og betre, svarar Klevstrand på spørsmålet om korleis valet om å melde seg inn i DNK sit i dag.

Etter eit halvt år på trusreise, lét Knut Johannes Erstad seg døype. Nokon annan stad enn DNK, og Gamle Aker, var aldri eit alternativ. Det var her han følte seg meir velkommen enn nokon stad før.

– Eg har aldri sett meg tilbake, seier Knut Johannes Erstad.

– Eller …

Han tenker seg om.

05.05.22 Gamle Aker kirke. Inger Klevstrand og Knut Johannes Erstad meldte seg inn i den norske kirke i voksen alder

Lakmustest for kjærleik

– Det var ein ting …

Då han døypte seg, i 2014, var Den norske kyrkja inne i ein periode med diskusjonar om likekjønna ekteskap. Problemstillinga hadde aldri vore relevant for Erstad, men han som ny truande gjekk han inn i spørsmålet. «Sjølvsagt er kyrkja for alle» blei standpunktet hans.

– Det blei ein type lakmustest på at kyrkja først og fremst stod for kjærleiken. At Kyrkjemøtet til slutt vedtok det dei gjorde … Eg er usikker på korleis eg hadde forheldt meg til kyrkja viss ikkje.

– I kyrkja vår kan du komme akkurat som du er. Det speler inga rolle kva du driv med, kva du meiner og korleis du trur. Dette er eit fellesskap for alle, konkluderer han om det han har opplevd dei siste åtte åra.

Kvar morgon skrur Inger Klevstrand framleis på radioen og tar imot velsigninga.

– Då opplever eg Guds kjærleik.

– Dotter mi har forstått at det ikkje er vits i å ringe meg før halv ni. Og av og til rekk eg til og med velsigninga på to kanalar!

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke