Religion

Trur fleire opplever ekteskapsidealet som trua: – Ein type kulturkamp for nokre kristne

EKTESKAPSSYN: Professor og Ansgar-rektor Ingunn Folkestad Breistein meiner å sjå to kristne ideal stå mot kvarandre i ein del kristne kretsar. Det eine er likestilling, det andre er tenkinga om mannen som overhovud.

– Kor vanleg er det for kristne å ikkje tenkje «full likestilling» i ekteskapet?

– Eg vil iallfall anta at det er vanlegare innanfor enkelte kristne kretsar enn utanfor, å tenkje at kvinna skal vere underordna, seier professor i kyrkjehistorie og rektor på Ansgar høyskole, Ingunn Folkestad Breistein.

Spørsmålet om ein skal tolke Bibelen til at mannen skal vere «hovudet for kvinna» er igjen blåse liv i etter at skribent og debattant Sofie Braut delte sine erfaringar i Stavanger Aftenblad og Vårt Land.

Kyrkjehistorikar Breistein kjenner den konservative kristenheita godt, og har med åra gjort seg ein observasjon frå miljøa: Det verkar som om det er to ideal som strider mot kvarandre i forsamlingar som ikkje har eit eintydig syn på dette. Det eine idealet er denne «hovudtenkinga» (med utgangspunkt i Paulus sine vers om at «mannen er hovudet for kvinna»), og det andre er likestillinga. Dei to ideala er krevjande å kombinere, slik Breistein ser det. I prinsippet forsvarar ein ofte det eine eller det andre – men praksis følgjer ikkje alltid idealet, trur ho.

– Eg trur noko av det som skapar denne spenninga, er at du finn att begge ideala hos Paulus. Slik kan ein også sjå det som høgst bibelsk å jobbe for likestilling, seier Ansgar-rektoren.

Skepsis til feminisme

Kyrkjehistorikaren peikar ut kor i Kristen-Norge ho trur at underordningstolkinga gjer seg gjeldande i dag, «viss eg ikkje er heilt desorientert», som ho seier.

Forsamlingar prega av ny-kalvinismen, og karismatiske kyrkjelydar, blir ofte leia av ein tydeleg leiar. Denne er særs ofte ein mann, og tanken er at ein mann må vere «hovudet» som står mellom Gud og kyrkjelyden, forklarar Breistein. I dei tradisjonelle frikyrkjene, som Misjonsforbundet og Baptistkyrkja, trur professoren at likestillingsidealet står høgast, sjølv om begge syn på ekteskapet finst. Det er i dei lågkyrkjelege organisasjonane, som Misjonssambandet og Indremisjonsforbundet at ho meiner å sjå at underordningstanken har størst utbreiing – men at denne blir utfordra av fleire.

– Eg trur mange kristne, både i frikyrkjelegheita og lågkyrkjelegheita, er skeptiske til feminisme, sjølv om dei ikkje nødvendigvis er skeptiske til likestilling, seier ho.

Breistein synest det er interessant at mange av kyrkjesamfunna som i dag har eit tradisjonelt syn på ekteskap og roller, stammar frå lekmannsrørsla og vekkinga.

– Dei var pådrivarar for eit egalitært ideal. Verken kjønn eller alder eller utdanning telte, men at du hadde fått eit kall frå Gud. Både Hans Nielsen Hauge og Thomas Ball Barrat var tidlegare forkjemparar for at kvinner skulle vere likestilte, påpeiker ho.

– I dette synet er det nokre rørsler som ikkje følgjer grunnleggjarane sine. Ein kan tenkje at når vekkinga blir meir strukturert, så overtar mennene. Det er ei kjent utvikling.

Eg trur mange kristne, både i frikyrkjelegheita og lågkyrkjelegheita, er skeptiske til feminisme

—  Ingunn Folkestad Breistein, rektor på Ansgar høyskole

Fryktar familiens rolle svekkja

Når Breistein «zoomar» ut, og ser konservativ tenking om ekteskapet som del av eit større bilde, meiner ho å observere at dette synet ofte kan henge saman med det enkelte opplever som at familiens rolle i samfunnet er trua.

– Det blir ein del av ein type kulturkamp for nokre kristne, seier ho, og forklarar.

– Å vere likestilte i ekteskapet blir eit uttrykk for at ekteskapets rolle er trua, trur Breistein.

Nokre gonger har Ansgar-rektoren undra på om kristne forsamlingar er den siste staden kor «menn kan føle seg som menn», og at det er noko trygt og attraktivt i det.

Kva ein som ektepar eller enkeltperson proklamerer som teori og gjer i praksis, heng ikkje alltid saman, trur Breistein. Ho veit om mange som har likestilling som ideal i arbeidslivet, men har framleis eit ideal om underordning i heimen.

Ein del av utfordringa – uansett syn – er at Bibelen er lite tydeleg på kva ‘mannen som familiens overhovud’ betyr i kvardagslivet. Kven skal bestemme kva, og korleis?

– Generelt trur eg underordningstanken gjer noko med eit forhold, at den gir det ei slagside. Der du gir eit menneske stor makt over ein annan, er det stor fare for at den blir misbrukt, seier Breistein.

Endring i det stille

– Ser ein ei utvikling fram til i dag? Var synet på underordning meir utbreidd i kristne kretsar før?

– Ja, det finst det mange eksempel på. Det mest åpenbare er kanskje Den norske kyrkja, men har sett utvikling også hos Metodistkyrkja, Baptistkyrkja, Misjonsforbundet – og eg trur det også skjer noko i Misjonssambandet, seier Ansgar-rektoren.

– Det er merkverdig korleis ein stadig flytter på plassar kvinner kan vere, og ikkje vere.

Dei siste åra har spørsmålet om å opne for at kvinner skal kunne sitte i toppstyra vore oppe i både Indremisjonsforbundet og Misjonssambandet.

– Ofte skjer endring i det stille. Det har ein sett i forsking på Sørlandet, kor kvinner har vore «endringsagentar» for eiga rolle. Dogmatikken blir ikkje endra med ein gong, men følgjer av at praksis blir annleis i det stille. Etter kvart får dette også tyding for læra, seier kyrkjehistorikaren.

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion