Religion

Kyrkja vil ikkje melde miljødemonstrasjon til politiet

DEMONSTRASJON: Skien kyrkjelyd vil ikkje gå til politiet, etter at miljøaktivistar tok seg inn i Skien kirke under gudstenesta 1. påskedag.

– Me i Skien kyrkjelyd tek fullstendig avstand frå den aksjonsforma som blei bruka for å fremje engasjement for miljøvern, som blei utvist i Skien kirke påskedag.

Det skriv kyrkjelyden til Vårt Land i ein e-post, signert av sokneprest Øystein Gunnersen, soknerådsleiar Gustav Søvde og prost Liv Espeland Jettestuen.

Hendinga dei siktar til er då seks raudkledde miljødemonstrantar frå aksjonsgruppa Extinction Rebellion, med teolog Ellen Hageman iført prestekjole i front, prøva å ta seg inn i Skien kirke under gudstenesta fyrste påskedag.

Med seg hadde dei ein kross som det var festa døde dyr til. Målet var å setje krossen i koret før dei gjekk ut att, men demonstrantane blei stoppa av kyrkjetenarar og andre som stilte seg opp bak i rommet og sperra for dei.

Aksjonen har vekt sterke reaksjonar både hjå politikarar, biskop, sokneprest og kyrkje­gjengarar.

Vil ikkje gje dei merksemd

Det har til no ikkje vore klart om kyrkjelyden vil melde aksjonen til politiet. Biskop i Agder og Telemark bispedøme, Stein Reinertsen, har tidlegare sagt at det er det kyrkjelyden som sjølve må ta stilling til. Det har dei no gjort.

I e-posten skriv dei tre kyrkjeleiarane:

– Me ser alvorleg på denne inngripinga i gudstenesta, men ser det ikkje formålstenleg å gå vidare med saka i form av å formelt melde det til politiet, for å ikkje gje denne aksjonsgruppa meir merksemd.

Dei opplyser om at fleire har tatt kontakt med dei fordi dei trong ei samtale i etterkant av gudstenesta, og seier at om det er fleire som kjenner behovet er dei velkomne til å ta kontakt.

– Det var mange til stades i kyrkjerommet, mellom anna fire dåpsbarn og deira familiar. Mange blei redde og det skapte mykje frykt blant deltakarane på gudstenestene, står det i utsegna.

Vil ha fokus på synder mot naturen

I ei pressemelding skreiv teolog Hagemann om kva dei ville oppnå med aksjonen:

– Me gjer dette for å få merksemd på den massive nedbygginga av natur som skjer i landet vårt. Me er som samfunn prega av eit syn på verda der menneske er i sentrum for alt. Det gjer at me ikkje har tabu knytt til tap av natur og øydelegging av habitat for andre artar. Det gjeld også Den norske kyrkja.

På spørsmål frå Vårt Land om kvifor dei valte å aksjonere på kyrkje sin store festdag svarar Hageman at det er for å få fram kontrasten til «gledesdagen».

– Me feirar at Jesus døydde for våre synder, men dei syndene me gjer mot naturen har alt for lite fokus.

I e-posten frå Skien kyrkjelyd skriv dei at dei som kyrkje er opptekne av miljøvern:

– Me kan heilt sikkert bli betre på å fremje vårt engasjement i forhold til denne saka, men ei slik aksjonsform finn me lite formålstenleg.

Reagerer på bruk av prestekjole

Hageman er ordinert i Den norske kyrkja, men er ikkje tilsett der. Biskop Reinertsenhar kalla opptrinnet «upassande» på fleire plan, og har mellom anna reagert på at ho hadde på seg prestekjole under aksjonen, noko han seier ikkje er i tråd med Den norske kyrkja sine retningslinjer for liturgiske plagg.

På spørsmål til biskopen om kva konsekvensar aksjonen får for Hageman seier Reinertsen at han er i dialog med henne, og at dei skal fortsetje samtala.


Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion