Religion

Stans for kristent samarbeidsråd i nord

KRIG: Samarbeidsrådet for Kristne Kirker i Barentsregionen stanser all verksemd på grunn av krigen i Ukraina. – Me har førebels ikkje fått reaksjonar frå russisk side, seier norsk biskop.

Det kristne samarbeidsrådet SKKB stansar all formell verksemd. Det varslar rådet på si Facebook-side.

Rådet viser til krigen i Ukraina og «dens konsekvenser for samarbeid mellom Russland og andre land».

Samarbeidsrådet for Kristne Kirker i Barentsregionen, SKKB vart danna i 1996 og består av lutherske og ortodokse bispedømme frå Noreg, Finland, Sverige og Russland. Dei samlast vanlegvis til årlege rådsmøte.

Stansen gjer at rådet ikkje held ordinære styremøte framover og at rådsmøtet som var planlagt i september, blir avlyst.

Russisk biskop mana til krig

SKKB vart danna i 1996 med mål om «å styrke og utvikle kontakten med den russisk-ortodokse kirka i Nord-Russland» og «å opprette et kirkelig samarbeidsråd i regionen», skriv rådet på Facebook-sida.

Fire av dei ni bispedømma i rådet er russiske. Eit av dei er Murmansk, som er leia av den kontroversielle biskopen Mitrofan.

Vårt Land har tidlegare omtala biskop Mitrofan sine utsegner:

  • I 2020 kalla han norske Sør-Varanger «vårt ortodokse land», i eit intervju omtala i The Barents Observer.
  • I mars i år heldt han ei preike med klar støtte til krigen i Ukraina. Han kopla krigen i Ukraina med kampen mot Antikrist, og sa invasjonen hadde mål om å «fjerna mørket som har omfamna vårt broderfolk», «fjerna infeksjonen» og «denazifisera Ukraina».

Mitrofan har tittelen metropolitt – ein slags overbiskop – i den russisk-ortokse kyrkja.

Biskop i Nord-Hålogaland, Olav Øygard, reagerte sterkt på utsegnene til Mitrofan. Han sa til Vårt Land at han var sjokkert, og at utsegnene er svært problematiske for rådet SKKB, som han leier.

Norsk biskop: Vanskeleg å halda fram

No seier Olav Øygard til Vårt Land at avgjersla om å stansa verksemda, likevel ikkje er direkte knytt til Mitrofan sine ytringar.

– Dette kunne ha skjedd også utan ytringane til biskop Mitrofan. Alt offisielt samarbeid mellom Noreg og Russland er lagt på is, seier han.

Bilder KM 2021- fredag Olav Øygard

Han viser til at både den evangelisk-lutherske kyrkja i Finland og den ortodokse kyrkja i Finland har stoppa alt offisielt samarbeid med den ortodokse kyrkja i Russland.

– Derfor var det vanskeleg for SKKB å halda fram.

Biskopen seier avgjersla om å stansa verksemda vart teken av han sjølv og nestleiar. Avgjersla vart teken fredag sist veke og kunngjort måndag denne veka.

– Me har førebels ikkje fått reaksjonar frå russisk side.

Har eit «ørlite håp» om gjenreising

Siste rådsmøte i SKKB vart halde digitalt i fjor.

– Me hadde gleda oss veldig til å ha eit nytt rådsmøte i Russland til hausten. No blir det ingenting av, seier Øygard.

Måndag kom også nord-nordiske biskopar med ei fordømming av den russiske invasjonen av Ukraina. Den er signert biskopar i Den ortodokse kyrkja og dei lutherske kyrkjene nord i Finland, Sverige og Noreg. Dei skriv mellom anna:

«Vi har med sorg og forferdelse registrert at ledere i den russisk ortodokse kirke støtter invasjonen. Vi tar sterk avstand fra disse uttalelsene.»

– Eg har eit ørlite håp om at det skal gå an å gjenreisa samarbeidet i rådet SKKB. Dette er avhengig både utviklinga av situasjonen i Ukraina, og korleis den russisk-ortodokse kyrkja forholdt seg til krigen i Russland, seier Øygard.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion