Der Ukraina blir til Polen, står kristne evangelistar for å bringe bodskapen om Jesus til dei som flyktar — både fysisk og med ord.
Ifølge den verdskjende predikanten Daniel Kolenda har Christ for all nations, rørsla han er leiar for, eit team «i frontlinja» som gir humanitær hjelp «og spreier Jesu kjærleik ved å dele evangeliet og be for dei sjuke», opplyser han sjølv på Facebook.
Gruppa er «vitne til mange som blir frelste og lækt», skriv Kolenda, og legg ut denne videoen:
Fortel om frelse — får kritikk
Også andre vitneskildringar som blir delt i sosiale medium peiker på kristne grupper som evangeliserer på grensa.
Ei av dei kjem frå journalist Ben Lewis frå den australske nyheitskanalen SBS News. På grensa mellom Ukraina og Polen står det amerikanske forkynnarar som «plagar» trøytte kvinner og barn, ifølge han. Desse predikantane «fortel at alle må ta imot Jesus som frelsar, så blir liva deira betre», skriv Lewis. Tweeten har blitt mykje delt, og praksisen kritisert.
At the Ukraine/Poland border. Tired women and children leaving their country. They’re being pestered by American preachers telling them they all need to accept Jesus as their saviour and their lives will be better. Receiving a lot of eye rolls in response. pic.twitter.com/Fjyc8ppKVe
— Ben Lewis (@benlewismedia) March 16, 2022
Også rørsla Awakening Europe står på grensa. På Facebook spør dei følgarane sine retorisk: Kva viss vekking kan skje midt i ein krig?
«Denne veka fortsette vårt team med å spreie evangeliet til tusenvis av menneske. Vi har sett mange folk metta, kledd, lækt, trøysta og viktigast av alt; gitt sine liv fullt ut til Jesus»
«Vi har sett folk grine medan dei høyrer dei gode nyheitene om Jesus og håpet han tilbyr. Gud gjer om oske til skjønnheit, sorg til glede, og krig til vekking» skriv Awakening Europe på Facebook. Vårt Land har kontakta organisasjonen for ein kommentar, men foreløpig utan svar.
Dette evangeliseringsarbeidet skjer ved eit Ukraina kor nesten 80 prosent av befolkninga reknar seg som ortodokse kristne, og anslagsvis ti prosent som katolikkar, ifølge United States Institute of Peace (USIP).
Evangeliets to hender
– Det oppstår eit dilemma når ein møter sårbare menneske som har måtta flykte frå alt. Der må vi vere varsame, seier nestleiar Ann-Helen Sperrud i Ungdom i Oppdrag Norge.
Fleire frå Ungdom i Oppdrag (UIO) sine europeiske greiner er til stades på grensene til Romania og Polen, og inne i Ukraina. Dei hjelper flyktningar ut av landet, tar imot dei flyktande i nye land, og møter dei med husly, klede og mat. Desse menneska treng først og fremst å få dekt dei primære behova sine, slik Sperrud ser det.
– Samtidig tenker eg at menneske òg kan ha åndelege behov i ein slik kriseprega situasjon. Det behovet er det også legitimt å møte. Ein treff heile menneske — ikkje berre menneske som manglar tannbørste og klede, seier ho.

– Vi trur på heile evangeliet, og at Gud kan møte menneske i djupe kriser. Men det bør skje med ei varsemd. Ein skal ikkje presse det, eller trenge seg på. Å høyre om Jesus skal ikkje vere premissen for å få hjelp i ei krise, seier Sperrud.
Evangeliet har «to hender», fortel den norske UIO-nestleiaren.
– Vi kan ikkje berre gi flyktningar ein Bibel, og så går dei svoltne vekk. Vi må møte dei i behova dei står i reint fysisk. Det er ei side av evangeliet vi i Norge kanskje ikkje har så tett på oss til dagleg, vi som har store nok hus og mat nok til å kaste når vi er mette.
– Dette er ei vel så viktig side av evangeliet. Jesus sjølv talte om å mette fattige og besøke folk i fengsel.
[ Espen Ottosen: Empati er ikke nok. I tillegg til fakta trenger vi etiske prinsipper 100% ]
Fred over all forstand
Nyleg fortalde ei kjenning av Sperrud, som er i Ukraina, om korleis ho og fleire kom i lag og bad då krigen braut ut. Skulle dei bli eller skulle dei flykte? spurde dei Gud.
– Ho sa at dei blei fylt med ein djup, djup fred. Denne kvinna gir livet sitt kvar dag, deler ut mat til 600 personar, utan at ho er redd. Den freden ho har fått tak i, midt i ei krigssone, den trengst også. Ein må ha mat, men også ein fred som overgår all forstand, seier Sperrud.
Skulle høvet melde seg til å vise til Jesus og freden «som overgår all forstand», må ein bruke visdom, peiker UIO-nestleiaren på. Ein må sjå kvar og ein situasjon og menneske for seg sjølv.
– Og i UIO skal ikkje moglegheita for å få hjelp vere berre for dei som høyrer på orda om Jesus. Vi hjelper alle som treng hjelp, uansett, seier ho, og held fram at organisasjonen er forplikta på Norme (Norsk råd for misjon og evangelisering) sitt dokument for misjonsorganisasjonar som arbeider internasjonalt med menneske i nød.
Vi kan ikkje berre gi flyktningar ein Bibel, og så går dei svoltne vekk. Vi må møte dei i behova dei står i reint fysisk
— Ann-Helen Sperrud, nestleiar i Ungdom i Oppdrag
[ Barberer Kjetil Fevang mistet broren. Sørget sammen med kundene ]
– Kristne må vere bevisste
Også Øystein Samnøen meiner det er riktig og viktig at kristne engasjerer seg for å hjelpe menneske på flukt frå krig. Leiaren for Norsk råd for misjon og evangelisering (Norme) ser samtidig at det er ekstra mange omsyn ein som hjelpeaktør må ta, kristen eller ei, i dei ekstreme situasjonane som finn stad ved landegrensene no.

«Forkynn evangeliet, om nødvendig med ord», skal Frans av Assisi ha sagt. Den utsegna gir meining for Samnøen i ein slik samanheng.
– Kristne hjelparar må vere seg bevisst den ekstreme og sårbare situasjonen flyktningar er i, og utvise stor respekt. Ein møter menneske som opplever enorme påkjenningar, og vi må tilpasse korleis vi formidlar nestekjærleik og deler evangeliet i tråd med det, seier han.
– Deira behov skal vege tyngre enn mine ønske om å hjelpe, seier Norme-leiaren.
Samnøen trekk fram organisasjonen Eastern European Mission (EEM) som eit eksempel på ein kristen aktør han meiner utviser godt skjønn og stor fleksibilitet i møte med krisa i Ukraina.
– Organisasjonen jobbar vanlegvis med distribusjon av biblar, men har nyleg utvida til å gi nødhjelp til flyktningar. Dette er første gong EEM har bede givarane sine om midlar til nødhjelp, seier han.
[ Verdens sterkeste kvinne var for svak til å stå oppreist ]