Religion

Jehovas vitne klagar på statstilskotsnekt

TRUSFRIDOM: Jehovas vitne klagar inn Statsforvaltaren sitt avslag på statstilskot til trussamfunnet til Barne- og familiedepartementet.

I januar blei det klart at Statsforvaltaren i Oslo og Viken vil nekte Jehovas vitne statstilskot for 2021 på grunn av eksklusjonspraksisen deira. No har trussamfunnet klaga inn avgjersla til barne- og familiedepartementet.

Det stadfestar Fabian Fond, kommunikasjonssjef i det skandinaviske pressekontoret til Jehovas vitne.

— Klaga forklarar tydeleg korleis vår religiøse tru og lære fullt ut respekterer rettane og fridomen til andre. Denne avgjersla ignorerer retten individ, inkludert modne ungdommar, har til trusfridom, og den undergrev retten foreldre har til å gje rettleiing og religiøs opplæring til sine barn, skriv Fond i ein e-post til Vårt Land.

— Barn kan bli utsette for sosial isolasjon

I avslaget skriv Statsforvaltaren at dei meiner å ha funne fleire brot på trussamfunnsloven hjå Jehovas vitne.

Ein av tinga dei nemner er at eksklusjonspraksisen deira inneber at medlemmar blir nekta å ha kontakt med utmelde medlemmar, også dei som har meldt seg ut frivillig.

Dette meiner Statsforvaltaren er til hinder for retten til fri utmelding, som er lovfesta i trussamfunnslova § 2.

Fabian Fond er kommunikasjonssjef i det skandinaviske pressekontoret til Jehovas vitner.

Vidare hevdar Statsforvaltaren at trussamfunnet opnar for å ekskludere døypte mindreårige, og at dette strid med § 6 i trussamfunnslova:

«Me meiner dette er negativ sosial kontroll og krankar rettane til barn. Udøypte barn som bryt med trussamfunnet sine reglar, kan bli utsett for sosial isolasjon. Dette blir også oppfatta som negativ sosial kontroll og brot på barn sine rettar.» skriv Statsforvaltaren i si grunngjeving.

Jehovas Vitne meiner på si side at avgjersla til Statsforvaltaren krenkar vitna sine rettar under både grunnloven til Noreg og dei internasjonale menneskerettane.

---

Jehovas vitne

  • Jehovas vitne er eit religiøst trussamfunn. Dei lærer at Bibelen er skriven av Gud (Jehova), ved hjelp av forfattarar som var under Gud si leiing. Derfor forstår ein Bibelen som Guds ufeilbarlege og pålitelege ord og den einaste nødvendige rettleiaren i alle livets spørsmål.
  • Jehovas vitne blei etablert i USA i 1870-åra, den fyrste tida som ei bibelstudiegruppe. Etter kvart utvikla det seg til eit trussamfunn under leiing av Charles Taze Russell (1852-1916).
  • Ifylgje eigen statistikk var Jehovas vitne i 2020 verksame i 240 land og hadde 8.424.185 medlemmar (aktive forkynnarar) fordelt på 120.387 kyrkjelydar. Barn og andre som ikkje er aktive forkynnarar kjem i tillegg.
  • Kilde: Store norske leksikon og jw.org

---

Prinsipielt interessant

Professor emeritus Tore Lindholm ved Norsk senter for menneskerettigheter seier det er teknisk vanskeleg sak departementet no har fått på bordet.

— Det Jehovas vitne driv med er vilt upopulært hjå dei fleste, men dei har rett til si oppfatting. I Noreg bør det bety at ein ikkje tek frå dei støtta med mindre dei krankar ei lov. Om dei gjer det kan ikkje eg gje ei vurdering på her og no.

Viste støtte: Tore Lindholm viste sin støtte til Islam Net under dialogmøtet.

Professoren påpeikar at det heile er komplekst sidan norske lovar kan vise seg å vera menneskerettsleg problematiske. Særleg aktuelt er det kanskje når ei lov er relativt ny, slik som trussamfunnslova som tredde i kraft 1. januar 2021.

— Då kan ofte ein domstolsavgjersle vera avklarande, seier Lindholm.

Tidlegare har professor i religionsvitskap ved Universitetet i Oslo, Dag Øistein Endsjø, sagt til Vårt Land at han ikkje kjenner til tilsvarande saker der etablerte trussamfunn har blitt nekta støtte i Noreg. Han seier saka er av stor prinsipiell interesse og kan potensielt nå den Den europeiske menneskerettsdomstolen, sjølv om det truleg vil ta fleire år.

Tidlegare har Endsjø sagt at han meiner Statsforvaltaren si avgjersle truleg ikkje held mål, medan jurist Njål Høstmælingen og teologiprofessor Sturla Stålsett har sagt til Vårt Land at dei trur avgjersla blir ståande om ho hamnar i retten.

HØYR NYASTE EPISODE AV VÅRT LAND SIN PODKAST «ÅPENBART» HER:



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion