Thomas Neteland blei «allergisk» mot lunka kulturkristendom og slår eit slag for kristen entusiasme
KARISMATIKK: I ei ny bok tek pinsepastor Thomas Neteland til orde for at kristne fellesskap bør pregast av høglydt pris og entusiasme. – Nordmenn kan bli for reserverte, meiner han.
FRUSTRASJON: Thomas Neteland har skrive ei bok om entusiasme. Men frøet blei sådd i frustrasjon, og Neteland forstår at «Avokadoeffekten» kan provosere. For pinsepastoren er det å vera fylt av Gud og å vera entusiastisk to sider av same sak.
Erlend Berge
«Noreg treng ikkje endå fleire inaktive kristne som berre sit heime og «kviler for Jesus»».
«Min teori er at positive, smilande menneske også er dei aller, aller lukkelegaste. Dei er ikkje positive og smilande fordi dei er lukkelege. Dei er lukkelege fordi dei er positive og smilande».
Debutforfattar Thomas Neteland er klar over at setningar eller råd frå den nye boka hans isolert sett kan vera provoserande, men han meiner boka under eitt har ein viktig bodskap: Ein skal leva eit liv kor det som skjer på innsida, påverkar korleis livet ser ut på utsida.
Bestill abonnement her
KJØP