Religion

Frå gudshus til brukshus

NY BRUK: Det er fleire som har gjort som Ole Martin Thorshaug Kristiansen og André Martins, og gjort kyrkjer eller bedehus om til anna bruk. Bli med til musikkstudioet til Karin Park, selskapslokalet på Breim og familieheimen på Nøtterøy.

Vårt Land skreiv nyleg om Ole Martin Thorshaug Kristiansen og André Martins som såg for seg draumeheimen då ei nedlagt kyrkje i Telemark blei lagt ut for sal. Men dei er langt frå dei einaste.

Før har Vårt Land skrive om bedehus som har blitt gjort om til både skatehallar og sauefjøs. Denne gongen skal du få bli med til eit musikkstudio, ein familieheim og eit selskapslokale/feriebustad.

Den svenske musikkyrkja

Karin Park og ektemannen har kjøpt ei kyrkje i Sverige og gjort den om til både heim og studio.

Park er ein svensk-norsk artist med ei rekkje elektronika-album bak seg. Saman med mannen hennar, Kjetil Nernes, utgjer dei noiserockbandet Årabrot.

Kyrkja dei har leigd sidan 2011, ligg i den vesle bygda Djura, i Dalarna i Sverige. Her har ekteparet hatt base sidan. Og her spelar dei altså inn både album og musikkvideoar, samstundes som det er heimen til ekteparet og barna deira.

I 2015 kjøpte dei kyrkja av Missionskyrkan, og den blei avvigsla i ein seremoni, fortel Park.

Ho synest det aller beste med å bu i ei kyrkje er atmosfæren, ljoset og den store takhøgda. I tillegg set ho pris på historia huset ber på.

– Kyrkja vår blei bygd i 1878, nøyaktig hundre år før eg blei født. Det er eit heilt unikt hus som det ikkje finst makan til nokon annan stad, seier artisten.

På spørsmål om kva som er det mest utfordrande med å bu i ei kyrkje har ho svaret klart:

– At det spøker her, så klart. Men det er også sjarmen, meiner Park.

Bur i Ebenezer bedehus

Interiørarkitekt Anne-Linn Nyfelt og mannen får besøk av mange nysgjerrige naboar som gjerne vil sjå kva dei har gjort med huset sitt, og for å fortelje historier frå før dei overtok det.

– Det er moro at heile nabolaget har ei tilknyting til huset. Og oldeforeldra mine vaks opp på denne staden, og har nok vore ein del på møte på Ebenezer, meiner Nyfelt.

Det var i 2008 at ekteparet kjøpte bedehuset som ligg på Nøtterøy. Sidan dei overtok har dei «stramma opp» interiøret, men samstundes behalde mange av dei gamle detaljane som vindauge, dører og trappa.

Nyfelt set stor pris på kontrasten mellom det gamle og nye. Ein annan favoritt er allrommet som før var møtesalen. Det strekker seg over to etasjar.

– Det gjev huset karakter. Alle som kjem på besøk kommenterer det, og me må fortelje om historia til huset.

Og som interiørarkitekt synest ho det er morosamt å ha eit hus som skil seg ut frå mengda.

Men det å kjøpe eit slikt forsamlingslokale og gjera det om til ein bustad var ikkje berre enkelt. Det kravde mykje arbeid og store omrokeringar for å få det til å fungere til familien sin bruk. Sjølv om dei forventa at det skulle bli mykje arbeid trur ho det er bra at dei ikkje visste kor stor jobben blei.

– No har me lagt så mykje jobb ned i dette huset at me ikkje kan flytte.

– Men me trivest så godt, at her blir me nok.

Bdhuset på Breim

Ingvill Holter og Kjetil Almenning kjøpte i 2017 Breim bedehus i Gloppen kommune på Vestlandet. Sidan den gong har dei totalrenovert laftehuset og gjort det om til selskapslokale og ein feriebustad i underetasjen.

Huset som tidlegare var eigd av Breim indremisjon har dei døypt om til BDhuset.

Dei brukar huset sjølve til å kunne samle til store lag og kreative arrangement, i tillegg til å leige det ut til andre, mellom anna til selskap, markeringar og som ferieplass.

Huset har alltid vore ein stad der folk har møtt kvarandre, og det skal det framleis vera, berre på ein ny måte.

—  Ingvill Holter og Kjetil Almenning

Bedehuset ligg ein god reiseveg frå Bergen der dei held til vanleg, så dei er glade for å ha familie i nærleiken som hjelper til med praktiske gjeremål.

For det store huset krev både tid og arbeid. Men dei veit at fleire set pris på at det framleis er aktivitet i det gamle bedehuset.

– Huset har alltid vore ein stad der folk har møtt kvarandre, og det skal det framleis vera, berre på ein ny måte. Det er veldig kjekt for oss når sambygdingar set pris på jobben me har gjort og seier at dei fylgjer med på arbeidet med glede. Det betyr mykje.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion