Nyheter

Vil bu i kyrkje: – Enkelte trur det er eit PR-stunt frå eit proaktivt homofilt par

OPPUSSING: Då André og Ole Martin kom over den nedlagde kyrkja på Akkerhaugen i Telemark tenkte dei: – Dette kan bli draumeheimen.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

– Vi sat i leilegheita vår i Oslo under koronanedstenginga og tenkte «her sit vi som hamsterar i bur. Det er heilt pyton!»

Det seier Ole Martin Thorshaug Kristiansen, som saman med kjærasten André Martins har kjøpt den nedlagde kyrkja på Akkerhaugen, rett utanfor Notodden i Midt-Telemark.

Etter ein periode der begge hadde vore i isolasjon etter koronasmitte våren 2021 bestemte dei seg for at dei trengde å komme seg ut av leilegheita, og reiste til Telemark på visning.

Der smelta dei heilt for det vesle kyrkjebygget, som dei kort tid etter var eigarar av.

– Eg er frå ein landleg plass i Trøndelag, og eg drøymde om å bu med god plass og tilgang til naturen. Både eg og André er opptekne av arkitektur og detaljar, og synest det er spanande med noko som er litt annleis.

Det var dimensjonane på ting som vekte inspirasjonen hos dei. Det høge taket, det store kyrkjeskipet, og ikkje minst vindauga.

– Seks store, gotiske vindauge!

Konservativt kyrkjesamfunn

Kyrkja tilhøyrde fram til salet Det evangelisk-lutherske kyrkjesamfunn (Delk). Ho vart bygd i 1920 i det som i dag er eit bustadområde. Kyrkja hadde sin mest aktive periode i tiåra før andre verdskrig, og hadde på det meste opp under hundre medlemmer. Opphavleg vart det også drive skule i bygget.

– Delk er ei ganske konservativ kyrkje. Har de fått reaksjonar frå dei på at eit homofilt par har tenkt å gjere kyrkja til bustad?

– Eg trur ikkje det er ei kyrkje som trur på ekteskap mellom personar av same kjønn, nei. Men vi har ikkje fått negative reaksjonar frå den kanten. Kontaktpersonen vår i kyrkja som har stått for salet har berre vore hjelpsam, og har også sagt at vi gjerne kan ringe han om det er noko vi treng vite om bygget etter at vi har teke over, seier Kristiansen.

Han forklarar at kyrkjesamfunnet sjølv valde å avvigsle kyrkja før dei la ho ut for sal.

– I den grad vi har fått negative tilbakemeldingar så er det helst frå dei som seier at «kyrkjebygg skal vere kyrkjebygg».

Kommentarar er bensin på bålet

André og Ole Martin

Paret har fått enkelte negative kommentarar på instagramkontoen dei har oppretta for å følgje prosjektet.

– Vi fekk ei melding frå ein som meinte dette berre er ei PR-prosjekt frå proaktive homofile. Dei meinte vi berre gjorde dette for å provosere, og ikkje hadde nokon intensjon om faktisk å busette oss der, seier Ole Martin Thorshaug Kristiansen.

Nokon oppretta også falske instagramprofilar for å spreie slike rykte.

– Stikk ein hovudet fram så kan ei få både og, seier han.

– Men for oss har det berre vore bensin for å komme oss i gang så raskt som mogleg.

– Heldigvis er vi unge og dumme

I hovudsak har likevel tilbakemeldingane vore gode, og Kristiansen understrekar at 90 prosent av kommentarane har vore berre positive.

– Dette er eit spesielt prosjekt, og vi bestemte oss tidleg for å vere opne og svare på alle spørsmål. Vi er veldig opptekne av å bli kjend med folk. Og vi har oppdaga at det finst veldig mykje fine folk i området som gjerne vil hjelpe oss, seier han.

Vi har oppdaga at det finst veldig mykje fine folk i området som gjerne vil hjelpe oss

—  Ole Martin Thorshaug Kristiansen

Tanken om å gjere noko som er litt annleis er heller ikkje heilt ny for dei to. På eit tidlegare tidspunkt vurderte dei å kjøpe ein nedlagd skule, men den gongen slo dei det frå seg. Sjølv om ingen av dei eigentleg har mykje røynsle med oppussing, så har dei ein felles visjon om kva dei vil få til, og ukueleg optimisme for prosjektet.

– Vi har lyst å ta dette flotte bygget og skape vår eigen heim inni det. Heldigvis er vi unge og dumme, så vi kastar oss inn i det.

Han skildrar omgjevnadane på Akkerhaugen, rett ved der Sauarelva renn ut i Norsjø, som ein nydeleg stad.

– Vi føler vi har gjort eit skup. Vi snakkar om planane våre frå vi står opp til vi går og legg oss.

André og Ole Martin

Håpar å unngå straumknipe

– De har teke over eit gammalt bygg, med store vindauge, høgt under taket og store rom. Blir du bekymra av straumkrisa i vinter?

– Vi har fått merke det. Det er ei utfordring – vi må tenkje grønt og på lågast mogleg klimautslepp, og samstundes tenkje bygningsvern.

Dei vil løyse floka med mykje isolering, og kanskje også ved å unngå å varme opp alle rom i huset til romtemperatur når det er på det kaldaste. Men ei utfordring har dei enno ikkje løyst:

– Vi vil veldig gjerne behalde dei flotte gotiske vindauga. Om nokon har gode råd for korleis vi skal gjere det, så må dei gjerne ta kontakt.



Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim er journalist i nyhetsavdelingen. Han jobber særlig med politikk.

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter