Religion

Omstridt Klepp-vedtak blir ståande – no går saka til Statsforvaltaren

KLEPP: Kulturstøttevedtaket er blitt kritisert for å diskriminere konservative kristne. Måndag kom den endelege avgjerda i Klepp kommunestyre: Vedtaket blir ståande – og sendt vidare.

Med 20 mot 11 stemmer blei dei omstridde kriteria for kulturstøtte slått fast måndag kveld. I realiteten hindrar Klepp kommune aktørar med tradisjonelt samlivssyn frå å søke om kulturstøtte.

Dette blei først vedteke med same stemmetal 13. desember i fjor, etter at saka hadde blitt debattert gjennom heile 2021.

No blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren i Rogaland for vidare behandling. Statsforvaltaren kan anten behandle saka sjølv eller sende den vidare til Kommunaldepartementet.

KrF trudde ikkje på omgjering

Bakgrunnen for at vedtaket på nytt var oppe til diskusjon i Klepp kommune, er at kommunen i desember tok imot eit krav frå seks kommunestyrerepresentantar om lovlegskapskontroll av vedtaket. Her bad dei kommunestyret i Klepp om å endre vedtaket.

– Det er ikkje kvar dag nokon fremjar lovlegskapskontroll. Eg har vore med sidan 1999 og kan ikkje hugse at det har skjedd. Dette skal ikkje brukast i tide og utide, og det skal ikkje vere ein politisk omkamp, sa KrF-politikar Torbjørn Hovland måndag kveld.

Han var tydeleg på at saka handla om prinsipielle spørsmål. Saman med Kjetil Maudal (FrP), Siri Bloch Lindtveit (KrF), Morten Erga (H), Elisabeth Manke Bellamey (Frp) og Geir Astrup Pollestad (Frp), står Hovland bak kravet om lovlegskapskontroll.

Måndag håpte han at kommunestyret i Klepp skulle gjere om vedtaket frå desember, men viste tydeleg at han ikkje hadde tru på å få med seg fleirtalet:

– Eg heiser flagget om forslaget mot formodning skulle få fleirtal. Om det ikkje får fleirtal, så blir vedtaket sjølvsagt sendt over til Statsforvaltaren, sa Hovland.

Torbjørn Hovland, politiker i Klepp KrF. Her utenfor Klepp rådhus i Klepp kommune i Rogaland.

Ingen ny debatt

Forslaget om omgjering fall – etter ein kort debatt. For seansen i Klepp kommunestyre måndag blei av den korte sorten.

Klepp-ordførar Sigmund Rolfsen (Ap), som stod bak innstillinga om å halde på vedtaket frå desember, sette standarden då han introduserte saka:

– Eg vil ikkje legge opp til nokon ny debatt om retningslinjene, men det er sjølvsagt lov å gi uttrykk for sine synspunkt, sa Rolfsen.

Representantar frå ei rekkje parti sa sine korte ord, men debatten tok aldri av.

Kristne organisasjonar kan bli råka

Bakgrunnen for at kulturstøttevedtaket er omstridt, er at Klepp kommune stiller spesifikke krav for at organisasjonar kan søke støtte. Det heiter at alle medlemmar må kunne veljast til «styre, tillitsverv og posisjoner, uavhengig av samlivsform, seksuell orientering, kjønn eller etnisitet».

Det var eit kommunalt utval i Klepp kommune, som hausten 2020 utarbeidde eit nytt forslag for retningslinjer for kulturstøtte til lag og organisasjonar.

Forslaget som no er vedteke, vil kunne gå hardt utover kristne organisasjonar som står fast ved den tradisjonelle forståinga av samliv, der ekteskapet skal vere mellom mann og kvinne.

Politikarane som ønskte lovlegskapskontrollen, meiner at kulturstøttevedtaket kan vere i strid med mellom anna paragraf 6 i likestillings- og diskrimineringslova, der det heiter at diskriminering på grunn av mellom anna religion, er forbode. Politikarane meiner òg at vedtaket kan vere i strid med paragraf 6 i trussamfunnslova, paragraf 104 i Grunnlova og enkelte menneskerettar.

No skal altså Statsforvaltaren i Rogaland skrive neste del av soga om kulturstøttevedtaket i Klepp, gjennom den ønskte lovlegskapskontrollen.

Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion