Religion

Farmen-grisen vart juleribbe hos familien Selbekk

FARMEN KJENDIS: – I den grad folk veit kven eg er så ser mange på meg som ein ganske kontroversiell figur, seier Dagen-redaktøren Vebjørn Selbekk. I kveld skal han sjå sin Farmen-debut på skjermen saman med familien – og Dorthe Skappel.

TV 2 Farmen kjendis sendes 2022. Bilder skal kun benyttes i forbindelse med omtale av TV 2 og TV 2s programmer.

– Eg likar leven, spetakkel og tv-kamera. Det innrømmer eg gladeleg, seier Vebjørn Selbekk om kvifor han sa ja til å bli med på realityprogrammet Farmen kjendis på TV2.

I dag er det premiere på den fyrste episode av den sjette sesongen med det populære reality-programmet.

Den profilerte redaktøren i den kristne avisa Dagen blei for alvor kjent for folk då han i 2006 trykte karikaturteikningar av Muhammed. Selbekk fekk ei mengd hatpost og drapstruslar i etterkant, og også i Noreg gjekk debatten heitt for seg.

TV 2 Farmen kjendis sendes 2022. Bilder skal kun benyttes i forbindelse med omtale av TV 2 og TV 2s programmer.

Var spent på mottakinga

Men no har han altså vore med på ein «kamp for tilværet» saman med namn som Sophie Elise Isachsen, Jahn Ivar “Mini” Jakobsen og Dorthe Skappel, i ei verd som har snudd klokka hundre år tilbake i tid.

Og meddeltakar Dorthe Skappel skal også få bli med når Selbekk ser fyrste episode av sesongen han er med i. Det skjer i kveld, og planen er at redaktøren skal ha kone, barn, barnebarn og God kveld Norge til stades.

– Korleis er nervane før premiera?

Eg gler meg berre. Det var ei fantastisk artig oppleving å vera med på Farmen, og no gler eg meg til å sjå det på skjermen.

Men før han reiste inn til Bøensætre husmannsplass i Aremark, Viken, var det fleire ting han var spent på.

– Du kjem gåande med ein skipssekk full av klede, men også mykje anna bagasje. I den grad folk veit kven eg er så ser mange på meg som ein ganske kontroversiell figur.

– Den morosamaste eg har møtt

I tillegg til karikaturstriden er Selbekk ein fritalande mann som ikkje går av vegen for å stille opp i debattar om betente tema som kjønn, legning eller abort, og då som regel med ei klassisk, kristenkonservativ tilnærming.

– Det var ei overraskande og god oppleving å bli tatt så godt imot ifrå fyrste stund, seier Selbekk om måten dei andre deltakarane møtte han.

Redaktøren meiner han kom godt overeins med alle deltakarane, sjølv om han særskilt trekkjer fram ein god kjemi med programleiar Niklas Baarli, påverkar Sophie Elise Isachsen og tidlegare handballspelar Kjersti Grini.

TV 2 Farmen kjendis sendes 2022. Bilder skal kun benyttes i forbindelse med omtale av TV 2 og TV 2s programmer.

Farmen-grisen enda som juleribbe

I dei fleste realityprogram utkrystalliserer det seg nokre roller hjå deltakarane. I Farmen har ein ofte sett mellom anna ein kranglefant, ein unnasluntar og ein dyrevernar. Kva rolle trur Selbekk at han passar inn i?

– Ikkje den som motset seg slaktinga av dyr i alle fall. Grisen som eg og Sophie Elise ala opp saman ligg trygt i frysen min her heime.

– Korleis kan det ha seg?

– Eg tok med familien min tilbake til garden etter innspelinga var omme, og då var me med på griseslakting.

Familien kjøpte halve grisen, og delar av den blei til ribbemiddag for familien i jula.

Sophie Elise Isachsen er kjent for å vera vegetarianar og dyreven. Veit ho om rolla Selbekk hadde i grisen sitt endelykt?

– Ja, og det synest ho var veldig fint, påstår Selbekk, og siktar til at grisen blei slakta på garden heller enn å bli frakta til eit slakteri.

Mindre leven enn forventa?

– Niklas Baarli er det morosamaste menneske eg har møtt, og han har ingen av-knapp. Kvart måltid var som å vera på eit julebord der Baarli var hyra inn som underhaldning, seier Selbekk.

Han synest det er litt ekstra fint at dei to kom så godt over eins, trass i at dei står langt frå kvarandre i ein del spørsmål. Saman med Dorthe Skappel og Marte Bratberg er Baarli programleiar for God kveld Norge. I haust gifta han seg med sambuaren, Benjamin Silseth.

– Me er ueinige om syn på ekteskapet, men det var gripande å oppleve at det trass i alt er meir som foreinte enn skilte. Me hadde mange gode samtaler.

TV 2 Farmen kjendis sendes 2022. Bilder skal kun benyttes i forbindelse med omtale av TV 2 og TV 2s programmer.

På same møte som Selbekk opplevde at påverkar og forfattar Sophie Elise Isachsen var ein heilt annan person enn det inntrykket han har fått gjennom media, trur han det same kan bli sagt om han. Kanskje til nokon sin skuffelse?

– Det er sikkert mange som har tenkt at det skulle bli meir leven, spetakkel og diskusjon med meg på Farmen enn det blei. Men det er forskjell på den offentlege rolla eg har og kven eg er som person. Det er ikkje slik at eg kranglar og lagar bråk privat, eg er ein trivelegare fyr enn som så. Og det fekk eg lov å også vera på Farmen.

Hallesby, misjon og basar fekk plass

Og i år passa kanskje Selbekk litt ekstra godt inn. Kvar sesong av programmet har nemleg ein bakhistorie dikta av produksjonsselskapet, men basert på historia.

I år er bakteppet for at kjendisgjengen overtek drifta av garden i bygda Aremark, at eigarane har reist som misjonærar til Kina.

I sin historie legg produksjonsselskapet stor vekt på det sterke andslivet i bygda, mellom anna på grunn av gardseigaren sitt store førebilete, sambygdingen Ole Hallesby.

Teologen er kanskje mest kjent for ei helvetespreike som blei sendt på radioen og som vekte stor debatt, men han var også ein viktig misjonsleiar, og dessutan den som stifta Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (Laget).

– Dette var ein gullalder for norsk misjon og misjonen stod for ei viktig kulturutveksling. Eg synest det er flott at dei vel ein så interessant bakgrunnshistorie, seier Selbekk.

Kunne spart seg for å ta med bibel

Han seier det sette preg på opphaldet på Farmen, mellom anna med at det var kristen litteratur tilgjengeleg i huset, og at englar og kors pryda veggane. Det gjorde redaktøren sit val av personleg gjenstand litt uheldig: ein bibel frå 1880-talet som han fekk til 18-års dagen sin.

TV 2 Farmen kjendis sendes 2022. Bilder skal kun benyttes i forbindelse med omtale av TV 2 og TV 2s programmer.

– Det kunne eg spart meg, då det var ein bibel der frå før. Og det var faktisk litt juks, då den var frå 1930.

I tillegg skal deltakarane ha blitt med på å arrangere basar og dramatisere bibelforteljingar, seier Selbekk.

– No står det att det å sjå kor tydeleg det kjem fram på TV, seier Selbekk.

---

Deltakarar på Farmen kjendis 2022:

  • Vebjørn Selbekk (52). Sjefredaktør i Dagen.
  • Sophie Elise Isachsen (26). Påverkar, forfattar, foredragshaldar.
  • Jahn Ivar «Mini» Jakobsen (55). Fasilitator og tidlegare fotballspelar.
  • Shabana Rehman (44). Spaltist og sceneartist.
  • Kjersti Grini (50). Sjølvstendig næringsdrivande, tidlegare handballspelar.
  • Dorthe Skappel (58). Programleiar i «God Kveld Norge».
  • Niklas Baarli (32). Programleiar i «God Kveld Norge».
  • Heine Totland (50). Artist.
  • Ingrid Simensen (27). Programleiar i NRK P13.
  • Øyunn Krogh (25). Påverkar, vinnar av Sommerhytta 2020.
  • Adam Ezzari (22). Artist.
  • Isak Dreyer (27). Vinnar av «Norges Tøffeste 2021» og fiskar.

---

Fellesbilde. TV 2 Farmen kjendis sendes 2022. Bilder skal kun benyttes i forbindelse med omtale av TV 2 og TV 2s programmer.
Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Annonse
Annonse

Mer fra: Religion