Religion

Kristendommen stuper i Vest-Europa – men éi retning har vakse enormt i heile verda

RELIGION I FORANDRING: Samtidig som kristendommen er på retrett i vestlege land, går ikkje talet på kristne ned i verda totalt. – Tradisjonelle kyrkjer er utfordra, seier forskarar.

– Korleis står det til med kristendommen i dag?

– Svaret på det, er at det finst veldig mange ulike kristendommar i dag. Men det er framleis verdas største religion, seier Sven Thore Kloster.

Han er gjesteforskar ved Teologisk fakultet (TF) og medforfattar av boka Global kristendom, som no blir gitt ut i USA.

– Du kan seie at det framleis står bra til med kristendommen på verdsbasis. Han er svært aktivt i bruk, og vert artikulert over heile kloden – også utanfor kyrkjerommet. Kristendommen er til stades i mange samfunn og ulike kulturar, frå lovverk og politikk, til filmar og bøker, seier Kloster.

– Enorm vekst av karismatikk

Om lag ein av tre personar globalt høyrer framleis til ei kristen kyrkje, samanfattar Kloster. Hypotesen hans, er at det også vil vere slik om ti år.

For trass i at talet på kyrkjegjengarar, og folk som seier at dei trur, stadig går ned i vestlege land, er det ein annan tendens som gjer at bildet går opp-i-opp.

– Vi har sett ein enorm vekst i den karismatiske rørsla, særleg i sør. Det globale kristne tyngdepunktet flyttar seg, fortel Kloster.

Etter andre verdskrig var «narrativet» om kristendommen at verda var i ferd med å sekulariserast. Forskarar peikte mellom anna på auka velstand og skiljet mellom kyrkje og stat, som grunnar.

– Omvendt sekularisering

Men denne nedgangen viste seg etter kvart å i hovudsak gjelde i Vest-Europa.

– Resten av verda blei ikkje meir sekulær – ikkje det amerikanske kontinentet og ikkje Afrika. Eit spesielt eksempel er Russland, som etter fallet til kommunisme har knytt stat og kyrkje nærmare kvarandre. Der har det skjedd ei omvendt sekularisering.

Sven Thore Kloster, teolog og medforfatter av bøkene «Global kristendom» og «Global Christianity – Current Trends»

«Gud er tilbake» var det nye narrativet for femten år sidan, fortel forskaren.

– I Vest-Europa kom religion tilbake etter den kalde krigen i form av innvandring og identitets- og sikkerheitspolitikk. Men no er også dette narrativet oppe til debatt. Tradisjonell, institusjonalisert kristendom er på tilbakegang fleire stadar i Europa enn tidlegare, og no truleg også i USA, forklarar Kloster.

Dette kan vere grunnar

Det har lenge gått føre seg forskingsdebattar om kva som er årsakene til den nedadgåande tendensen i Vest-Europa. Ein peikar på faktorar som:

  • Velstand.
  • Skiljet mellom kyrkje og stat.
  • Autoritetar har mista makt, mellom anna dei religiøse.
  • Auka grad av individualisering, demokratisering og mindre kollektiv kultur.

– Årsakene er nok mange og samansette. Det dreier seg i høgste grad om historiske forhold. Kanskje trivst organisert religion best i kollektive samfunn, undrast Kloster.

– I kva omfang og grad individuell tru speler ei rolle, veit vi mindre om. Det lar seg vanskeleg måle. Mange trur «på sin måte», og mange trur ikkje i det heile tatt, seier Kloster.

«Dramatisk» vekst

Verdas raskast veksande religiøse rørsle er truleg den pinsekarismatiske kristne. Dei siste 30 åra har ho hatt stor utbreiing i spesielt Afrika og Latin-Amerika, men òg i Oseania og delar av Asia.

Gina Lende, førsteamanuensis ved MF vitenskapelig høgskole og medforfattar av Global kristendom, kallar pinseveksten i denne perioden «dramatisk».

– Pinserørsla har gått frå å vere veldig liten til å bli mainstream på desse kontinenta, fortel ho.

Pådrivarane såg eit rom opne seg då autoritære statar i Afrika og Latin-Amerika blei løyst opp og landa blei meir demokratiserte. Pinsekarismatiske grupper tok moglegheita, og starta blant anna TV-kanalar og skular, og profilar var delaktige i samfunnslivet.

– Alt er mogleg

Innan denne retninga har det dessutan vore lett å starte kyrkjelydar og bli pastor, fortel Lende. I katolske eller protestantiske kyrkjer er det ein større og seigare infrastruktur, ser forskaren.

– Teologien seier òg at alt er mogleg: Du kan bli frisk og du kan få endra livet ditt. Trua på Gud som delaktig i det minste og i det største, har vore viktig.

Gina Lende, MF

– Pinserørsla erkjenner også i mykje sterkare grad enn etablerte kyrkjesamfunn at det finst åndelege krefter i verda. Det kan ha hatt appell i kontekstar kor urfolksreligionar og folketru har stått sterkt, seier Lende.

Har forandra tradisjonelle kyrkjer

At karismatiske rørsler har blitt meir populære, har utfordra dei meir tradisjonelle kristne kyrkjene, fortel både Lende og Kloster. Pinsekarismatiske forsamlingar har «stole» mange medlemmer frå katolske og protestantiske kyrkjesamfunn.

– Den utfordringa har dei etablerte kyrkjene prøvd å gjere noko med. Heller enn å gå til frontalangrep på pinsevennene, har ein del tradisjonelle kyrkjesamfunn inkorporert ein del pinsekarismatiske trekk, fortel Gina Lende.

– Handspålegging og tungetale kan i dag sjåast i etablerte kyrkjer, held ho fram.

Meir popmusikk

Den auka populariteten til pinsekristendom har òg ført til ei demokratisering av dei etablerte kyrkjene, ser forskarane. I dag finst det i mindre grad klerikale kyrkjer, der presten har «all makt».

– Kyrkjene har oppdaga at folk vil vere med og bestemme, og ha fleire kulturuttrykk. Fleire lekfolk blir involvert, og mange stader blir det meir popmusikk og «Hillsong». I Norge såg ein det då Oase-rørsla kom fullt innover landet.

Då måtte Den norske kyrkja spør seg sjølv om ein skulle halde fram med å ha gudstenestelivet strengt etter alterboka, eller byrje å opne for andre typar lovsong enn berre frå salmeboka, eksemplifiserer Kloster.

– Slik ser ein at desse globale tendensane òg har verka inn på vårt heimlege kyrkjeliv, seier han.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion