Religion

Sokneprest uttrykkjer vaksineskepsis på Facebook. – Veldig uklokt, seier preses

KORONA: «Eg er koronaskeptikar!» skreiv sokneprest Toralv Frøysaa Lie på Facebook. Dette får mange til å reagere. – Som prestar har vi også eit generelt ansvar for å verne liv, seier preses Olav Fykse Tveit.

Nesten heilt frå byrjinga av pandemien har sokneprest Toralv Frøysaa Lie frå Tinn i Øvre Telemark lagt ut postar som er kritiske til vaksinar og til styresmaktene si smittevernhandtering, på sin opne profil på Facebook.

«Eg er ikkje ekspert, men velger å lytte til fleir enn ein stemme. Så langt er eg ikkje i tvil om at det er grunn til å vere skeptisk», skreiv han 17. oktober i år.

Blant postane han har delt er ein video der den kontroversielle skotske forfattaren Neil Oliver samanliknar innføring av krav om vaksinepass for å slippe inn på kafear og restaurantar, med nazistane sine kampanjar mot jødane i mellomkrigstida. Han har også delt vaksinekritiske postar frå blant anna Resett og Fox News.

Vårt Land har snakka med sokneprest Toralv Frøysaa Lie og gjort han klar over at vi skriv ei sak om dette. Han har takka nei til gjentekne tilbod om å svare på spørsmål eller kommentere innhaldet i saka.

Skjermdump frå Facebook

Prost Asgeir Sele i Øvre Telemark, som er Frøysaa Lie sin næraste overordna, er godt kjend med desse postane.

– Vi er i eit grenseland som er vanskeleg her. Vi står i skjeringa mellom ytringsfridomen, og at det å vere prest er noko ein er heile døgnet, seier prosten til Vårt Land.

Sterke lokale reaksjonar

Det er mange i lokalmiljøet til presten i Øvre Telemark prosti som har reagert på aktiviteten hans i sosiale medium under pandemien.

Ein av dei er prestekollega Sverre Henriksen frå nabokommunen Notodden. I ein kommentar på eitt av Frøysaa Lie sine innlegg, skriv han:

«Hva er hensikten med å legge ut dette? Vår jobb er vel mer å bidra til trygghet og ro, enn å bidra til usikkerhet, mistenksomhet og redsel?»

Når Vårt Land ringjer Henriksen, står han ved innhaldet i denne kommentaren, og utdjupar:

– Eg meiner at han som privatperson må få meine kva han vil, men som prest synest eg han burde la det vere.

Også fleire andre som Vårt Land har snakka med, uttrykkjer uro for korleis Frøysaa Lie har uttrykt seg. Leiar i Tinn kyrkjelege fellesråd Karin Ødegård seier at ho har reagert på postane, og at ho har vurdert å melde frå til arbeidsgjevaren til presten.

– Det er ei nøtt å knekke. Det er hans meiningar og dei må han ha lov å ha. Men samstundes får du ein vond klump i magen når du høyrer han seie slike ting, seier ho til Vårt Land.

Stein Reinertsen

Ingen brot på smittevern

Både prosten og biskop i Agder og Telemark, Stein Reinertsen, understrekar at soknepresten har halde seg lojal til dei reglane om smittevern som til ei kvar tid har vore gjeldande. Frøysaa Lie skal heller ikkje ha formidla sine vaksineskeptiske haldningar frå talarstolen eller i andre samanhengar der han har fungert som prest.

Prost Sele seier at han har hatt samtaler med presten, og at han der har bede han om å reflektere over om måten han uttrykkjer seg på i sosiale medium kan skape misforståingar rundt rolla hans som prest.

– Vi er i ein løpande dialog om kva som er rett og klokt å gjere i denne situasjonen, seier Sele.

Biskop Reinertsen fortel også at det går føre seg samtaler mellom han, prosten og Frøysaa Lie om denne saka. Han understrekar at det er ytringsfridom i Noreg, også for prestar, og at Frøysaa Lie ikkje har uttrykt noko som er utanfor denne fridomen.

– Men kva som er klokt og kva som ikkje er klokt å ytre seg om, det er sjølvsagt noko anna, seier Reinertsen.

– Du seier at det er samtaler om dette mellom deg og presten, men kva skal til for at det ein prest seier eller gjer skal få større konsekvensar enn ein samtale?

– Dersom ein prest uttrykkjer vaksinemotstand gjennom forkynninga, eller dersom smittevernreglar ikkje blir følgde, så er det eit klart brot. Det ville fått konsekvensar.

– Som prest kan ein til dømes måtte forrette gravferd for ein som er død etter koronasjukdom, eller gje sjelesorg til dei pårørande etter koronadødsfall. Kan det ikkje då vere problematisk å ytre seg privat slik Frøysaa Lie har gjort?

– Det er eit dilemma vi står i som prestar, ikkje berre når det gjeld korona. Vi som er prestar må tenkje gjennom korleis vi uttalar oss. Enten det er i sjelesorg eller gravferder, så skal vi møte menneske som treng å kunne ha tillit til oss.

Reinertsen seier at han ikkje er kjend med at nokon andre i hans bispedømme har uttala seg om vaksinemotstand. Han har heller ikkje oversikt over kven av prestane som er vaksinert eller ikkje, og han understrekar at det ikkje er innført noko vaksineplikt.

Preses Olav Fykse Tveit.

Preses har ikkje høyrt om liknande saker

Preses i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit er ikkje kjend med at det har vore andre prestar som har uttala seg negativt om vaksinar eller om korleis helsestyresmaktene har handsama pandemien i Noreg.

– Kva tenkjer du om at prestar i Den norske kyrkja uttalar seg negativt om vaksinering på denne måten?

– Det er veldig uklokt, seier Fykse Tveit.

– Det er første gong eg høyrer om ei slik sak. Eg registrerer at det har vore enkelte som har uttalt seg negativt om vaksinar i andre kyrkjesamfunn, men eg har ikkje høyrt noko slikt frå våre prestar før, seier han.

Han vil ikkje uttale seg om den konkrete saka, og viser til biskopen når det gjeld kva type reaksjonar som kan vere aktuelle.

På generelt grunnlag understrekar han likevel at ein prest må kunne rekne med å bli oppfatta som ein offentleg person, og at ein ikkje kan skjule seg bak å seie at ein uttalar seg som privatperson.

– Eg håpar prestar i Den norske kyrkja har klokskap til å be folk om å vaksinere seg. Det som er klokt å gjere er å følgje dei råda vi får frå helsestyresmaktene. Vi veit meir enn nok om sjukdommen og om vaksinen til å kunne seie at det kloke er å ta moglegheita til å bli vaksinert når vi får den.

Fykse Tveit understrekar at vi tek vaksinen ikkje berre for eiga helses skuld, men også for å verne om fellesskapen og for å verne om eit tungt belasta helsevesen. Derfor har prestar eit særleg ansvar for å byggje opp om helsestyresmaktene sin innsats mot pandemien, meiner han.

– Som prestar har vi også eit generelt ansvar for å verne liv.

Både prost, biskop og preses understrekar at dei sjølve har teke dei vaksinane dei har fått tilbod om, og dei oppmodar også alle andre om å gjere det same, med mindre dei har medisinske grunnar til å la vere.

Vårt Land har også lagt fram sitata frå preses Fykse Tveit for sokneprest Toralv Frøysaa Lie. Han har foreløpig valt å ikkje kommentere dette.

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion