Religion

Kyrkjerådet med ny smittevernrettleiar: – Viktig å ikkje lukke kyrkjedøra

KORONA: Den norske kyrkja og Norges Kristne Råd har kome med nye smittevernrettleiarar etter dei nye nasjonale koronatiltaka som trer i kraft natt til onsdag. – Det er viktig for mange å møte ei open kyrkjedør, skriv Den norske kyrkja.

– Ei stor utfordring no er å leggje om planane for julaftansgudstenestene på kort varsel. Det vil variere frå kyrkjelyd til kyrkjelyd, og dette jobbar ein med å vurdere lokalt no, seier kyrkjerådsdirektør i DNK, Ingrid Vad Nilsen.

Måndag kveld la regjeringa fram nye, nasjonale koronatiltak. Tysdag kveld kom Noreg Kristne Råd (NKR) og Den norske kyrkja (DNK) med sine smittevernrettleiarar som skal hjelpe alle dei tilsette og frivillige rundt i hundrevis av kyrkjelydar til å arrangere gudstenester og andre arrangement på trygt og lovleg vis.

Ingrid Vad Nilsen, direktør i Kirkerådet.

Her skriv DNK at «i den situasjonen me no er i er det viktig å ikkje lukke kyrkjedøra, men heller vurdere kva av det planlagde som kan gjennomførast lokalt».

Det står vidare at det er viktig for mange å møte ei open kyrkjedør og å kunne oppsøkje ei gudsteneste eller eit kyrkjeleg tilbod, men sjølvsagt innanfor rammene av smittevernreglane.

Open kyrkje er ikkje arrangement

– Både reglar og tilrådingar endrar seg raskt, og det er mykje informasjon frå regjeringa og helsestyresmaktene. Det er ikkje alltid like enkelt å skjøne kva dei konkrete rammene er. I smittevernrettleiaren prøvar me å gje ei oversikt over dei relevante reglane og tilrådingane som gjeld nasjonalt, slik at lokalkyrkja får støtte til å gjennomføre arrangement og samlingar i tråd med dette, seier kyrkjerådsdirektøren.

I rettleiaren oppmodar ein til å bruke erfaringane frå jula i fjor, og gjenbruke konsept som kyrkjevandring og utandørsarrangement.

Ein har også tatt med at konseptet «open kyrkje», altså ei kyrkje som held ope dørene innanfor ei gitt opningstid, og som ikkje har aktivitetar utover ljostenning, stille bøn og ein-til-ein samtaler, ikkje blir rekna som eit arrangement.

Den største endringa som kom på regjeringa sin pressekonferansen måndag, med tanke på arrangement i kyrkjeleg regi, er nok regelen om at det maksimalt er lov med 50 personar på faste, tilviste plassar.

Men er arrangementet utandørs kan ein ha inntil 100 personar utan faste, tilviste plassar og inntil 200 x 3 kohortar med faste, tilviste plassar.

Må ha oversikt over kvar alle sit

I tillegg har det komme ein ny regel om at arrangøren også må sørgje for oversikt over kvar den enkelte deltakar sit.

Erhard Hermansen, Generalsekretær i NKR, seier dette kan gjerast på fleire måtar:

– Ganske mange har registrering via digitale løysingar der eg er blitt fortalt at det er mogleg å tildele deltakarane plass i kyrkja på førehand. Andre tildeler nummerert plass ved framkomst og viser deltakarane til rett plass, medan nokon delar ut registreringsskjema ved framkomst kor deltakarane sjølv må fylle ut namn, telefonnummer og kva sete dei sat på, og levere dette etter gudstenesta.

?

NKR sin rettleiar er basert på DNK sin, men har også tatt med innspel frå enkelte av dei andre medlemskyrkjene.

I rettleiaren deira står det at dei fire grunnpilarane for å bremse smittespreiing er:

  • Sjuke personar skal ikkje delta på kyrkjelege arrangement.
  • God hygiene.
  • God avstand og minst mogleg kontakt mellom personar.
  • Minst mogleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.

Kritiske funksjonar

Den norske kyrkja har også fått inn eit punkt i sinn rettleiar om det dei kallar kontinuitetsplanlegging.

Her oppmodar dei leiinga i kyrkja til å planleggje fram i tid, slik at kritiske oppgåver knytt til beredskapsteneste og gravferder kan gjennomførast.

Eit av forslaga er å dela dei tilsette inn i arbeidslag, og det blir påpeika at ein må ta høgde for sjukefråvær og karantene. For auka beredskap særleg på små stadar står det at ein bør vurdere å opprette samarbeid med nabofellsråd om dette.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion