Religion

Stor uenigheit om kyrkjepolitiske lister på Kyrkjemøtet: – Endring bør koma nedanifrå, ikkje ovanifrå

DEN NORSKE KYRKJA: – Det er svært overraskande at ein går inn for ein annan modell enn eit klart fleirtal ynskte, meiner kyrkjemøtemedlem Markus Westermoen.

– Me må ikkje endre valreglane utan støtte frå grasrota. Krav om endringar bør koma nedanifrå, ikkje ovanifrå frå dette møtet, sa Markus Westermoen, kyrkjemøtemedlem frå Agder og Telemark bispedøme.

– Det er svært overraskande at ein går inn for ein annan modell enn eit klart fleirtal i høyringssvara ynskte, meiner Westermoen.

På måndag skal kyrkja sitt «Storting» stemme over forslaget om ei ordning med sjølvstendige, kyrkjepolitiske lister, som til dømes Åpen folkekirke og Bønnelista, utan ei såkalla nominasjonskomitéliste.

På laurdag kveld var saka oppe til fyrstegongsbehandling på Kyrkjemøtet, og saka vekte stort engasjement.

Brit Skjelbred, representant frå Nidaros stilte spørsmål ved kvifor Kyrkjerådet har gått mot fleirtalet i høyringsrunden.

– I alle sakene legg Kyrkjemøtet stor vekt på fleirtalet. Kvifor blir det ikkje gjort i denne samanhengen?

Fleirtal i høyringssvar

Under debatten var det fleire som uttrykte overrasking over at Kyrkjerådet i forslag til vedtak har gått for ein modell der ein avskaffar ordninga med nominasjonskomitelister.

For i oppsummeringa av høyringsrunden til saka kjem det fram at 60 prosent av dei som har komme med svar ynskjer å halde fram med ein modell med nominasjonskomitelister.

Per i dag slår kyrkjevalreglane fast at det skal vera ein nominasjonskomité ved kyrkjevalet.

– Kva er vitsen med å koma med innspel viss det ikkje blir tatt omsyn til?

—  Bjarte Boge

Nominasjonskomiteen blir valt av sokneråda på valmøte i kvart prosti. I tillegg kan ungdomsrådet i bispedømet utnemne ein person. Nominasjonskomiteen set så saman ei liste av kandidatar.

Medan Nominasjonskomiteens liste skal vera breitt samansett, er dei andre listene forma på eit bestemt program.

– Ser heldigvis på meir enn tal

Karin-Elin Berg, som sjølv sit i Kyrkjerådet, svarte frå talarstolen:

– Heldigvis ser me i Kyrkjerådet ikkje berre på tala, me ser også på argumentasjonen. Me såg at mange sokneråd sa at ein ikkje ynskte lister fordi ein trudde det også gjaldt valet til sokneråda. Det stemmer ikkje.

Ho påpeika også at det ikkje er noko nytt med grupperingar på Kyrkjemøtet.

– Men før har det skjedd meir i kulissene, no er det ute i det opne, seier ho om danninga av sjølvstendige, kyrkjepolitiske grupper.

Bilder KM 2021- fredag  Karin-Elin Berg

Også tidlegare Venstreleiar og Stortingspolitikar, Odd Einar Dørum frå Åpen Folkekirke sa han føretrekker at grupperingane i kyrkjedemokratiet er klart definert.

– Eg likar betre at ting skjer i det opne, heller enn i kulissene.

Han sa også at forslaget som er til behandling ler «lysår unna den svenske modellen».

Dørum siktar til det svenske kyrkjevalet der ordinære politiske parti kan stille med lister.

Fryktar meir politikk og mindre kyrkje

Vårt Land har tidlegare skrive om at fleire unge deltakarar på Kyrkjemøtet har vore redde for at ei ordning utan nominasjonskomitelister kan føre til politisering og polarisering. Fleire tok til talarstolen også laurdag kveld:

– Eg er ein av ytst få her som ikkje er tilknytt ei eiga liste. Eg er ikkje plassert i ein bås. Det set eg utruleg stor pris på. Eg kan lytte til det folk har å seie med eit ynskje om å forstå og fylgje argumentasjonen deira fordi eg ikkje er forplikta på eit partiprogram.

Det seier Bjarte Møllerup Boge som er representant frå Ungdommens kyrkjemøte. Også han brukte taletida til å stille spørsmål ved innstillinga frå Kyrkjerådet.

– Kva er vitsen med å koma med høyringsinnspel viss det ikkje blir tatt omsyn til? Eg fryktar at det vil resultere i meir politikk og mindre kyrkje.

Bilder KM 2021- fredag    Bjarte Boge

Vurderer å stille lister

Både Frimodig kirke og sentrale personar frå Nominasjonskomiteens liste har i forkant av Kyrkjemøtet gått ut og sagt at dei vurderer å stille som kyrkjepolitiske lister viss forslaget går gjennom.

Men leiarane for begge initiativa ynskjer i å halde på ordninga slik ho er i dag.

Seinare på Kyrkjemøtet skal det også bli stemt over om ein skal innføre ei årleg, økonomisk støtte til nominasjonsgruppene.




Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Mer fra: Religion