Religion

Kyrkjas organisering eskalerer konfliktar, meiner fleire. No står endringar på trappene

Bak det knusktørre omgrepet «kyrkjeleg organisering» gøymer det seg opprivande personalkonflikter og eit trussamfunn som mange meiner ikkje er rusta for framtida. Kva risikerer kyrkja viss ein ikkje lukkast med å endra ho?

Denne saka blei fyrst publisert i november 2021. Sidan den gong har premisset om å opprette organet prostifellesråd falt, etter klar tale i ein omfattande høyringsrunde i Den norske kyrkja.

I 2022 fekk likevel Kyrkjemøtet tre modellar for kyrkjeleg organisering på bordet. Dei landa ein på at prestane framleis skal vera tilsette nasjonalt i kyrkja, medan resten i all hovudsak er tilsette lokalt, men ein ynskjer å delegere mykje av arbeidsgiveransvaret for prestane til fellesrådet.

Det blei også vedtatt at kyrkja skal ha ei todela dagleg leiing, der både kyrkjefagleg leiar (ofte ein prost) og administrativ leiar (ofte ei kyrkjeverje) skal vera sidestilte.

Korleis dette skal sjå ut i praksis er ein av tinga Kyrkjemøtet skal diskutere sommaren 2023 når dei møtest i Trondheim.

Ho er sliten no. Ho byrjar å dra på åra, men lever. Litt redusert, vil nokon seie – ho er trass alt nesten 500 år gammal.

Minst sidan 1814 har norske kristne slept henne hit og dit, prøvd å forme ho slik dei vil, og slik dei meiner Gud vil.

Ho har prøvd så godt ho kan å halde tritt, smørje maskineriet sitt, og sørgje for at alle som hjelper ho, er nøgde.

Nokon elskar ho slik ho er. Andre meiner at ho ikkje fungerer lenger. Ho er ineffektiv, konfliktsky, uprofesjonell. Ho bør endre seg, seier dei.

Kva er så gale med ho, Den norske kyrkja, at nokre meiner framtidas kyrkjeliv no er i spel?

Illustrasjon til kirkelig organisering

Forvirring som vegrar

Sidan Müller-Nilssen-utvalet sin rapport om ny kyrkjeleg organisering kom i vår, er tallause spaltemeter skrive om korleis kyrkja skal, eller ikkje skal, sjå ut i framtida.

Bakteppet er ei ganske brei semje om at dagens organisering ikkje er ideell. I Den norske kyrkja (DNK) finst det ulike juridiske arbeidsgjevarar for ulike yrkesgrupper, som ofte blir omtala som «dei to linjene». Medan prestane er tilsette i «rettssubjektet» Den norske kyrkja, har dei andre kyrkjeyrkene, til dømes diakon og kantor, ofte sitt lokale fellesråd som arbeidsgjevar.

Som om ikkje det var nok, bygger DNK på fleire styringslinjer, ei rekkje demokratisk valde råd side om side med administrative organ, og ei fordeling av roller, ansvar og makt som kan forvirre sjølv den mest erfarne kyrkjerotta.

Det heile er ein seig materie som mange vegrar seg for å gå inn i. Men bak eit komplisert organisasjonskart, gøymer det seg ei kyrkje som mange meiner ikkje er rusta for ei ny tid. Her finst opprivande personalkonfliktar, ei rekrutteringskrise og arbeidskvardagar som ikkje går opp.

For over 9.000 tilsette og 13.500 folkevalde kan ny kyrkjeleg organisering få store konsekvensar. Og på sikt kanskje også for dei 3,7 millionar medlemmane.

---

Kyrkjas arbeidsgjevarar

  • At prestar har ein annan arbeidsgjevar enn dei andre kyrkjetilsette har grunnar tilbake i historia. Tradisjonelt var det bygdefolk sjølv som bygde kyrkja, og staten som sende presten til dei.
  • Dette er bakgrunnen for det som blir omtalt som dei to arbeidsgjevarlinjene i DNK. Sokneråda kan også velje å tilsetje eigne diakonar, prestar og andre, som gjev ein tredje arbeidsgjevar, men dette gjeld eit fåtal.
  • Fram til 2017 var prestane i DNK tilsette i staten. Ved skiljet blei «rettssubjektet» Den norske kyrkja arbeidsgjevar for prestane. Framleis er prestane ein slags gjestearbeidar på ein annan arbeidsplass.
  • Det er fellesrådet som i dag har det juridiske ansvar for diakonar, kateketar, kantorar, kyrkjeverjer, trusopplærarar og så vidare. Ofte er det delegert til kyrkjeverja lokalt.

---

– Ingen god idé

At nokre tilsette på eit kyrkjekontor har éin sjef, medan resten har ein annan, gjer det vanskeleg å handtere konfliktar. Det har alt gått 16 år sidan Kyrkjemøtet sa at dei ynskte ein felles arbeidsgjevar for alle tilsette i DNK. I 2022 kan ynsket bli realitet.

– Det er ingen som frivillig tenkjer at to arbeidsgjevarar på same arbeidsplass er ein god idé, seier kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen.

Ho vert omtala som ei med stålkontroll på det som rører seg i kyrkjestrukturen, og har sete med hundrevis av sider om kyrkjeleg organisering dei siste åra. Vad Nilsen har også fartstid som prost og prest.

– Ein organisasjon må ha ein struktur som oppfyller oppdraget best mogleg. Vårt oppdrag er å få evangeliet ut, og å vere kyrkje over heile landet. Då er me ikkje tent med å bruke tid og pengar på doble strukturar og ei mengd meirarbeid, seier ho.

Ingrid Vad Nilsen, direktør i Kirkerådet.

Håpet er at ei ny kyrkjeordning skal betre desse problema, og gje «meir kyrkje for pengane».

Få vil seie seg ueinige i målet. Men korleis ein kjem seg dit, er det stor usemje om.

Når linjene krasjar

«Meir administrasjon og mindre Jesus», sentralisering og ei mindre attraktiv presteteneste er nokre av åtvaringane mot det nyaste forslaget til framtidas kyrkje. Prestar har uttrykt uro over å få økonomar som sjefar. Kyrkjeverjer fryktar dei vil miste stillingane sine.

Likevel meiner fleire at å utsetje prosessen ikkje er eit godt alternativ. Han som leia arbeidet med lage skisser til korleis kyrkja kan bli sjåande ut, Morten Müller-Nilssen, uttala i Vårt Land at «det verste er å fortsetje vidare i same uavklarte situasjon».

For kva risikerer ein viss ein ikkje greier å få fleirtal for ei ny organisering?

Den siste tida har Vårt Land sett på korleis to arbeidsgjevarlinjer gjer det vanskeleg å løyse konfliktar i kyrkja.

– Eg har møtt fortvilte prestar, kateketar, prostar, biskopar, soknerådsleiarar, bispedrådsleiarar og fellesrådsleiarar som står i konfliktar. Og nokre saker har hamna i rettsapparatet.

Det seier Jan Arild Holbek. Han har vore kyrkjejournalist i Vårt Land i 40 år, før han gjekk av med pensjon for fire år sidan. Opp gjennom desse åra har han følgt Den norske kyrkja tett – så tett at han til saman har brukt eit halvt år av livet sitt på Kyrkjemøtet på oppdrag for avisa.

Jan Arild Holbek

Sjølv om han har lyfta konfliktar fram i lyset, veit han at mange saker frå kyrkja aldri har hamna i avisspaltene. DNK er organisert etter «godvêrsmodellen», meiner Holbek. Ein er ikkje godt nok førebudd på storm.

– I kyrkja trur ein godt om kvarandre. Men når ting faktisk blir vanskeleg, er det verre å ta grep sidan ein ikkje har ei samla leiing.

Holbek meiner å ha sett ei endring til det betre, at kyrkja no hentar inn rettleiing og hjelp tidleg når det oppstår konflikt.

---

Fleire forsøk på ny ordning

  • Allereie i 2005 sa Kyrkjemøtet at dei ønskjer ein felles arbeidsgjevar for alle tilsette i DNK. Fleire forsøk har mislukkast sidan.
  • På Kyrkjemøtet i 2016 hadde dei oppe éin modell kor arbeidsgjevaransvaret for alle som arbeider lokalt skal liggje i fellesrådet, og éin modell der arbeidsgjevaransvaret skal ligge i bispedømerådet. Ingen av dei fekk fleirtal.
  • Kyrkjerådet ynskte i 2019 å få eit forslag til ein mellom-modell, og det er denne Müller-Nilssen-utvalet no har kome med. Ein såkalla prostirådsmodell har endå ikkje blitt behandla av Kyrkjemøtet. Avstemminga om eit «prinsippvedtak» er venta i 2022.

---

Endå sårare

Ei konflikt er eit avvik, ikkje normalen. For dei fleste fungerer arbeidskvardagen i kyrkja fint, og det finst samarbeidsavtaler mellom dei fleste bispedøme og fellesråd med køyreråd dersom det skulle oppstå konfliktar på tvers av arbeidsgivarlinjene.

Likevel kom det i ei heilt fersk medarbeidarundersøking fram at éin av fire tilsette i kyrkja har opplevd konflikt på arbeidsplassen. Men om det er meir konflikt innanfor kyrkja enn i resten av arbeidslivet, er Holbek usikker på.

– Fordi ein har element av ideologi og tru på ein slik arbeidsplass, kan konfliktane bli endå sårare, meiner den erfarne kristenlivsjournalisten.

Basert på tilsette sine erfaringar, medieoppslag og skriftlege kjelder kan ein tenkje seg at følgjande kan skje:

Scenario 1: Når presten må gå

Du jobbar som kateket ved eit kyrkjekontor. De har fått ein ny sokneprest, som er godt lika av bygda. Til å byrje med er alle i staben nøgde med å endeleg ha ein fast prest, ikkje berre prestevikarar som kjem og går. Men etter kvart blir det klart at organisten ikkje tenkjer det same.

De veit alle at han ikkje er den enklaste å samarbeide med, men gamlepresten brydde seg ikkje med å setje hardt mot hardt. Ting ordna seg alltids på eit vis. Men nypresten, ho er ikkje av same ulla. Ho finn seg ikkje i dei uplanlagte og langtekkjelege krumspringa under gudstenestene, eller dei nedlatande kommentarane under stabsmøta.

Tida går, og konflikten eskalerer. Kyrkjeverja, fellesrådet og prosten blir kopla inn. Men dialogen går trått, og medan prosten meiner det er organisten som er hovudårsaka til samarbeidsproblema, påpeikar kyrkjeverja at det var då nypresten kom at problema starta. Ho må kunne vera litt meir fleksibel? Inngå kompromiss?

Dialogen varar og rekk, men ser berre ut til å føre til endå steilare frontar. Det ein gong trivelege arbeidsmiljøet ved kyrkjekontoret blir prega av mistrivsel og sjukmeldingar.

Etter kvart kjem biskopen på banen. Heller ikkje nye samtalar fører fram. Til slutt ser ikkje biskopen andre verkemiddel som kan løyse situasjonen: Nypresten må endre tenestestad.

– Eit dilemma

Fleire betente konfliktar endar med at presten byter tenestestad – meir eller mindre frivillig. Noko av grunnen til det, er at dei to arbeidsgjevarlinjene har ulike verktøy med seg inn i konflikthandteringa.

I mindre fellesrådsområde finst det ofte ikkje meir enn éin kantor eller diakon. Då har arbeidsgjevar ikkje andre tenestestader å flytte denne personen til. Fellesrådet er den øvste juridiske eininga for kyrkjetilsette som ikkje er prestar.

Men i embetslinja, der prestane er tilsette, ligg arbeidsgjevaransvaret på bispedømenivå. I dei aller fleste tilfelle vil det vera eit klart større geografisk område. Dermed vil det finnast fleire tilsvarande stillingar ein prest kan tre inn i.

– Dette utløyse eit dilemma for presten og arbeidsgjevaren deira. Viss arbeidsmiljøet ikkje er forsvarleg for presten – utan at det nødvendigvis er presten som alltid er problemet – kan ein likevel ende opp med å måtte flytje presten, seier Vad Nilsen.

Også for Jan Arild Holbek er scenarioet gjenkjenneleg. Men han påpeikar at også i tilfelle der presten kan ha blitt opplevd som vanskeleg, kan det å endre arbeidsstad bidra til å løyse konflikten. Han meiner presten ikkje nødvendigvis tek med seg problema til neste arbeidsstad.

Jan Arild Holbek

– Det er litt som med fotballtrenarar. Medan dei kan verke håplause ein stad, kan dei plutseleg fungere mykje betre i ein ny samanheng, meiner den pensjonerte journalisten.

Scenario 2: Den ufrivillige sjefen

Du sit i det lokale soknerådet. Det er ikkje akkurat flust av folk som vil bruke kveldane sine på kyrkjedemokratiet, men du trivst eigentleg med vervet. De avgjer de kva kyrkjeofringane skal gå til, førebur saker til møte i kyrkjelyden og avgjer kven som får lov å leige kyrkja. Når soknerådet skal stille med representant til fellesrådet, melder du deg. Du kjenner det er din tur til å stille opp. Dessutan kunne det vore spanande å lære meir om kva som skjer i nabosokna. Få eit litt anna perspektiv.

Etter ein periode endar du opp som leiar i fellesrådet. Stort sett handlar sakslista om økonomiske prioriteringar og tilsetjingar. Men ikkje lenge etter, blussar ei personalkonflikt opp. Som fellesrådsleiar er du arbeidsgjevar for ein av partane i konflikten. Det heile endar med ei oppseiing.

Det fell ikkje i god jord. Fellesrådet blir til slutt saksøkt. Før du veit ordet av det står du i ein rettssal der ein går konflikten etter i saumane. Korleis har han blitt handtert? Har ein sett inn tilstrekkelege tiltak? Korleis er rutinane? Er eigentleg oppseiinga sakleg?

Det var ikkje dette du såg for deg då du for fire år sidan sa ja til vervet.

Stadig meir ansvar

– Det er eit realistisk scenario, seier Alexander Aas, seniorrådgjevar og advokat i KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter (KA), då han får lest opp den tenkte situasjonen.

– I ytste konsekvens kan ein bli valt inn som fellesrådsleiar og ikkje vera heilt klar over at ein blir den ansvarlege arbeidsgjevaren. Ein kan hamne i ganske stressande saker, til dømes viss ei konflikt endar med oppseiing, seier advokaten.

Han legg til at det finst mange kompetente fellesrådsleiarar som handterer dette ansvaret godt.

– Både kompetansenivået og storleiken varierer mykje mellom dei ulike fellesråda. Men alle er medlem i KA og kan få støtte frå folk med spesialkompetanse på konflikthandtering og juss, påpeikar advokaten.

Alexander Aas (38), advokat i arbeidsgiveravdelingen i KA.

I prinsippet er ein arbeidsgjevar ein arbeidsgjevar – anten arbeidsgjevaren heiter fellesråd eller bispedømeråd, seier kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen. Men prinsippet og røynda samsvarar ikkje alltid, ser ho.

– Små fellesråd vil ha mindre kapasitet til å handtere ein del spørsmål enn eit bispedømmeråd, som med sin storleik har meir kapasitet og kompetanse.

– Då kyrkjelova blei innført i 1997, kom eit sett kriterium til arbeidsgivar. Sidan har oppgåvene auka vesentleg. Det krev meir å vere arbeidsgivar i dag, og då er strukturen vår sårbar, meiner direktøren i Kyrkjerådet.

Scenario 3: Frynsete på flaska

Du har jobba som kateket i mange år. Du trivest, og tek jobben din på alvor. Men du er klar over at privatlivet ditt kanskje ikkje er slik ein forventar av ein kyrkjas mann.

Flaska freistar litt for ofte, og etter ein lang kveld kan mykje skje. Fleire av pubane i byen slepp deg ikkje inn lenger, etter episodar med slagsmål og bråk.

Kollegaane dine er klar over korleis du lever livet ditt, og du veit at det ikkje passar seg å koma frynsete på jobb under sundagsgudstenesta. Men sjefen din, kyrkjeverja, får ikkje gjort stort, så lenge du er edru i arbeidstida og gjer pliktene du er pålagt.

De to har ein god tone, og ho prøvar å støtte deg så godt ho kan. Ho har til og med gitt deg ei brosjyre om eit avrusingstilbod etter ein av samtalene. Det gav deg noko å tenkje på.

Men så når rykta biskopen. Med tilsynsansvaret i handa seier han at du ikkje lenger får ta del i gudstenesta, fram til privatlivet er meir på stell.

Ingrid B. Tenfjord. Direktør i arbeidsgiveravdelingen i KA. Kirkens Hus.

«Usømmeleg»

Jan Arild Holbek har vore borti variantar av dette scenariet som kyrkjejournalist, fortel han.

– Det er ingen tvil om at det finst ein god del døme på at rusproblem er årsaka til samarbeidsproblem i ein kyrkjestab.

Og sjølv om biskopane ikkje har arbeidsgjevaransvar for dei tilsette i fellesrådslinja, har dei framleis eit tilsynsansvar for dei.

Ingrid B. Tenfjord, direktør og advokat i arbeidsgjevaravdelinga i KA, påpeikar at det ikkje står noko om rammene for tilsynsansvaret i tenesteordninga for biskopar.

– Mange verksemder er underlagt tilsyn, ikkje berre kyrkja. Skilnaden frå til dømes helsepersonell er likevel at det der er klåre rammer gjennom lovar, forskrifter og klageordningar, medan rammeverket for biskopen sitt tilsyn er uklårt.

Tenfjord presiserer at ho får langt frå alt av tilsynssaker på bordet sitt, men at av dei sakene ho har sett, ser det ut til at biskopane utøver tilsynsansvaret ganske ulikt.

– Det blir litt opp til biskopen si eiga vurdering. Det vil eg tru at også kan vera krevjande for deira del. Og for dei tilsette kan det skape uro rundt rammene for arbeidsforholdet og deira potensielle rettstryggleik.

Ingrid B. Tenfjord. Direktør i arbeidsgiveravdelingen i KA. Kirkens Hus.

I scenarioet over skjer det ikkje noko ulovleg. Men livsførselen til kyrkjeverja vil av mange i kyrkja bli oppfatta som usømmeleg, og noko som vil kunne påverke lokalmiljøet sitt syn på kyrkja. Viss du som arbeidsgjevar skal ilegge ein arbeidstakar sanksjonar, er det klare krav til dokumentasjon og prosess.

For utøvinga av biskopen sitt tilsyn, er det uklart kva krav det stiller.

– Når biskopen gjev bindande pålegg til ein prest, bør det gjerast tydeleg om ein utøver arbeidsgjevaransvar eller tilsynsansvar. Det er kanskje ikkje alltid opplagt.

Får fleirtalet i Müller-Nilssen-utvalet bestemme, skal ikkje biskopen lenger skal ha arbeidsgjevaransvar. Ein av grunnane er at ein ynskjer eit tydlegare skilje mellom biskopen si rolle som tilsyn og arbeidsgjevar.

Unnlatingssynder

Stephen Sirris er ein av dei fremste forskarane på leiing i kyrkja. Han er professor og leiar ved Senter for verdibasert leiing og innovasjon ved VID vitenskapelige høgskole, og har mellom anna skrive om personalkonfliktar i kyrkja.

Professoren seier han trur det er store mørketal når det kjem til talet på konfliktar der. Når dei har kurs for kyrkjelege tilsette på VID merkar han stor interesse for temaet.

– Folk ynskjer meir kunnskap om det, og er på jakt etter verktøy for å handtere konfliktar.

Stephen Sirris er professor og leiar ved Senter for verdibasert leiing og innovasjon ved VID vitenskapelige høgskole, og har mellom anna skrive om personalkonfliktar i kyrkja.

Sjølv om Sirris påpeikar at det har vore ei positiv utvikling kring konflikthandtering i kyrkja dei siste åra, meiner han det framleis skjer mange unnlatingssynder.

– For mange gonger let tilsette og leiarar rett og slett vera å gjera noko i redsel av å setje kyrkja i vanry, eller i fare for å såre personar. Resultatet er at ein tillét dårleg åtferd å halde fram.

To ujamne lag

Debatten om kyrkjeleg organisering har til tider bore preg av ein maktkamp mellom dei to arbeidsgjevarlinjene, slik forskaren ser det. Sirris meiner utsiktene til endring generelt gjer tilsette utrygge, og får dei til å i større grad kjempe for sin plass og posisjon i kyrkja.

– Mange kan føle at dei sjølve er ein forfølgt minoritet, for å spissformulere det litt. I realiteten har ein ei høg grad av maktfordeling i kyrkja.

– Men når mange som ynskjer å fremme eigeninteresser skal ha eit ord med i laget, blir det vanskeleg å tenkje heilskap, seier professoren som sjølv har erfaring frå fleire hald i kyrkja, som vikarprest, vikarkantor og soknerådsleiar.

---

Den norske kyrkja i tal

  • 3,7 millionar medlemmar
  • 100.000 frivillige
  • 13.500 folkevalde
  • 9.000 tilsette
  • 1164 sokn
  • 94 prosti
  • 11 bispedøme

---

No eller aldri

Ho har eit skjebnesvangert år framfor seg.

Alt om ein månad får ho vite kva hundrevis av dei som er glade i ho meiner ho må justere for å bli sprekare.

Så, om eitt år, bestemmer Kyrkjemøtet om ho skal starte behandling.

Er kuren verdt belastninga? Eller lever ho eigentleg best i dagens stabile, dog haltande, form?

Medan Den norske kyrkja ventar, held ho fram med å pleie dei som treng omsorg, peike retning for dei bortkomne og gje lys til dei som er i mørkeret.

---

Vil du lese meir?

---

---

Slik har me jobba

Dei konstruerte scenarioa, og tilnærminga til dette temaet, er basert på erfaringar og informasjon frå ei rekkje kjelder:

  • Medieundersøking:
    • Kartlegging av mediedekninga av personalkonflikter i Den norske kyrkja dei siste ti åra.
    • Bruk av medieovervakingstenesta Retriever, med søkjeorda kirke/kyrkje og personalkonflikt. Deretter har me silt ut sakene som i stor grad tek utgangspunkt i arbeidsgjevarlinjene, og sett kva konfliktene har bestått i. Talet på offentleg kjende saker havna på 31 i perioden 2011-2021.


  • Samtalar:
    • Til saman har Vårt Land snakka med eit tital personar med nær kjennskap til konflikter i kyrkja – frå begge arbeidsgjevarsider. Nokre av personane er siterte i teksten, andre er brukt til bakgrunnsinformasjon.
    • I praten har me spurt kor dei opplever at «skoen trykkjer» med dagens system, og bede dei gje døme på kva som kan gå gale.
    • Ifølgje fleire sentrale kjelder i både embedslinja og fellesrådslinja er sakene som har nådd media berre toppen av isfjellet.


  • Spørjerunde:
    • Me har spurt alle bispedøma i Noreg om tal på kor mange personalkonflikter det har vore der dei siste ti åra.
    • Med eit par unntak svarar dei at dei ikkje har ei slik oversikt. Dei som kjem med tal har me grunn til å tru at er usikre. Kyrkjerådet har heller ikkje ei slik oversikt.
    • Me har òg spurt kor mange bispedømeråd og fellesråd som har signert samordningsavtale om HMS. Det har dei fleste.


  • Andre kjelder:
    • Rapporten om kyrkjeleg organisering frå Müller-Nilssen-utvalet april 2021: Samhandling i en selvstendig folkekirke.
    • Forskingsartiklar om leiing i kyrkja, forfatta av mellom andre Stephen Sirris, Harald Askeland og Frank Grimstad.
    • Medarbeidarundersøkingar frå Den norske kyrkja og KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter.
    • Artiklar og debattinnlegg i norske medier om kyrkjeleg organisering.

---



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion