Religion

Unge fryktar politisering av kyrkjedemokratiet

DEN NORSKE KYRKJA: Fleire unge medlemmar på Kyrkjemøtet er redde for polarisering og politisering av Den norske kyrkja. Det kom fram under generaldebatten på årets Kyrkjemøte.

– I ei verd som stadig blir meir polarisert, bør kyrkja vere annleis, sa representant Daniel Kydland frå Bjørgvin frå talarstolen på Kyrkjemøtet på fredag.

Torsdag opna årets Kyrkjemøtet, som er det øvste demokratisk valde organet i Den norske kyrkja (DNK). Fram til tysdag skal dei 116 medlemmane i Kyrkjemøtet skal saman diskutere og stemme over ei mengd saker som påverkar Den norske kyrkja i tida framover.

Og skal ein tru innlegga i generaldebatten, kor alle medlemmer kan teikne seg til to minutts fri replikk, skapar den kommande saka om kyrkjepolitiske lister sterkt engasjement.

Vil skrote nominasjonskomiteliste

Kyrkjemøtet skal stemme over forslaget om ei ordning med sjølvstendige, kyrkjepolitiske lister, utan ei såkalla nominasjonskomitéliste.

Per i dag slår kyrkjevalreglane fast at det skal vera ein nominasjonskomité ved kyrkjevalet. Nominasjonskomiteen blir valt av sokneråda på valmøte i kvart prosti. Nominasjonskomiteen set så saman ei liste av kandidatar.

Medan Nominasjonskomiteens liste skal vera breitt samansett, er dei andre listene forma på eit bestemt program.

I ei verd som stadig blir meir polarisert, bør kyrkja vere annleis.

—  Daniel Kydland

Kyrkjemøtet skal også stemme over om ein skal innføre ei årleg, økonomisk støtte til nominasjonsgruppene.

Fleire delegatar tok til talarstolen fredag med ei uro for kva ei vidareføring av grupper som Åpen folkekirke og Bønnelista vil gjere med kyrkjedemokratiet.

— Fjernar ein ordninga med nominasjonslister, vil det politisere og polarisere kyrkja, seier Kydland.

---

Kyrkjemøtet

  • Kyrkjemøtet er det øvste demokratiske organet i Den norske kyrkja og møtest ein gong i året.
  • 116 medlemmar samlast når årets kyrkjemøte skjer i Trondheim, 11. — 16. november.
  • Kyrkjemøtet skulle vore i april, men blei utsett til november på grunn av pandemien.
  • Rekordmange 27 saker står på sakslista til Kyrkjemøtet 2021. I tillegg blei tre saker behandla på fjernmøte i mars.
  • Årets kyrkjemøte skal mellom anna ta for seg rekrutteringsstrategi, kyrkjeleg kulturarv, regler om kyrkjeval og strategi for heile Den norske kyrkja.

---

Skal ikkje trenge å bli politikar

KM 2021  Tobias Wang

Kydland er redd det å vere glad i kyrkja si ikkje lenger vil vere ein god nok grunn til å stille til val i kyrkja; ein må velje ei gruppe å høyre til, og slik sett «bli politikar».

Også Tobias Wang, representant frå ungdommens kyrkjemøte (UKM), uttrykte støtte i sitt innlegg:

– Eg er uroa for ei meir fraksjonalistisk utvikling, der kravd partilojalitet vil gå framfor dialog for å finne løysingar.

– Vi skal tole usemje. I kyrkja – men ikkje slik at frøet til dialog fell på steingrunn.

Toppe bad Støre om livssynsfeltet

Livssynsminister Kjersti Toppe heldt opningtale til Kyrkjemøtet. Ho fortalte om ei samtale med Jonas Gahr Støre, då ho blei utfordra til å bli statsråd for barne- og familiefeltet.

– Trus- og livssynsfeltet såg i planane ut til å bli flytta. Kva som heilt gjekk av meg i den augneblinken, veit eg ikkje. Men i alle fall sa eg, kanskje litt vel energisk: «Eg vil ha det!». Og sånn blei det. Heldigvis.

Likevel seier ho at ho går laus på feltet med ærefrykt.

KM 2021  Kjersti Toppe

Distrikts- og kyrkjepolitikk

Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum trekte i si opningstale fram kyrkja si rolle i både pandemien og fleire kriser som drapa i Kongsberg, skredet i Gjerdrum og menneske som har drukna på flukt. Ho kom også med ei påminning til politikarar:

– Hugs dette: Ei sterk lokalkyrkje er viktig for lokalsamfunnet. Å satse på kyrkje er god distriktspolitikk og god inkludering. Me får mykje ut av pengane. Me bidreg: De kan rekne med oss.

Raaum påpeika også at DNK har ei forventing om at regjeringa vil fylgje opp Stortinget sitt ynskje om eit livssynsope samfunn i budsjett og vedtak. Ho vende seg også direkte til Toppe og sa ho såg fram til eit godt samarbeid.

Kirkemøtet 2021, Vår frue kirke // Kristin Gunleiksrud Raaum og Grunde Almeland (V)

Toppe på si side lova å jobbe for gode rammevilkår for kyrkja, og sa ho ynskjer at DNK skal halde fram med å vera ei inkluderande folkekyrkje med lokalt nærvær.

– Eg vil tale Den norske kyrkja og livssynssamfunna si sak, sa ministeren.

Og til applaus frå salen sende ho eit stikk til handteringa av smitteverntiltaka av den førre regjeringa:

– Kyrkja er noko anna enn eit konserthus.

Utanforskap viktig tema for mange

Det blei også tydeleg under generaldebatten på fredag at temaet kyrkjeleg organisering er på manges lepper i innspurten til høyringsfristen i desember.

Ulike former for utanforskap blei også tatt opp av mange – kva rolle kyrkja skal ha overfor asylsøkjarar, konvertittar, kvener, norske fattige, personar med funksjonsnedsettingar, einsame unge, konservative og menneske med LHBT-identitet.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion