Regjeringa om skattefrådrag for gåver: – Vil heller gje pengane direkte
GÅVER: Fleire har reagert på at den øvre grensa for skattefrådrag for gåver til frivillige organisasjonar er halvert av den nye regjeringa. Frådrag for store gåver er eit gode for dei som har høg inntekt, svarar statssekretær Lars Vangen.
SKATTEFRÅDRAG: Lars Vangen (bak Trygve Slagsvold Vedum) er statssekretær i Finansdepartementet. Han seier regjeringa heller vil gje pengar direkte til organisasjonane, enn å gje skattefrådrag for store gåver.
Erlend Berge
– Vi trur ikkje folk gjev pengar til desse gode formåla fordi dei får skattelette, men fordi dei ønsker å støtte ei god sak, skriv statssekretær Lars Vangen (Sp) i finansdepartementet.
I ein e-post til Vårt Land skriv han at regjeringa set pris på at mange vel å gje delar av inntekta si til frivillige organisasjonar og trus- og livssynssamfunn. Derfor vil det framleis vere mogleg å få skattefrådrag på slike gåver, men den øvre grensa for gåver det er mogleg å frå frådrag for, blir halvert, frå 50.000 til 25.000 kroner.
– Frådrag for gåver over dette vil først og fremst vere eit gode for dei med høgast inntekt, skriv Vangen.
Bestill abonnement her
KJØP