Det skal ikkje lenger vere mogleg for trussamfunn utanom Den norske kyrkja (DNK) å få tilskot til å byggje eller kjøpe eigne forsamlingslokale. Det har Støre-regjeringa slått fast i sine forslag endringar til den avgåtte Solberg-regjeringa sitt statsbudsjett.
Roger Larsen er administrasjonsleiar i Betel Lofoten, som ifølgje deira eiga nettside er den største pinseforsamlinga i Nord-Noreg. Dei har lenge arbeida med eit nytt forsamlingshus, som vil stå klart før året er omme. I budsjettet har dei rekna med tilskotsordninga, som no fjernast.
– Viss støtta fjernast, håper vi det ikkje vil ha tilbakeverkande kraft, seier han.
Støtta er nemleg ikkje ennå mottatt. Først når bygget står klart, vil dei få ferdigattest og ta imot den planlagde støtta som, for dei, ligg mellom 150 og 200.000 kroner.

[ Epleskrott-metaforen slo henne i magen: – Jeg ble besatt av å bli ren ]
Lav søking
Tilskotsordninga har komme i tillegg til den medlemsbaserte statsstøtta for trussamfunn, og tanken bak har vore å gjere det mogleg for nye trussamfunn å etablere seg. Også frivillige organisasjonar innanfor DNK har hatt moglegheit til å søke.
Ordninga har kompensert opp til 500.000 kroner av kostnadane ved å kjøpe eller byggje eit lokale, men den har ifølgje grunngjevinga i statsbudsjettdokumentet hatt få søkjarar. Derfor blir ordninga kutta heilt bort.
– Det er veldig trist at regjeringa kuttar i denne viktige ordninga, seier KrF-leiar Olaug Bollestad til Vårt Land.
Posten på statsbudsjettet var på 5,4 millionar kroner.
– Regjeringa burde ikkje kutta ordninga, men heller reklamert betre for den, seier Bollestad.
Ho viser til at ordninga tidlegare blei kalla tilskot for private kyrkjebygg. Dette var eit misvisande namn, seier ho, og derfor endra den førre regjeringa namnet til tilskot for private forsamlingshus. Ho trur fleire ville vore interessert i å bruke ordninga om den vart meir kjend.

– Ikkje overraska
Nye Betel på Leknes i Lofoten vil stå ferdig før jul 2021, fortel Larsen. Prosjektet består både av ombyggingar av eksisterande bygg og utbygging av nytt bygg, kor 500 kvadratmeter vil romme kafé, møtesal, og dessutan fire hyblar for utleige, kontor, møterom og lager. Støtteordninga har opphavleg eit tak på 500.000 kroner. Men sidan mengda pengar mellom anna blir tildelt ut frå kvadratmeter, mottek pinseforsamlinga 150 til 200.000 kroner.
Det er først no Roger Larsen høyrer om budsjettforslaget til den nye regjeringa. Sjølv om pengane er forventa og tatt med i finansieringa, vil det ikkje ramme dei hardt, seier han. Larsen meiner likevel at nyheita ikkje kjem overraskande på.
– Vi hadde ei mistanke om at noko sånt som dette kunne skje. Eg veit at regjeringa ikkje er så venlegsinna over religiøs aktivitet som den førre var, seier Larsen.

[ Først kom koronautbruddet. Så kom hetsen mot menigheten ]
– Nokre har opplevd at ordninga ikkje treff
Ingrid Rosendorf Joys, generalsekretær i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL), seier at ho ikkje er overraska over at dette skjer. STL har tidlegare meldt inn til barne- og familiedepartementet at ordninga burde bli evaluert for å finne måtar den kunne treffe formålet betre.
– Våre medlemssamfunn har ulike erfaringar med ordninga. Nokre har opplevd at den har treft og vore viktig, medan andre har opplevd at den ikkje trefte, seier ho til avisa Norge IDAG.