Religion

Såg på nytt behov for kvinnenettverk for prestar i Møre

DEN NORSKE KYRKJA: Mange tiltak er sett i sving for å betre arbeidsmiljøet for kvinnelege prestar i Møre bispedøme. Ein såg mellom anna behovet for å starte opp att kvinnenettverket som har ligge brakk i over to år.

– Det var stille i fleire år, før det kom inn nye personar som var tydelege på at dei er imot kvinnelege prestar. Det er krevjande, fortel Ragnhild Fuglseth.

Ho er leiar for presteforeninga i Møre, og sokneprest i Eide, der det har vore kvinneleg prest sidan 1975. Fuglseth seier ho trudde at ein var ferdig med å diskutere kvinneleg presteteneste.

Tidlegare denne veka blei det klart at den nytilsette prestevikaren i Ørskog i Møre, Vidar Nes Mygland (32), blir teken ut av teneste inntil vidare. Bakgrunnen er at han har uttalt i pressa at han ikkje ynskjer å samarbeide med kvinnelege prestar om gudsteneste.

Slike oppslag er alltid uheldige, og skuggar for alt det flott kyrkjelydsbyggjande arbeid som skjer her i Møre.

—  Alice Elned, personalsjef i Møre bispedøme

I mai kom ein rapport om arbeidsmiljøet for kvinnelege prestar i Den norske kyrkja. På fleire område kom Møre bispedøme dårleg ut av undersøkinga. Over halvparten av dei som svarte sa at dei opplevde krevjande kollegarelasjonar på grunn av ulikt syn på kvinnelege prestar.

Det er høgare enn i resten av Den norske kyrkja.

Nærmare ein av tre sa dei opplever at det blir stilt spørsmål ved kvalifikasjonane deira på grunn av at dei er kvinner.

Og då Vårt Land laga ein oversikt over prestemangelen i DNK i vår, kom Møre på jumboplass, med heile 15 ledige prestestillingar.

Skuggar for det positive

Alice Elnes er personalsjef i Møre bispedøme. Ho fortel at dei no har redusert prestemangelen med både faste tilsetjingar og prestevikarar, og at det no er sju ledige prestestillingar i bispedømet.

MYKJE POSITIVT: Alice Elnes, personalsjef i Møre bispedøme, meiner ein gjer mykje positivt for både rekruttering og arbeidsmiljø for kvinnelege prestar i Møre.

– Trur du bråket rundt tilsetjinga av Mygland og tilsvarande episodar kan påverke folk sin lyst til å søke på prestestillingar i Møre?

– Slike oppslag er alltid uheldige, og skuggar for alt det flott kyrkjelydsbyggjande arbeid som skjer her i Møre. Bispedømet har sett inn ei rekkje tiltak etter at rapporten om arbeidsmiljøet for kvinnelege prestane kom ut. Det er synd at alt dette kjem i skuggen av denne saka, meiner Elnes.

Ho fortel at biskopen har hatt eit møte med alle dei kvinnelege prestane i etterkant av undersøkinga for å lære om kvar skoen trykker, og at både biskopen og prostane tek saka på alvor.

Oppblussing av tema

Ragnhild Fuglseth fortel at kvinnenettverket som fanst i bispedøme låg brakk i over to år, men at ein såg eit nytt behov for nettverket etter arbeidsmiljøundersøkinga for kvinner blei diskutert. No har dei mellom anna fagsamlingar ein gong i halvåret, og ei eiga facebookgruppe.

– Trur du det er ein samanheng mellom det som kom fram om arbeidsmiljøet for kvinner i Møre og prestemangelen i bispedømet?

– Rekrutteringsutfordringane er store i heile landet, og i Møre finn ein både konservative stadar, og meir liberale. Men at Møre blir sett på som eit konservativt bispedøme gjer vel kanskje at nokon ynskjer å søkje seg hit, og andre ikkje, meiner Fuglseth.

Fuglseth har vore sokneprest i Eide i 9 år og ho opplever ikkje problem rundt det å vera kvinne i jobben. Likevel er ho tydeleg på at det finst kollegaar som ikkje har det slik.

– Det er alvorleg med utfordringane som har kome fram mellom anna i arbeidsmiljøundersøkinga. Heldigvis har eg opplevd at arbeidsgjevar har følgt tett opp i etterkant.

Ho seier utsegna frå Bispemøtet i fjor om at det ikkje er høve for mannlege prestar til å reservere seg mot samarbeid med kvinnelege kollegaar også var viktig.

Fleire kvinner på veg

Den store rekrutteringssatsinga i Møre bispedøme no er konseptet «prest i utdanning», der personar som gjerne har hatt ei anna karriere før, og ikkje vil ta full teologiutdanning kan få tilpassa eit utdanningsløp som dei tek samstundes som dei jobbar som vikarprest. Kyrkja lønnar dei fullt, men gjev dei ein dag i veka til å studere.

Per no er det 11 personar i programmet, 7 kvinner og 4 menn. Fire av dei er ferdige til sommaren 2022.

– Dette er kjempemotiverte, ressurssterke personar, og me har merkt oss ein høg kvinnedel.

Soknepresten håpar «prest i utdanning» på sikt kan vera med på å auke delen kvinnelege prestar i bispedømet.

Frå rådmann til å bli prest

Ann Kristin Langeland er ein av kvinnene i «prest under utdanning»-programmet. Ho sa opp jobben som assisterande rådmann i Volda for å bli prest. Ho fortel at ho etter å ha vore lekgudstenesteleiar fekk vekt opp att prestedraumen.

I vår sa to unge, kvinnelege, teologistudentar Til Vårt Land at arbeidsmiljøundersøkinga hadde mykje å sei for kvar dei ynskte å jobbe. At nokon kanskje vel Møre på grunn av rapporten synest Langeland er trist og leit.

– Eg opplever Møre som eit utruleg godt bispedøme å jobbe i, med fine folk og kyrkjelydar.

ann kristin langeland prestevikar hellesylt

Ho ser ikkje vekk frå at folk tenkjer seg om ein ekstra gong med å søke seg hit, etter alle oppslaga i media, mellom anna etter saka med prestevikariatet til Mygland. Men ho håpar omdømmet til kyrkja ikkje har blitt for skadelidande. Sjølv opplever ho at arbeidsgjevaren tek kvinners arbeidskår på alvor, men er tydeleg på at slikt ikkje må skje igjen.

– Det skal ikkje mange slike episodar til før tilliten får seg ein liten knekk, meiner Langeland.





Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion