Religion

I haust kan norske kyrkjer få eit økonomisk problem

STRAUMPRISAR: Organistar kan miste øvingsstaden og stillingar kan måtte stå ledige dersom prisen på straum held seg på dagens høge nivå.

Tørt vêr har gitt låge vatnlager, og i Europa er prisane på straum høg. Det kan norske fellesråd kome til å kjenne på allereie strame budsjett.

– Det kan få dramatiske konsekvensar, seier KA-rådgivar Carsten Furuseth.

Han har mange år bak seg som kyrkjeverje i Tønsberg, og veit at dyr straum og varmelekkande kyrkjer er eit reelt problem i Den norske kyrkja (DNK).

Carsten Furuseth, rådgiver i KA

– Viss straumrekninga blir dobbelt så høg ein periode, kan det føre fellesråd ut i ein alvorleg sparesituasjon – på toppen av allereie tronge budsjett, seier Furuseth.

Flyttar gudstenester

I situasjonar som no må kyrkjearbeidarar ta grep for å spare straum og pengar.

– I verste fall må ein la vakante stillingar stå ledige, fortel Furuseth.

Det er kvart fellesråd som får den månadlege straumrekninga på bordet. Den tidlegare Tønsberg-kyrkjeverjen, som no jobbar i KA, har høyrt kollegars historier om kva dei har måtta gjere når det knip.

– Skal ein verkeleg spare, må ein halde aktiviteten i kyrkja så låg som mogleg. Enkelte flyttar gudstenester ut av kyrkjerommet, til lokale som er billigare å varme opp – eit menighetshus, ei arbeidskyrkje eller eit anna egna rom.

Bilder av Gyrid Gunnes tatt ved Tøyen Kirke, pluss bilder av kirka.

– Nokre organistar mistar også øvingsstaden sin, seier Furuseth.

Kanskje kan ein òg jobbe med haldningar: Kan vi tåle 19 grader framfor 21 grader i kyrkjerommet? spør den tidlegare kyrkjeverjen.

«In» å bli grønare

Også Normisjons-menigheten IMI-kirken merkar dei dei høge prisane – om enn ikkje like brutalt som dei trekkfulle gamle kyrkjene.

– Vi leiger ut studenthus og næringslokale, i tillegg til sjølve kyrkja vår. Når det er store svingningar i straumprisane, merkar vi det i heile konsernet, seier driftsleiar John Gundesen.

– Har det fått konsekvensar for dykk så langt?

– Nei, ikkje endå. Vi har fortsett med vanleg drift, men ser at vi brukar langt fleire midlar på straum, seier han.

Ungdommer fra hele Sør-Norge fylte IMI-kirken i helgen.

IMI har tatt grep i forkant, og innført sparande tiltak. Dei har system i bygga sine som styrer rørsler, ovnar og lys.

– Så er det jo «in» i dag å spare strøm, og bli litt grønare, held Gundersen fram.

– På kva måte har de merka desse tiltaka?

– Vi såg med ein gong at straumrekninga gjekk ned. Nokre investeringar merkar ein på tyngre på økonomien – men vi veit det vil løne seg over tid, seier driftsleiaren.

Slik kan det løysast

Hos Den norske kyrkja (DNK) i Tønsberg har dei vore redda av ein langsiktig innkjøpsavtale med kommunen om straum.

– Vi kjøpte straum i juli som vi brukte i januar. I vinter betalte vi aldri meir enn 43 øre per kilowattime for strømmen, i tillegg kommer nettleie og offentlige avgifter, seier tidlegare kyrkjeverje Furuseth.

Han råder andre fellesråd til å leite etter sparande løysingar – som varar. Ei av dei er å isolere på lofta som lekker varme.

Straumprisane kan bli vesentleg høgare

—  Toini Løvseth i Energi Norge til TV 2

– I staden for å måtte søke kommunen om ekstrabevillingar når straumen er dyr, kan det vere lurt å heller søke kommunen om støtte til system som styrer oppvarminga etter når kyrkja blir brukt.

Ifølge nye tal frå KA har 40 prosent av norske kyrkjer slike oppvarmingssytem no, såkalla SD-system. Det har gitt ei «betydeleg» effektivisering, ifølge KA.

Kan stige endå meir

Til TV 2 gir direktøren i Energi Norge ein noko lettande beskjed om straumsituasjonen: Det er forventa at prisen skal senke seg betydeleg frå dagens nivå. Toini Løvseth har likevel eit viktig «men»:

– Om det fortset med lite nedbør og vi får ein kald vinter, medan prisane for gass, kòl og Co2 held seg høge, kan prisane bli vesentleg høgare, seier ho til TV 2.

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Mer fra: Religion