Religion

Folk syntest prestane Karen Helene (26) og Rasmus (28) var «galne» då dei valde jobb

REKRUTTERING: Ikkje alle unge teologar følger straumen når dei skal ut i jobb. Møt ekteparet som tener bygda som sto fleire år utan fast prest.

Prestemangelen har vore eit faktum i årevis, og krisa har knapt betra seg i distrikta.

I Vik i Sogn hadde soknepreststillinga stått ledig i fleire år. Så kom prest Karen Helene Bøhn Melhus og preste-ektemannen Rasmus Bolstad Rustad til naturperla ved Sognefjorden.

– Folk syntest vi var litt galne, og tenkte «korleis skal dette gå». Vi skulle jo flytte til ei bygd kor vi knapt kjente nokon, og langt borte frå familiane våre, fortel Bøhn Melhus.

Karen Helene Bøhn Melhus og Rasmus Bolstad Rustad. Prester i Vik i Sogn

I motsetnad til fleire dei studerte med, som vil jobbe i sentrale område, har ekteparet busett seg på ein liten tettstad ramma inne av høge fjell og vegar som ofte blir stengde.

– Vi skjønar sjølv at det er galskap. Men det har brakt med seg veldig mykje godt å vere litt galne og å berre hoppe ut i det, seier den 26 år gamle soknepresten i Vik.

Fordel i fellesskap

I prostiet jobbar det fem prestar under 35 år. At «ingen» unge teologar vil bu på bygda er eit bilde ekteparet ikkje kjenner seg igjen i.

Prosti- og fengselsprest Rasmus Bolstad Rustad og sokneprest Karen Helene Bøhn Melhus var klare på at dei ville ut av Oslo då dei var ferdige med utdanninga.

– I soknet vårt i Oslo visste vi knapt kven presten var. Vi ville begge vere prestar med stor P, seier Bolstad Rustad.

Karen Helene Bøhn Melhus og Rasmus Bolstad Rustad. Prester i Vik i Sogn

Med det meiner han og ektefellen den typen prest som følger familiar gjennom ulike fasar av livet, er synlege på butikken og strikkekaféen, og som får eit nært forhold til bygda og folka i ho.

I bakgrunnen av videosamtalen høyrest babyskrik frå deira førstefødde, nesten fire månadar gamle Lilly Margrethe. Etter eit komplisert svangerskap har bygda stilt opp for den nye prestefamilien – med kattepass, hagestell og strikka klede.

– Vi treng ikkje det travle bylivet, og har veldig sosiale jobbar. Men vi ser at det er ein fordel å vere to. Det kan bli litt stille, seier Bøhn Melhus.

Her var det flest ledige prestestillingar ved årsskiftet:

Gjennomsiktig samfunn

Eit par fjordarmar bortanfor har også kollega Gunnar Eldevik (29) slått seg til ro, som sokneprest i Lærdal.

– Kvifor Lærdal?

– Det har eg lurt litt på sjølv og, seier Gunnar Eldevik og ler.

Karen Helene Bøhn Melhus og Rasmus Bolstad Rustad. Prester i Vik i Sogn

– Det har mykje å seie at eg hadde sommarvikariat i området, og lærte Sogn å kjenne då.

Valet hans «er dessverre ikkje meir romantisk» enn han hadde ein kamerat som var ungdomsprest i området, og blei spurt om å kome.

– Kva synest du om å jobbe i ei bygd?

– Det er små forhold, og tradisjonelt sett har presten vore ein synleg figur her. I Lærdal kjenner alle kvarandre.

– Som introvert er akkurat det litt både-og. Eg trivest ikkje så godt med stort fokus på meg. Men at ting er meir gjennomsiktige gjer at eg kanskje lettare har fått ei forståing av plassen og livet her, seier Eldevik.

Karen Helene Bøhn Melhus og Rasmus Bolstad Rustad. Prester i Vik i Sogn

Til glede og frustrasjon

– Eg kan kjenne på at eg saknar restaurantar av og til, seier Rasmus Bolstad Rustad og ler.

– Det er ikkje så lett å få tak i sushi i Vik, legg han til.

Sjølv om ekteparet er trygge på avgjerda dei har tatt, legg dei ikkje skjul på at bygdelivet og prestejobbane der også har utfordringar.

Karen Helene Bøhn Melhus og Rasmus Bolstad Rustad. Prester i Vik i Sogn

– Det er ei mangfaldig teneste, med frustrasjonar og gleder. Ein prest på bygda skal rekke over «alt», og vi har ikkje nødvendigvis dei same ressursane som forsamlingar i byen, seier Bøhn Melhus.

Sidan dei ikkje har trusopplærar, møter prestane alle frå nyfødde til gamle.

– Det er givande, sjølv om det kan vere litt slitsamt å prøve å gjere så mykje vi klarar, men med færre folk, seier soknepresten.

Dei har over ein times køyretur til prosten, og langt til større kollegafellesskap. Ekteparet erkjenner at å vere meir åleine i jobben er ei av utfordringane ved teneste på bygda.

Karen Helene Bøhn Melhus og Rasmus Bolstad Rustad. Prester i Vik i Sogn

– Eg trur mange nyutdanna tenker at det er deilig å byrje som kapellan og ikkje gå rett inn i eit så stort ansvar som sokneprest. Men kyrkja treng at nokon går rett inn i det. Eg trur mange vil sjå at det er meir overkommeleg enn det kanskje blir gitt inntrykk av. Kollegaene er jo berre ein telefon unna, seier Bøhn Melhus.

Slik landa dei

To faktorar har vore avgjerande for valet til preste-ekteparet. Den eine er prestegarden som sto ledig.

– Vi hadde nok ikkje flytta hit viss vi hadde måtta kjøpe eigen bustad. Det trur eg kan vere eit hinder for nokon, seier Bolstad Rustad.

Ektefellen skyt inn at dei heller ikkje kan undervurdere den gode kontakten med personar i bispedømmet, slik også Eldevik har erfart.

Etter at ho var sommarvikar i Bjørgvin første gong, blei ho raskt kontakta med interesse for å få ho tilbake. Undervegs i studiet heldt Bøhn Melhus kontakt med prostar og prestar, var tilbake to somrar til, og lokale tilsette ivra for å få ho og mannen til å velje Vik.

Karen Helene Bøhn Melhus og Rasmus Bolstad Rustad. Prester i Vik i Sogn

– Ta spranget og hopp i det

At bygda trong dei slik, blei eit slags ytre kall for dei begge.

– Eg vil absolutt seie at folk bør gi bygda ein sjanse, seier Bøhn Melhus.

– Ta spranget, og hopp i det. Ein treng ikkje tenke at ein må vere prest ein plass for alltid. Det er noko bra med å teste noko annleis enn det ein kjenner frå før, held ho fram.

Soknepresten peiker på nære relasjonar og flott natur som to av høgdepunkta ved å flytte vekk frå byen.

– Her må også bispedømmene vere aktive. Å rekruttere til sommarvikariat er ein god måte å få testa det.

Karen Helene Bøhn Melhus og Rasmus Bolstad Rustad. Prester i Vik i Sogn

Utfordringar å vakse på

At to relativt liberale prestar har valt det (tradisjonelt sett) konservative bispedømmet Bjørgvin har vore uproblematisk.

– At vi vier fråskilde og likekjønna har ikkje blitt møtt med noko motstand, seier Bøhn Melhus.

– Samtidig tenker eg at vi alle har godt av å bli kjent med det som utfordrer oss, og stereotypane me kjenner til.

Karen Helene Bøhn Melhus og Rasmus Bolstad Rustad. Prester i Vik i Sogn

Som tilflyttar tenker kollega Gunnar Eldevik iblant på kor lenge han blir i Lærdal.

– Men det tar eg med små steg om gongen. Her i Lærdal har mange vendt tilbake etter jobb og studiar utanfor, og det er veldig kjekt.

Om det får han til å bli, vil vise seg.

– Sjølv merkar eg nok ei litt ubevisst dragning mot heimtraktene i Bergen.

Tilflyttar-problematikken

«Kor lenge blir de?» er også eit spørsmål ekteparet får iblant. Bolstad Rustad ser at det ligg ei slags sårheit i det.

– Som innflyttarar forventar ikkje folk at vi blir så lenge. Vi bur begge mange timar frå familiane våre, men har tenkt å glede oss over tida vi er her, seier prostipresten.

Karen Helene Bøhn Melhus og Rasmus Bolstad Rustad. Prester i Vik i Sogn

Enn så lenge gler dei seg over innbyggarane sitt nære tilhøyre til folkekyrkja, og omsorgsfulle spørsmål på butikken.

– Eg trur du skal leite godt etter å finne ein sånn kyrkjelyd i byen, konkluderer Bøhn Melhus.



Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Mer fra: Religion