Religion

Kristen-Noreg blir leia frå bygda

ARBEIDSLIV: Då Silje Sjøtveit fekk ei toppleiarstilling i NMS, trudde folk i bygda at ho skulle flytte. Men ho blir verande i Austbygde, på same måte som andre leiarar i Kristen-Noreg styrer sine felt frå bygder og fjordarmar. Korona har gjort fleire arbeidsgjevarar meir fleksible.

Denne saken ble først publisert 12.juli 2021.

— Eg hugsar at eg sa til mannen min: «No skjer det. No byrjar dei å lyse ut interessante stillingar der ein kan sitje utanfor Oslo».

Silje Sjøtveit hadde akkurat lese ei sak i VG om at eit stort firma i Oslo lyste ut stillingar utan krav om arbeidsstad. Sjølv jobba ho som diakon i Den norske kyrkja i Tinn kommune, i Telemark.

Ikkje lenge etter såg ho utlysinga der Det Norske Misjonsselskap (NMS) søkte etter ein leiar for frivilligheitsavdelinga, og det var ikkje eit krav om at ein måtte jobbe frå hovudkontoret i Stavanger. Det passa Sjøtveit fint, som bur med mann og barn på eit småbruk ho har arva i Austbygde. Å flytte for ein jobb er enklare sagt enn gjort.

Silje Sjøtveit har fått jobb som avdelingsleiar for NMS frivillighet. Ho skal jobbe frå Austbygde i Tinn. Heimekontor med utsikt.

Jorde som må slåast

— Me har jorde som skal slåast, skog som skal drivast og bygningar som skal haldast ved like. Det er meiningsfullt å leva det livet og vareta den arven samstundes som ein kan ha ein slik type jobb. Før tenkte eg at eg måtte bu i Oslo for å kunne få slike stillingar, seier ho om den nye jobben som ho startar opp i august.

Der skal ho leie om lag 20 tilsette som sit spreidd rundt i landet, og jobbar inn mot kyrkjelydar, misjonsforeiningar og frivillige.

Vårt Land har ringt rundt til ei rekkje kristne arbeidsplassar. Fleire seier dei har leiarar som jobbar frå distriktet. Nokon seier det har skjedd fordi ein ser nye arbeidsmåtar etter erfaringane med heimekontor under koronapandemien, andre var allereie i gang med arbeidsforma før 2020.

Nyrenovert prestegard freista

Også rektor ved VID vitenskapelige høgskole Bård Mæland, har fått smaken på det rurale livet. Tidlegare i år byrja kona Leni Mæland i stillinga som sokneprest i Ullensvang kyrkje i Hardanger.

Men på spørsmål om når han sjølv flytta til bygda Lofthus dreg han på det.

— Eg blir litt forvirra, for den eine dagen vaknar eg og ser opp på Folgefonna, og dagen etter vaknar eg og ser opp mot Holmenkollen eller utover Hafrsfjord.

Bård Mæland, rektor ved VID har flytta til Lofthus.

Men jau, rektoren stadfestar at han har rigga seg til i Lofthus med heimekontor, og at det no er det som er basen, sjølv om han har hus i Stavanger, leilegheit i Oslo og mange hotelldøgn i mellom anna Bergen.

Me har aldri opplevd oss så einskaplege som organisasjon som under pandemien. Me har møte på kryss og tvers av byar og avdelingar, og det er ingen som spør deg om kvar du sit fysisk.

—  Bård Mæland, rektor på VID.

Og framover skal han bruke meir tid på den nyrenoverte prestegarden i Hardanger, i tillegg til pendling og farting mellom VID sine studiestadar i Sandnes, Stavanger, Bergen og Oslo.

— Eg gler meg til å lande meir i Lofthus. Det er ein svær hage og eit hus med historisk sus, så no gjeld det å fylle prestekonerolla godt, humrar Mæland.

Vil hjelpe tilsette med å finne balanse

Sjølv har han avklart med styreleiaren at han kan arbeide på denne måten, men dei jobbar også for tida på VID med korleis alle tilsette skal finne balansen mellom å fysisk vera på studiestadane og ha heimekontor.

Etter sommaren kjem det nye retningslinjer ved høgskulen, og rektoren ynskjer at dei skal ha rom for utforsking og ikkje vera for rigide. For han ser mange fordelar med å jobbe meir digitalt.

— Me har aldri opplevd oss så einskaplege som organisasjon som under pandemien. Me har møte på kryss og tvers av byar og avdelingar, og det er ingen som spør deg om kvar du sit fysisk. Fantastisk, utbryt Mæland.

Han trur fleire vil fylgje i hans fotspor, og at pandemien har gjort at fleire tenkjer på å kombinere å bu på bygda med å ha arbeidsplassen knytt til ein by.

— Eg trur med vil sjå eit lyft i moglegheitene for bygdene, seier rektoren, som likevel presiserer at han kjem til å vera synleg og mykje til stades på dei ulike studiestadane til VID også i framtida.

Har tilsett annleis etter korona

Også i Misjonsalliansen har pandemien fått dei til å sjå på fysisk arbeidsstad på ein annan måte.

— Før korona hadde me ingen med fast heimekontor. Nokon hadde ein dag her og der, men i koronatid har me tilsett folk med lokasjon utanfor Oslo. Me ser at folk kan fortsetje med å jobbe for oss og bu andre stadar enn i Oslo, også etter korona, seier stabssjef Birgitte Nyborg.

Birgitte Nyborg, stabssjef i Misjonsalliansen

Før pendla dei som budde andre stadar enn i hovudstaden i større grad, fortel ho.

— Tida med covid-19 har vist oss at det er mogeleg å samarbeide på ein heilt annan måte enn med gjorde før, seier stabssjefen.

Spisskompetanse i landsbyen

Ein av leiarane i Misjonsalliansen som jobbar frå heimekontor er Rune A. Øygard. Han er leiar for næringsutvikling i misjonsorganisasjonen, og bur på Randaberg. Å kalle nabokommunen til Stavanger for «bygda» er kanskje å ta litt i, men den sjølverklært landsbyen ligg i alle fall langt vekke frå hovudkontoret i tigerstaden.

Etter fem år som landdirektør for Misjonsalliansen i Liberia og Sierra Leone, var det fint å kunne reise tilbake til Randaberg med ei nyoppretta stilling for å satse på næringsutvikling.

— Her har me gamle relasjonar og eit stort nettverk, fortel Øygard.

Han kan absolutt anbefale andre å jobbe heimanfrå.

Stabssjef i Misjonsalliansen, Rune A. Øygard, på heimekontoret på Randaberg.

— Selskap som er ute etter spisskompetanse som finst hjå folk som ynskjer å sitje desentralisert bør tenke seg nøye om før dei avfeiar den moglegheita, meiner Øygard.

Han trur pandemien har lært oss andre arbeidsmønster som vil halde fram også i framtida, sjølv om han presiserer at ein aldri kan erstatte «face to face» med digitale verktøy.

Ikkje ynskjeleg at alle bur i Oslo

Tilbake i Telemark har Sjøtveit mange tankar om å skulle leie ei avdeling der dei tilsette sit spreidd utover det ganske land. Ho ser at aktørar no tilbyr kurs i fjernleiing, som kan tyde på at fleire er ute etter å heve kompetansen på leiingsforma som digitale verktøy og ein viss pandemi har aktualisert.

— Det blir veldig viktig å få til og samlast, og eg vil i tillegg reise ein del rundt, seier Sjøtveit.

Ho er glad for at det blir ei medarbeidarsamling alt i september, då ho trur det er enklare å fylgje opp folk digitalt enn å bli kjent digitalt.

— Det er absolutt utfordringar med å ikkje vera saman fysisk. Ein mistar samtalene rundt lunsjen eller i gangen, så då må ein prøve å få til uformelle digitale settingar. Men det går fint an å fylgje opp tilsette tett med digitale verktøy, meiner Sjøtveit, som også ser mange fordelar med å jobbe saman digitalt.

Ho trur det blir viktig for bygder som Austbygde at folk kan ta med seg jobbar hit.

— Det vil vera kjempeverdifullt for Distrikts-Noreg. Det er ikkje ynskjeleg at alle bur i Oslo, at skular blir lagt ned og bygder blir fråflytt.

Ektemannen hennar fekk nyleg også ny jobb med hovudkontor i Oslo, men arbeidsstad Austbygde. Så no er Tinn kommune to arbeidsplassar rikare.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion