– Det er ei ære å ta imot prisen, både saman med generalsekretæren for Kirkenes Verdensråd, men også med mine nær venn og kollega, Al-Issa, seier rabbinar Michael Melchior, nybakt prisvinnar og stiftar og leiar av Det religiøse fredsinitiativet.
I dag blei det klart at han, saman med Ioan Sauca, generalsekretær i Kirkenes Verdensråd, og den moderate islamske leiaren Mohammad Bin Abdulkarim Al-Issa blei årets vinnarar av Brobyggerprisen, som blir delt ut av 14. august-komiteen.
Komiteen blei danna i 2003 for å feire Pakistans nasjonaldag i Noreg. Komiteen jobbar også for å minske avstanden mellom norskpakistanarar og det norske samfunnet, mellom anna med å delta i samfunnsdebatten, opplyser dei på sine nettsider.
[ Tre religiøse ledere får årets brobyggerpris ]
Angelina Jolie, Malala og kong Harald
«Vi ønsker å sende et klart fredsbudskap om å jobbe tettere sammen for respekt, kjærlighet og toleranse for ulikhet som er forankret i de tre monoteistiske religionene», skriv juryen i si grunngjeving. Dei har lagt vekt på at alle tre viser i praksis kva menneskeverd og likeverd er, og at dei er rollemodellar som bygger bruer og forståing, skriv 14. august-komiteen.
– Det er ein ærverdig pris i kraft av dei som står bak den. Hjartet mitt brenn for innvandrarar og flyktningar, seier Melchior som for mange nordmenn kanskje er mest kjent frå då han i ei årrekke var rabbinar i Det mosaiske Trossamfunn i Oslo.
I dag bur han i Israel, og leier fleire råd og organisasjonar som arbeider for forsoning og religiøs fred mellom jødar og muslimar. I tillegg er han overrabbinar i Det Mosaiske Trossamfunnet.
Tidlegare år har mellom anna Kong Harald, Erna Solberg, Thorbjørn Jagland, Angelina Jolie, Oslo-biskop Ole Christian Kvarme, Malala Yousufzai og Sven Mollekleiv vunne Brobyggerprisen.
– Ei interessant gruppe menneske, seier Melchior litt lattermildt.
I fjor var det leiaren for Verdas helseorganisasjon, Tedros Adhanom Ghebreyesus, som fekk prisen, mellom anna for å ha leia det internasjonale samarbeidet mot koronaviruset.
– Det var veldig aktuelt i fjor. Det er ei god kjensle at det no er nokon som synest religiøs fred er naudsynt og aktuelt, meiner Melchior.
[ Michael Melchior om oppblussinga på Gaza: – Berre gjennom religiøs fred kan me løyse dette ]
Håpar dei ikkje angrar
Overrabbinaren kjenner ikkje så godt til den relativt nye generalsekretæren i Kirkenes Verdensråd, Sauca, men håpar at han vil bety mykje for fred og forsoningsarbeid.
– Kirkens verdensråd representerer kyrkjer over heile verda og har eit stort potensial til å hjelpe menneske.
Al-Issa derimot reknar han som ein nær venn og kollega.
– Han er eit lysande førebilete ikkje berre for den muslimske verda, men for heile verda. Eg har jobba tett med han i fleire år, og han jobbar for menneskeverd og mot antisemittisme og islamofobi, seier Melchior.
– Eg håpar at juryen ikkje vil angre på at dei gav oss prisen, men at me kan vise oss verdige, og at arbeidet vårt ber frukt, seier rabbinaren.
Han håpar å få til å koma på utdelinga som finn stad den 25. august på Radisson Blu Alna hotell i Oslo.