Religion

Fortel om ekskludering av homofile: – Skadene er ekstreme

TEOLOGISTRID: Skam, utanforskap og tap av gudstru er blant konsekvensane artist Knut Anders Sørum har erfart som homofil i fleire karismatiske miljø. No håpar han kyrkjelydar vil løfte standpunkta sine opp i lyset.

Det har gått cirka 15 år sidan artist og komponist Knut Anders Sørum tok farvel med det karismatiske Kristen-Norge – miljø han sidan tenåra hadde sett på som sine eigne. Men det var éin ting som hindra han frå å høyre ordentleg til: Han er homofil. Sørum var velkommen på papiret, men ikkje akseptert, opplevde han.

Den gong makta han ikkje å kjempe for tenestene og tilhøyret han drøymte om. Sørum sleit nok med seg sjølv, og å få forholdet til Gud til å gå opp. Då han på måndag delte historia si om å vere homofil i pinserørsla på nittitalet, var det ein slags måte å bøte på kampen han aldri tok.

– Eg tenker på dei som veks opp no, at dei skal få andre sjansar enn det eg fekk. At dei skal sleppe å oppleve det same som eg, det å bere på den tunge skammen. For det trur eg ikkje er Guds vilje, fortel Sørum.

Ved å fortelje om opplevingane sine ønsker han verken å såre nokon, eller spreie negativ «reklame» for pinserørsla, understreker han.

– Men om me skal lære noko av dette, så må historiene fram.

Vil ha eit tydeleg svar

«Det er så bra at denne debatten har kome», meiner den folkekjære Stjernekamp-vinnaren. Det er diskusjonen i etterkant av Terje Hegertuns nye bok Det trofaste samlivet han snakkar om. No håpar Sørum at haldningane, standpunkta og teologien om homofili i Pinse-Norge kjem fram i lyset, og han oppmodar rørslene til å ta eit klart standpunkt om kor dei står i homofilispørsmålet.

– Ein må spørje seg: Er det slik me vil vere? Dersom svaret er ja, så er det greitt, men då må ein òg vite konsekvensane av det. Viss ingen fortel om dei, kan ingen vite om dei heller.

Med konsekvensane siktar han til skammen, utanforskapet og mangelen på gudstru som han sjølv og andre har opplevd.

– Viss kyrkjelydane er villige til å leve med konsekvensane denne eksklusjonen ber med seg, i trua på at denne teologien er riktigare, viktigare og urokkeleg, så er det ok. Eg kan ikkje diktere kykjelydar eg ikkje lenger er medlem av. Men då er det framme i lyset, seier Sørum.

VIL BARE ELSKE: Da Stjernekamp-vinner Knut Anders Sørum var 30 år revnet forhenget i livet hans. Hvordan skulle han være kristen når han var homofil?

Har ført til massive skader

Å snakke varmt og hyggeleg om at «alle er velkomne» hjelper lite når homofile blir ekskluderte frå viktige deler av kyrkjelyden, meiner Sørum. Det har laga sår hos mange.

– Viss du vil bidra med lovsong, vere sundagsskulelærar, sitte i eldsterådet, gifte deg ... Du blir ekskludert frå delar av det kyrkjelege – dei tinga som gjer at ein kyrkjelyd er ein kyrkjelyd. Og i pinsekarismatiske miljø er jo deltakinga veldig viktig, seier 45-åringen, som no er aktiv i Den norske kyrkja.

– Når du er i ein kyrkjelyd der du veit at du aldri blir ein fullverdig medlem før du forandrar det mest uforanderlege ved deg sjølv, er det sjølvsagt at ein føler seg ekskludert. Når du ikkje opplever deg ønska, blir du heller ikkje interessert til slutt.

Eg trur skadene er mykje verre og større og styggare enn nokon tør å tenke på.

—  Knut Anders Sørum

– Kva skader trur du denne kjensla av eksklusjon har ført til, for deg og andre?

– Dei skadene trur eg er ekstreme, rett og slett. Eg trur dei er mykje verre og større og styggare enn nokon tør å tenke på. Eg har møtt så mange som bare ikkje orkar meir.

– Trur du det har ført nokon bort frå trua på Gud?

– Ja, absolutt – for mange. Det veit eg.

Terje Hegertun

Rett veg å gå

– Me må tole å bli utfordra av Hegertuns bok og Sørums innlegg. Me les det og me toler det, seier Pinsebevegelsens daglege leiar Ingunn E. Ulfsten.

I praksis kan denne utfordringa no skape større merksemd om mangfald, menneskeverd og inkludering i kyrkjelydane, fortel ho. Men verken Hegertun eller Sørum kan slå takta for desse diskusjonane. Og det må vere respekt for ulike syn frå alle partar, held pinseleiaren fram.

– Pinserørslas standpunkt rundt samliv er ope og framme i lyset. Så kan ein vere ueinig i det, og ønske å endre det. Eg støttar Sørum i at verken han eller andre bør diktere kyrkjelydar i desse spørsmåla, men heller belyse dette ved å dele eigne erfaringar, slik han gjer no. Det er ei konstruktiv tilnærming.

Ingunn Ulfsten, daglig leder i Pinsebevegelsen Norge.

Tema for pinseleiarane

«Det hadde bygd seg opp ein høg mur av skam. Ekstremt mykje skam. Den måtte eg jobbe med å rive ned, for å akseptere den eg er» fortel Knut Anders Sørum til Vårt Land. I nittitalets pinsemiljø handla ikkje diskusjonen om likekjønna kjærleik var greitt eller ikkje, oppfatta han. Homofili blei brukt som eksempel på det verste ein kunne tenke seg.

– Dei homofile var perverse, sjølvsagt, og følgte bare sine eigne lyster. Homofili var ekkelt og skittent, promiskuøst og vulgært, fortel han.

Sørum trur ikkje den jamne pinsevenn tenker slik no. Det trur heller ikkje Ingunn E. Ulfsten. Pinsebevegelsens daglege leiar trur homofile sine erfaringar er samansette i Pinse-Noreg dag. Dei møter både dei som opplever seg møtt og inkudert, og dei som deler Sørums historier.

Det er klart det smertar å høyre at nokon føler seg ekskludert frå kyrkjelyden, og mistar trua.

—  Ingunn E. Ulfsten, dagleg leiar i Pinsebevegelsen Norge

– Det er klart det smertar å høyre at nokon føler seg ekskludert frå kyrkjelyden, og mistar trua. Det er jo det motsette me ønsker – at menneske skal kjenne seg inkluderte i fellesskapet, og vakse i trua. Me må sjå på korleis me kan få til dette betre, seier den daglege leiaren i Pinsebevegelsen.

Ved neste leiarrådsmøte i Pinsebevegelsen blir Hegertuns bok, og spørsmåla ho løftar, ei av sakene dei skal ta opp.

– Så ser me derifrå korleis me handsamar dette vidare, fortel ho.

I Guds bilde

Vendepunktet til Knut Anders Sørum kom «altfor seint». Han hadde passert 30 då han forsto at det ikkje lenger gjekk an å sjå på seg sjølv på den måten han var blitt projisert. I åra sidan brotet har Sørum tenkt og tenkt, og snakka og snakka. No har han kome til ei slags forsoning, med kven han er, og med Gud.

– Å tru på ein Gud som har skapt deg i sitt bilde, og så er du så grunnleggande feil... Det er ikkje lett. At måten du er skapt på skal gi deg så mykje skam. Det å då akseptere at Gud er ein god Gud, det har vore utfordrande.

Før var Sørum lidenskapleg og skråsikker i trua. No har han slått seg til ro med å ikkje vere sikker på noko som helst.

– Men det eg veit, er at eg er skapt slik eg er.

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Per Åsmund Reymert

Per Åsmund Reymert

Per Åsmund Reymert er journalist i religionsavdelingen til Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion